Hopp til innhold

Louise Engeseth

Sopranen Louise Engeseth er solist saman med Ludvig Lindström på Aldringsfestivalen "Generasjon" under Festspillene i Bergen 31. mai, og deretter held ho konsertar i Kinnakyrkja og på Svanøy Hovedgård i juni.

Louise Engeseth (f. desember 2000) frå Volda på Sunnmøre fullførte 4-årig Bachelor i utøvande klassisk song ved Griegakademiet i Bergen med Hilde Haraldsen Sveen våren 2023, og studerer no vidare til Master ved Musikkhøgskolen i Oslo med Ann-Helen Moen, der ho starta hausten 2023. I tillegg er ho ein av dei fem som vart vald ut til vere med i det nye mentorprogrammet Operaakademiet 2023/24 i regi av QSSR (Dronning Sonja-konkurransen), for unge songarar under 25 år.

Engeseth har lang erfaring som konsertsongar, og allereie i 2018 var ho solist i operaen Kimen av Magnar Åm, bygd på romanen Kimen av Tarjei Vesaas. Under Festspillene i Bergen i 2023 deltok ho i Meisterklassa med Lise Davidsen, og same sommar song ho rolla som Susanna i Figaros bryllaup av W. A. Mozart på operaakademiet i Saluzzo i Italia. I januar 2024 mottok ho Kappelborg Skagen talentpris, då ho deltok på nyttårskonsertane med det Jydske Underholdningsorkester på Kappelborg i Skagen.

Etter oppdraga for Festspillene i Bergen og Bergen Nasjonale Opera i mai og juni, skal ho vere solist på Kammermusikkfestivalen i Stavanger i august, saman med pianist og kunstnarleg leiar Christian Ihle Hadland i Bibelske sanger op. 99 av Dvořák.

I september er ho solist under Sunnmøre Kammermusikkfestival m.a. i Magnificat i D-dur av Mendelssohn, og i oktober har ho rolla som Barbarina i Figaros bryllaup av W. A. Mozart ved Opera Nordfjord. I desember i år (2024) er ho solist i Juleoratoriet av J.S. Bach både i Volda og i Ålesund.

Oppdatert juni 2024

Høyr Louise Engeseth i Giuliettas arie "Oh! quante volte" frå operaen I Capuleti e i Montecchi av Bellini (opptak frå 2024):

Medvirket på

Artister Kinn 2024 web
Spilleperiode: 08/06

Opera på Svanøy

Bergen Nasjonale Opera gjestar Kinn og Svanøy for første gong! Dei vestlandske talenta Louise Engeseth og Ian Marcus Bjørsvik held to ulike konsertar i juni saman med pianisten Ellena Armelius.

Les mer Overstått forestilling