Hopp til innhold

Musikalske smaksprøver frå Candide

Er Candide ein operette? Ein musikal? Eller ein opera? Dei lærde blir nok aldri samde. Sikkert er det at verket er ein fullstappa godtepose med både søte, ramsalte og eksplosive overraskingar. Her er fire musikalske smaksprøver, som ei oppvarming til premieren i Grieghallen 31. oktober:

OUVERTUREN
Har du aldri høyrt om verket Candide av Leonard Bernstein, er det likevel godt muleg at du kjenner igjen Ouverturen, altså dei fem første minutta av verket, før koret opnar 1. akt. Ouverturen til Candide er nemleg eit populært opningsstykke når symfoniorkester rundt om i verda inviterer til konsert. Den sprudlande og energiske ouverturen, som startar med ein kort fanfare, gir musikalske hint om all moroa - og også om krigerske scener - som er i vente seinare i historia. I dei rolege partia kan vi også høyre glimt frå den romantiske duetten til dei to unge hovudpersonane, Candide og Cunegonde, som naivt drøymer om ei fantastisk framtid i lag.

På ein minnekonsert etter at Leonard Bernstein døydde i 1990, spelte New York Philharmonic – som Bernstein lenge var musikalsk leiar for – denne ouverturen utan dirigent, for å ære Bernstein. Dette er ein tradisjon orkesteret held på den dag i dag, no gjerne som ekstranummer på konsertane deira.

Her er Ouverturen til Candide, i eit liveopptak med Bergen Filharmoniske Orkester, med Eivind Gullberg Jensen som dirigent. I dei tre framsyningane våre er det ei landskvinne av Bernstein, Karen Kamensek, som skal leie orkesteret.

GLITTER AND BE GAY (1. akt)
I den forrykande koloraturarien Glitter and be gay har sopranen i rolla som Cunegonde verkeleg sjansen til å utfalde seg, både stemmemessig og som skodespelar. Cunegonde er havna i Paris, langt frå kjærasten Candide, og er eigentleg i ein forferdeleg situasjon som sexslave: Ho er tvinga til å vere elskerinna både til rikingen Don Issachar og til erkebiskopen av Notre Dame. Berre måndagane har ho fri, og trøystar seg med gledene som sprudlande champagne og glitrande smykke kan gi henne. Ein kan gjerne seie at dette er Bernsteins parallell til Monthy Pytons burleske song «Always look at the bright side of life».

I dette liveopptaket frå BBC Proms i London ser du Scarlett Strallen i aksjon i Glitter and be gay. I Grieghallen er det den sørafrikanske sopranen Vuvu Mpofu som kler rolla som Cunegonde:

I AM EASILY ASSIMILATED (1. akt)
Reisevenninna til Cunegonde er den hardbarka og langt meir erfarne Old Lady (Den gamle damen). Når Candide dukkar opp, rømer dei tre vidare til Cadiz i Spania, der Old Lady tipsar om kor enkelt alt kan bli berre ein tilpassar seg, samtidig som ho fortel livshistoria si i form av ein tango. Vi ser fram til å oppleve Randi Stene som vår Old Lady på premieren i Grieghallen!

I dette opptaket frå desember 1989 – altså berre eitt år før Leonard Bernstein døydde – ser vi den legendariske tyske mezzosopranen Christa Ludwig (f. 1928) som Old Lady, i urframføringa av konsertversjonen av Candide, der Bernstein sjølv dirigerer – medan han også svingar seg litt i tango-takt på podiet. Filmopptaket frå London er prega av tidens tann, men denne versjonen er også gitt ut på plate med dei same kjende solistane (m.a. June Andersen og Nicolai Gedda) og er blitt ein klassikar i musikkhistoria.

MAKE OUR GARDEN GROW (2. akt)
Etter alle dei dramatiske hendingane og sprø opptrinna blir historia i Candide avrunda i det grøne utanfor Venezia. Candide og Cunegonde har endeleg funne tilbake til kvarandre, og innser at den perfekte verda dei drøymde om ikkje finst: «You have been a fool and so have I», syng Candide, og saman med heile ensemblet legg dei vekk satiren og stemmer i med den harmoniske Make our garden grow, her frå Proms i Royal Albert Hall i 2015.

Gle deg til å oppleve alle solistane våre, forteljaren Kevin Whately, Bergen Filharmoniske Orkester, Edvard Grieg Kor og Bergen Filharmoniske Kor i Candide i Grieghallen 31. oktober, 2. og 3. november!

Tekst: Møyfrid Engeset
Bergen Nasjonale Opera (2018)

Siste nyheter

Albert Dohmen og Eivind Gullberg Jensen

Wagner-legenden ser fremtiden på Os

- Umiddelbart synes jeg dette var en strålende idé, forteller en av vår tids fremste Wagner-tolkere, sangeren Albert Dohmen. Han er en av lærerkreftene i dette årets Opera ved fjorden.

NHB 3 damer 1

Fantasifulle kostymer

Få en sniktitt på kostymene til Tryllefløyten og Rhingullet, som fremføres på Opera ved fjorden sommerakademi i juni!

Eivind Gullberg Jensen OVF24

Setter rekord med eventyrlig sommerakademi

- Eventyrene står i fokus når verk av to av de mest kjente operakomponistene skal fremføres under Opera ved fjordens to konserter, forteller operasjef Eivind Gullberg Jensen.

Annika Beinnes ariekonsert Opera ved fjorden

Wagner-opera og favorittarier

På den storslåtte avslutningen av årets sommerakademi Opera ved fjorden byr vi på sangernes favorittarier og ikke minst høydepunkt fra Wagners Rhingullet!