Opera på Fedje 2019 (UTSOLGT)
Vår populære opera- og krabbefest på Fedje er nå utsolgt. Det er fortsatt mulig å melde seg på korsang med konsert.
Fedje har eit yrande musikkliv og fleire kor. Alle er inviterte til å bli med på ein felles korkonsert, dirigert av vår eminente kormeister Håkon Matti Skrede. Dessutan kan alle som vil melde seg på som korist, også dei som ikkje vanlegvis syng i kor, men som har lyst å bli med i “Fedje operakor” denne laurdagen i september. Det blir workshop på Fedje i forkant av konserten.
Også i år byr vi på kjende operaperler og krabbe- og rekebord på Fabrikk nr. 8. Artistar framfører flotte ariar medan du og venene dine nyt god mat og drikke. Dette er sosialt, hyggeleg og uformelt. Kom tett på kunstnarane som syng og spelar i korte intervall i løpet av kvelden.
Alvaro Zambrano held musikalsk latino-nachspiel i baren i etterkant av krabbefesten.
ARTISTAR KRABBEFEST
Beate Mordal / Sopran
Alvaro Zambrano / Tenor
Tor Erik Seime Pettersen / Piano
KORKONSERT
Feiekostane
Koral
Fedje Ungdomskor
... med fleire
PROGRAM
Kl. 14: Gratis korkonsert i kyrkja
Kl. 19: Krabbefest og opera
Påmelding til korkonserten om du vil synge. Workshops fredag 6.9. og laurdag 7.9. Send e-post i forkant til: matti@bno.no
Varigheit: ca. 45 minutt.
På kvelden blir det krabbe- og rekebord med innslag av vakre ariar undervegs. Drikke er ikkje inkludert.
Varigheit: ca. 3 timar.
PRIS
Konsert og krabbefest kr. 695,- (drikke kjem i tillegg)
Velkommen til Fedje, landsbyen i havet!
Med støtte frå Fedje kommune
På bildet: Tenor Alvaro Zambrano og sopran Beate Mordal, som underheld på krabbefesten i år.
TRANSPORT OG OVERNATTING PÅ FEDJE
Fedje er ei øy nord-vest for Bergen. Med bil tar det ca 1,5 time frå Bergen, og 25 minutt med ferje frå Sævrøy til Fedje. Om du har båt tilbyr FAB. NR 8 utleige av båtplass.
Det er fleire overnattingstilbod på Fedje, mellom anna utleige av leilegheiter på FAB. NR 8.
Medvirkende
Samtlige spilledatoer
Fab No. 8 Overstått forestilling Overstått forestilling