Hopp til innhold

Kva skjer i Rhingullet på Oseana?

Skal du vere med på sommaroperaen søndag 30. juni? Her får du vite kva som skjer i Rhingullet – og bli betre kjend med guden Wotan og dei andre rollene i denne kompakte versjonen av Wagners opera.

Rhingullet (Das Rheingold) er starten på den gigantiske Ring-syklusen av Richard Wagner (1813-1883). Wagner skapte både musikken og teksten til Der Ring des Nibelungen, med inspirasjon frå norrøn og germansk mytologi. På årets sommarakademi Opera ved fjorden får du oppleve ein forkorta versjon av Rhingullet, med 14 unge songarar i aksjon på scenen, saman med Akademiorkesteret.

HANDLINGA:
Rhingullet opnar med eit forspel i orkesteret som skildrar den mektige elva Rhinen, frå det mørke djupet og opp til dei leikande bølgjene på overflata.

Scene 1

Nede i vatnet ser vi dei tre vakre Rhindøtrene, som vaktar ein magisk gullskatt. Svartalven Alberich dukkar opp og prøver å få napp hos dei tre, men blir avvist. Rhindøtrene røper at den som smir ein ring av gullet, vil bli allmektig, men må samtidig gi avkall på kjærleiken. Såra og bitter er ikkje Alberich i tvil: Han stel gullet!

Scene 2
Oppe på fjellet held gudane til. Der har ekteparet Wotan og Fricka ei krise, for snart kjem dei to kjempene Fasolt og Fafner for å hente løna si: Dei forlangar å få den yngre søstera til Fricka, ungdomsgudinna Freia, som takk for at dei har bygd ei borg for gudane. Brørne Froh og Donner prøver å forsvare Freia med vald, men blir stoppa av Wotan. Kjempene tar med seg Freia som pant.

Den slu halvguden Loke kjem med eit forslag for å løyse konflikten: Han fortel om Alberich, som har røva gullskatten frå Rhindøtrene. Kva med å bruke dette gullet som betaling til kjempene i staden for Freia? Loke og Wotan bestemmer seg for å reise til svartalvane i Nibelheim for å finne gullet.

Scene 3
Under jorda, i Nibelheim, kranglar dei to brørne og svartalvane Mime og Alberich: Mime har etter ordre frå Alberich smidd ein ring av gullet, og også laga ein magisk hjelm som kan forvandle den som ber han, til kva som helst. Men makta frå gullet har gjort Alberich til ein tyrann. (I neste del, som ikkje er med i versjonen på Oseana, klarer Wotan å røve med seg både ringen og resten av gullskatten, medan Alberich kastar ei forbanning over ringen, slik at død og ulukke vil følgje den som eig han.)

Scene 4

Oppe på fjellet har no gudane mista dei ungdommelege kreftene sine, fordi Freia framleis er fanga. Men kjempene Fasolt og Fafner seier at dei vil sleppe henne fri, om dei får så mykje gull at det dekkjer heile Freia. Det går nesten, berre ringen manglar for at ho skal bli heilt dekt. Men Wotan nektar å gi frå seg ringen.

Så stig sjølvaste urmora Erda opp frå jorda: Ho ber Wotan om å vike unna forbanninga frå ringen, elles spår ho at undergangen vil kome for gudane. Men Wotan bryr seg ikkje, og Erda forsvinn igjen.

Likevel, når Wotan høyrer dei fortvila ropa frå Freia, smeltar hjartet hans, og han gir frå seg ringen. Gudane får kreftene igjen, medan dei to kjempene jublar over gullskatten. Men idyllen varer ikkje lenge, for kjempene slåst om gullet, og det endar med at Fafner drep sin eigen bror Fasolt, og stikk av med skatten: Forbanninga frå ringen har kravd sitt første offer.

Ein vakker regnboge går som ei bru opp til borga som gudane no kan innvie – og Wotan gir borga namnet Valhall. Men nede i djupet av Rhinen klagar Rhindøtrene over gullet dei har mista.

ROLLENE I RHINGULLET PÅ SOMMARAKADEMIET 2024:

DEI TRE RHINDØTRENE
Woglinde: Julie Sofie Storemyr (sopran)
Wellgunde:
Sara Aasen (sopran)
Flosshilde:
Christina Jønsi (mezzosopran)

GUDAR OG GUDINNER
Wotan:
Kristoffer Töyrä (bass-baryton)
Wotan er guden over alle gudar, og er inspirert av den norrøne guden Odin
Fricka:
Cecilia Lund Tomter (mezzosopran)
Ekteskapsgudinna Fricka (Frigg) er kona til Wotan, og søster til Freia, Froh og Donner.
Freia: Melissa Baug (sopran)
Freia er den yngre søstera til Fricka, og gudinne for kjærleik og evig ungdom. Wagners Freia er ei blanding av kjærleiksgudinna Frøya og ungdomsgudinna Idun.
Loge: Robert Skovly (tenor)
Halvguden Loge er både slu og smart, og liknar på Loke i norrøn mytologi
Froh:
Jostein Fahre (tenor)
Froh (Frøy) er den milde broren til Freia, og gud for vår og fruktbarheit
Donner: NN (baryton)
Den temperamentsfulle Donner er også bror til Freia, og inspirert av den norrøne guden Tor
Erda: Frida Lund-Larsen (alt)
Erda er sjølvaste urmora, og gudinna for jord og visdom

SVARTALVAR (NIBELUNGAR)
Alberich:
Simon Thorbjørnsen (baryton)
Den maktsjuke Alberich liknar på Andvare i norrøn mytologi, og også på Gollum i Ringenes herre av Tolkien.
Mime:
Endre Dahl (tenor)
Mime er bror til Alberich, og ein dyktig smed

KJEMPENE
Fasolt
: Johann Alexander Dornwald (bass)
Fafner:
Viktor Shevchenko (bass)
Kjempene Fasolt og Fafner er brør, og gler seg til å få gudinna Freia som løn for at dei bygde borga Valhall for gudane. Men når Freia blir bytta med ein gullskatt, startar kranglinga, og den griske Fafner drep sin eigen bror.

Denne artikkelen er oppdatert 18. mai 2024
Tekst: Møyfrid Engeset, Bergen Nasjonale Opera

Siste nyheter

OVF23 Akademiorkesteret

«Verdensmestere» til Os

Sommerakademiet Opera ved fjorden har et stjernelag, som både studentene og publikum får nyte godt av.

Den glade enke Foto Monika Kolstad

Ledig stilling som inspisient

Vil du jobbe med oss? Bergen Nasjonale Opera søker etter inspisient i fast 100 % stilling fra høsten 2024. Søknadsfrist 3. juni.

Henning Larsen Grieg Hallen Grieghallen Round2 Copyrights by KVANT 1

Slik vil Griegkvartalet se ut

- Med vinnerprosjektet Kontrapunkt vil Griegkvartalet fremstå med en arkitektonisk utforming og funksjonalitet, som vil vitalisere Bergen og tilføre byen noe helt nytt, forteller juryleder Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Champagne Foto Magnus Skrede

Kultur - det som foreinar oss

I ei tid då polarisering er ei av dei største truslane i samfunnet, er eg 100% overtydd om at kunstens grenselause og foreinande kraft, er verdiar me ikkje har råd til å nedprioritera om me skal koma vidare med alle utfordringane i verda.

Flaggermusen Foto Magnus Skrede

6 på terningen fra BA!

Og 5 (av 5) stjerner fra Opera Now - les utdrag fra de flotte anmeldelsene av Flaggermusen her!