Hopp til innhold

Opera på Svanøy

Opera på Svanøy

Spilleperiode

08. juni 2024

Spilletid

1 t

Bergen Nasjonale Opera gjestar Kinn og Svanøy for første gong! Dei vestlandske talenta Louise Engeseth og Ian Marcus Bjørsvik held to ulike konsertar i juni saman med pianisten Ellena Armelius.

Sopranen Louise Engeseth (f. 2000) frå Volda og tenoren Ian Marcus Bjørsvik (f. 2002) frå Askøy reiser saman med pianisten Ellena Armelius for å halde konsertar, først i Kinn kyrkje fredagskvelden 7. juni – og deretter på Svanøy Hovedgård laurdag 8. juni.

I den 900 år gamle Kinnakyrkja ytst i havgapet blir det eit vakkert og sakralt program av komponistar som mellom andre Bach, Haydn og Mozart.

På Svanøy Hovedgård laurdagskvelden er det fleire store operaariar i vente, pluss meir uhøgtidelege innslag, som operette av Franz Lehár og romantiske duettar. På begge konsertane framfører dei også tre ulike songar av Edvard Grieg.

Dei utvalde musikkinnslaga har – som Kinnakyrkja og Svanøy – djupe historiske røter, men blir gjort sprudlande og nye av trioen som kjem på sommarleg besøk.

Sopranen Louise Engeseth har ein bachelor i song frå Griegakademiet i Bergen, og studerer no til master ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Tenoren Ian Marcus Bjørsvik studerer no ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København, og frå hausten blir han student ved Operaakademiet i same by. Den britiske pianisten Ellena Armelius har budd i Bergen i fleire år, og har ofte konsertoppdrag både for Bergen Filharmoniske Orkester og Bergen Nasjonale Opera. (Sjå fyldige biografiar for alle tre utøvarane nedst på denne sida.)

Sjølve konsertprogrammet varer cirka 1 time. Eventuelle andre, lokale innslag kjem i tillegg.

KONSERTPROGRAMMET PÅ SVANØY HOVEDGÅRD LAURDAG 8. JUNI:

Vincenzo Bellini (1801–1835)
frå Romeo og Julie (I Capuleti e i Montecchi): Oh! quante volte
Rolle: Julie (Giulietta)

Jules Massenet (1842–1912)
frå Manon: En fermant les yeux
Rolle: Chevalier Des Grieux

Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791)
frå Tryllefløyten: Ach, ich fühl's
Rolle: Pamina

Giuseppe Verdi (1813–1901)
frå La traviata: Lunge da lei … De miei bollenti spiriti
Rolle: Alfredo

Franz Lehár (1870–1948)
frå Giuditta: Meine Lippen sie küssen so heiss
Rolle: Giuditta

Edvard Grieg (1843–1907)
En svane (tekst: Henrik Ibsen)
Ved Rondane (tekst: Aasmund Olavsson Vinje)
Fra Monte Pincio (tekst: Bjørnstjerne Bjørnson)

Franz Lehár
frå Den glade enke (Die lustige Witwe): Lippen schweigen
Roller: Hanna Glawari og Grev Danilo

Giuseppe Verdi
frå La traviata: Libiamo ne' lieti calici
Roller: Alfredo og Violetta

Samtlige spilledatoer


08/06 Lørdag 18.00
Svanøy Hovedgård Overstått forestilling
Overstått forestilling