Hopp til innhold

Opera på Kinn

Opera på Kinn

Spilleperiode

07. juni 2024

Spilletid

1 t

Bergen Nasjonale Opera gjestar Kinn og Svanøy for første gong! Dei vestlandske talenta Louise Engeseth og Ian Marcus Bjørsvik held to ulike konsertar i juni saman med pianisten Ellena Armelius.

Sopranen Louise Engeseth (f. 2000) frå Volda og tenoren Ian Marcus Bjørsvik (f. 2002) frå Askøy reiser saman med pianisten Ellena Armelius for å halde konsertar, først i Kinn kyrkje fredagskvelden 7. juni – og deretter på Svanøy Hovedgård laurdag 8. juni.

I den 900 år gamle Kinnakyrkja ytst i havgapet blir det eit vakkert og sakralt program av komponistar som mellom andre Bach, Haydn og Mozart.

På Svanøy Hovedgård laurdagskvelden er det fleire store operaariar i vente, pluss meir uhøgtidelege innslag, som operette av Franz Lehár og romantiske duettar. På begge konsertane framfører dei også tre ulike songar av Edvard Grieg.

Dei utvalde musikkinnslaga har – som Kinnakyrkja og Svanøy – djupe historiske røter, men blir gjort sprudlande og nye av trioen som kjem på sommarleg besøk.

Sopranen Louise Engeseth har ein bachelor i song frå Griegakademiet i Bergen, og studerer no til master ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Tenoren Ian Marcus Bjørsvik studerer no ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København, og frå hausten blir han student ved Operaakademiet i same by. Den britiske pianisten Ellena Armelius har budd i Bergen i fleire år, og har ofte konsertoppdrag både for Bergen Filharmoniske Orkester og Bergen Nasjonale Opera. (Sjå fyldige biografiar for alle tre utøvarane nedst på denne sida.)

Sjølve konsertprogrammet varer cirka 1 time. Eventuelle andre, lokale innslag kjem i tillegg.

KONSERTPROGRAMMET I KINN KYRKJE FREDAG 7. JUNI:

Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791)
Laudate dominum

Joseph Haydn (1732–1809)
frå Skapinga : Mit Würd' und Hoheit angetan
Nun beut die Flur das frische Grün

Georg Friedrich Händel (1685–1755)
frå Serse: Ombra mai fù

Giovanni Battista Pergolesi (1710–1736)
frå Stabat mater: Vidit suum dulcem natum

César Franck (1822–1890)
frå Messe à trois voix: Panis Angelicus

Edvard Grieg (1843–1907)
En svane (tekst: Henrik Ibsen)
Ved Rondane (tekst: Aasmund Olavsson Vinje)
Fra Monte Pincio (tekst: Bjørnstjerne Bjørnson)

Johann Sebastian Bach (1685–1750)
frå Messe i h-moll: Domine Deus

Samtlige spilledatoer


07/06 Fredag 18.00
Kinn kyrkje Overstått forestilling
Overstått forestilling