Hopp til innhold

Kva skjer i Rusalka?

Kva skjer når vassnymfa Rusalka forelskar seg i ein prins, og ber den farlege heksa Ježibaba om hjelp til å bli menneske? Her er handlinga i Dvořáks opera, med fem musikalske smakebitar.

AKT 1: I SKOGEN
Det er natt og vakkert måneskin. Skogsnymfene leikar seg muntert og ubekymra, og morar seg med å erte vassmannen Vodník.

Men dottera til Vodník, vassnymfa Rusalka, sit sørgmodig for seg sjølv. Faren får vite at ho er blitt forelska i ein prins som ofte kjem for å symje i vatnet i skogen. Om ho berre kunne forvandle seg til eit menneske og få ei sjel, slik at prinsen kan sjå henne og elske henne! Vodník foraktar alt som er menneskeleg og advarar Rusalka, men sidan den viljesterke dottera ikkje gir seg, ber han henne oppsøke heksa Ježibaba.

Når Vodník forsvinn ned i vatnet igjen, sit Rusalka åleine og syng den lengselsfulle "Song til månen", der ho ber dei sølvskimrande strålane om å skine på prinsen og fortelje at ho elskar han. Her med sopranen Asmik Grigorian på konsert:

Rusalka finn deretter Ježibaba og tryglar henne om å om å bli omskapt til menneske og dermed bli synleg. Heksa seier at Rusalka til gjengjeld må ofre stemma si. Og om Rusalka ikkje klarer å få prinsen til å elske seg, vil både Rusalka og han bli evig fortapte.

Sjå mezzosopranen Jamie Barton som den utspekulerte Ježibaba i eit opptak frå The Metropolitan Opera i New York i "Čury mury fuk" (Hokus pokus - teksta på engelsk) når ho miksar det farlege brygget som skal forvandle Rusalka til menneske, men samtidig vil gjere vassnymfa stum:

Når morgonen gryr, høyrer vi jakthorn langt borte, og ein Jeger syng den vakre, men illevarslande songen om å ikkje jakte på det vakre, kvite dådyret.

Prinsen kjem til syne, og ber dei andre i jaktlaget om å fare tilbake til slottet, fordi han kjenner seg så rar, og vil vere åleine. Då oppdagar han Rusalka for første gong. Rusalka er no blitt ei kvinne – men ho er stum.

Høyr tenoren Pavol Breslik i arien til den bråforelska prinsen, som han syng før Rusalka utan eit ord kastar seg i armane hans, og han tar henne med til slottet sitt:

AKT 2: PÅ SLOTTET
På slottet er det hektisk aktivitet. Kjøkkenjenta fortel Viltvaktaren at prinsen skal gifte seg med “ein rar skapning” som han har funne i skogen. Kjøkkenjenta kan også avsløre at den forelska prinsen allereie er i ferd med å miste interessa for brura si, og at han verkar meir interessert i ein av dei kvinnelege bryllaupsgjestene.

Prinsen strevar med å få kontakt med den stumme Rusalka, og synest ho er kald og vanskeleg å forstå seg på. Den framande fyrstinna kjem inn og flørtar med den lett påverkelege prinsen, og den ulukkelege Rusalka er handlingslamma.

Vodník dukkar opp på slottet og finn den fortvila dottera si.
Her er bassen Jongmin Park som Vodník ved Wiener Staatsoper i 2016:

Stakkars, bleke Rusalka.
Blendet av jordisk prakt!
Ingen i verden kan gi deg
det vannriket bugner av!

Rusalka fortel faren at ho angrar på at ho let seg forvandle, og at ho som er fødd i det kalde vatnet ikkje kan konkurrere med den varmblodige lidenskapen til menneska.

Prinsen er no fullstendig oppslukt av Den framande fyrstinna, og avviser dermed brutalt Rusalka. Men for fyrstinna har heile flørten berre vore for moro skuld. Vodník er rasande på den svikefulle prinsen, og tek med seg Rusalka bort frå slottet, og sver at prinsen aldri kjem til å greie å frigjere seg frå Rusalkas armar.

AKT 3: I SKOGEN
Rusalka er tilbake i den heimlege skogen, men er no fanga i eit tomrom: Ho er verken kvinne eller vassnymfe. Då dukkar Ježibaba opp, og seier ho kan hjelpe henne: Om Rusalka drep prinsen, vil blodet hans løyse Rusalka frå forbanninga, og ho kan vende tilbake til vatnet igjen. Men Rusalka nektar. Heller vil ho lide for alltid, enn å drepe prinsen ho elskar. 


Viltvaktaren og Kjøkkenjenta kjem frå slottet til Ježibaba og spør om hjelp til den kjærleikssjuke prinsen, og meiner at alt er Rusalkas skuld. Skogsnymfene svermar rundt i skogen og syng om kor vakre dei er i månelyset. Vodník stig opp av vatnet og minner dei om lagnaden til den stakkars dottera si, som no er utstøytt og forbanna av systrene sine i djupet fordi ho elska eit menneske.

Den angrande prinsen har leita i dagevis etter Rusalka og finn henne no i skogen. Han ber henne om eit kyss, sjølv om han får vite at dette kjem til å ta livet av han.

Kyss meg, gi meg fred.
Dine kyss vasker bort min synd.
Jeg dør lykkelig,
for jeg dør i dine armer!

Her er heile sluttduetten med Rusalka og prinsen (teksta på engelsk) frå Opera Ballet Vlaanderen i Belgia. Merk at dette er ein spesiell versjon, der solistane er dobla av kvar sin dansar:

Tekst og video-utval ved Møyfrid Engeset, Bergen Nasjonale Opera
Sitata frå librettoen er omsette til norsk av Kristin Sofie Kilsti

Rusalka har premiere i Grieghallen 18. mars 2023

Siste nyheter

Tmp f4ff7852 a148 4c35 851b 0985d0b5329f

Opera-pasjen på skuletur

Pasjen har med seg gull og perler når han er ute på førjulstur i lag med dei to operapedagogane Stian og Martina

WEB Eivind Finn Solveig

Ta et operatisk dypdykk med Finn, Solveig og Eivind!

Sopranen Solveig Kringlebotn har sunget den kvinnelige hovedrollen i De dødes by ved store operahus i Europa. Her deler hun sin erfaring i samtale med Finn Tokvam og Eivind Gullberg Jensen, hvor de også diskuterer operaens filmmusikalske likheter – og mye mer. Sett på kaffen!

Hedvig Haugerud og Eivind Gullberg Jensen

Møt Hedvig Haugerud - ung sopran og understudy

Hvordan er det å være understudy til den kvinnelige hovedrollen Marietta? Hør Hedvig Haugerud fortelle mer om "drømmerollen" i De dødes by og synge den vakreste av ariene i operaen, Mariettas Lied.

Die tote Stadt

Kva skjer i De dødes by?

Gjer deg klar til eit trekantdrama utanom det vanlege! Den forelska og forvirra Paul står midt mellom to kvinner som ser heilt identiske ut: Den eine er hans avdøde kone Marie, den andre er den livsglade dansaren Marietta.

Robin hood nhb

Frå Robin Hood til Jascha Heifetz

Som opptakt til norgespremieren på operaen De dødes by, kan du no bli litt betre kjend med musikken til Oscar-vinnaren Erich Wolfgang Korngold. Her er seks gylne eksempel, også frå Hollywood.