Hopp til innhold

Opera ved fjorden – Sommarkonsert 2021

Opera ved fjorden – Sommarkonsert 2021

Spilleperiode

21. august 2021

Sted

Oseana kunst- og kultursenter, Os

Spilletid

ca 2 timer

Billetter

100-200

Årets sommarakademi blir avslutta med ein operakonsert i Oseana som du ikkje bør gå glipp av. Kanskje er det morgondagens stjerner du får høyre for første gong?

Songarar og orkestermusikarar i alderen 18-30 år er veltrimma etter fleire dagar med intens jobbing, og er klare til å ta imot publikum. Møt alle dei nye talenta som ivrar etter å presentere seg sjølve i starten av karrieren!

Dei byr på utdrag frå fleire av dei mest kjende operaene, som m.a. Bizets Carmen og Rosenkavaleren av Richard Strauss. Sprudlande - og tårevåte - italienske ariar av Bellini, Rossini og Puccini er også i vente. Med lærarkrefter frå Wien blir det også naturleg å fordjupe seg i musikken til W. A. Mozart, med ein heil scene frå Figaros bryllaup, pluss høgdepunkt frå andre av hans glitrande verk.

Heile fire ulike dirigentar entrar også podiet: Den nye operasjefen sjølv, Eivind Gullberg Jensen, gir opptakten til konserten, før to dirigentstudentar overtar - følgd av Sascha Goetzel.

Sommarakademiet 16.-21. august 2021 rettar seg mot unge songarar og musikarar som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Deltakarane får arbeide med dyktige pedagogar, coachar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus og symfoniorkester.

For heile konsertprogrammet: Sjå nederst i denne artikkelen.

KUNSTNERISK LEIING
Eivind Gullberg Jensen, operasjef for Bergen Nasjonale Opera og dirigent
Sascha Goetzel, dirigent frå Wien

VOKALPEDAGOGAR
Solveig Kringlebotn, sopran og professor i song ved Operahøgskolen og Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo
Kristin Okerlund, pianist og vocal coach frå Wiener Staatsoper

DIRIGENTSTUDENTAR
Guro Haugli
Andreas Hansson

SONGARAR
sopran
Eldrid Gorset
Eirin Rognerud
Eva Langeland Gjerde
Violetta Peschanskaya

mezzosopran

Wilma Kvamme

baryton
Markus Bjørlykke
Filip Natanael Håkestad
Sakarias Fredriksen Tranvåg

bass-baryton
Filip Eshetu Steinland
Jørgen Magnus Haslum

AKADEMIORKESTERET
(i kursiv: instruktør/gruppeleiar)

fiolin 1
Anders K. Nilsson (Kungliga Hovkapellet, Kungliga Operaen i Stockholm)
Kelly Sohyoung Lee
Freja Julie Eskildsen
Lotte Hestad

fiolin 2
Madelene Berg (Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett)
Will Crock
Lea von Hofacker
Olga Larsson

bratsj
Aine Suzuki (Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett)
Audun Klaveness
Mitra Fagerli Rahman

cello
Audun Sandvik (Det Norske Kammerorkester)
Nora Dahl Nilsen

kontrabass
Patrick Wilder (Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett)
Anders Rove

obo
Steffen Blindheim (Malmö Symfoniorkester)

fløyte
Sigrid Birkeland Djønne

klarinett
Gracia Ortega Navarro

fagott
Paula Richter

horn
Rune Brodahl (Operaorkesteret, Den Norske Opera & Ballett)
Selma Louise Ringdal

trompet
Mari Røttereng

pauker og slagverk
Manuel Hofstätter (Bergen Filharmoniske Orkester)

piano
Kristin Okerlund


KONSERTPROGRAM

Eivind Gullberg Jensen (dirigent før pausen) 
Sascha  Goetzel (dirigent etter pausen) 

George Bizet
frå Carmen:

Prelude
Akademiorkesteret

Seguidilla
Wilma Kvamme (Carmen)

Kvintett
Violetta Peschanskaya (Frasquita)
Eirin Rognerud (Mercedes)
Wilma Kvamme (Carmen)
Markus Bjørlykke (Dancaïre)
Filip Natanael Håkestad (Remendado)


Sergej Rakhmaninov
frå 12 romansar, Op. 21, nr. 7:

Здесь хорошо (Zdes′ khorosho – Her har eg det fint)
Violetta Peschanskaya

Orkesterarrangement (1. gongs framføring):
Francis Griffin

Gioachino Rossini
frå Barberen i Sevilla:

La calunnia è un venticello (Arie)

Filip Eshetu Steinland (Don Basilio)

Largo al factotum
(Cavatina)
Filip Natanael Håkestad (Figaro)

Dirigent, Rossini-ariane: Guro Haugli

Vincenzo Bellini
frå I Capuleti e i Montecchi:

Oh! Quante volte

Eldrid Gorset (Guiletta)

Vincenzo Bellini
frå La Sonnambula:

Ah! Non giunge
Eirin Rognerud (Amina)

Dirigent, Bellini-ariane: Andreas Hansson

Giacomo Puccini
frå La bohème:

Donde lieta usci
Eva Langeland Gjerde (Mimì)

Giacomo Puccini
frå Tosca:

E lucevan le stelle

Markus Bjørlykke (Cavaradossi)

Richard Strauss
frå Rosenkavaleren – Der Rosenkavalier:

Innleiing
Akademiorkesteret

Tersett
Eva Langeland Gjerde (Marsjalinnen)
Eirin Rognerud (Sophie)
Wilma Kvamme (Octavian)

PAUSE 20 min.


W. A. Mozart
frå Don Giovanni:

Deh, vieni alla finestra
(Canzonetta)
Sakarias Fredriksen Tranvåg (Don Giovanni)

Là ci darem la mano (Duettino)
Eldrid Gorset (Zerlina) & Sakarias Fredriksen Tranvåg (Don Giovanni)


W. A. Mozart
frå Der Schauspieldirektor:

Ich bin die erste Sängerin (Tersett)
Eirin Rognerud (Madame Herz)
Violetta Peschanskaya (Mademoiselle Silberklang)
Markus Bjørlykke (Monsieur Vogelsang)

W. A. Mozart
frå Figaros bryllaup – Il nozze di Figaro

Bravo, signor padrone! Se vuol ballare (Cavatina)
Jørgen Magnus Haslum (Figaro)

Finalen frå 2. akt
Eldrid Gorset (Susanna)
Eva Langeland Gjerde (Grevinne Almaviva)
Wilma Kvamme (Marcellina)
Markus Bjørlykke (Basilio)
Jørgen Magnus Haslum (Figaro)
Filip Natanael Håkestad (Antonio)
Filip Eshetu Steinland (Bartolo)
Sakarias Fredriksen Tranvåg (Grev Almaviva)

Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation og Sparebankstiftelsen DNB.



Medvirkende


Samtlige spilledatoer


21/08 Lørdag 18.00
Oseana kunst- og kultursenter, Os Overstått forestilling
Overstått forestilling