Kva skjer i Don Giovanni på Oseana?
Skal du vere med på torsdagskonserten 26. juni? Først kan du bli betre kjend med forføraren Don Giovanni og dei andre rollene i Mozarts både mørke og muntre opera.
På årets sommarakademi Opera ved fjorden 2025 får du oppleve ein spesiallaga versjon av Don Giovanni, med åtte unge songarar i aksjon, saman med Akademiorkesteret. Utdraget varer om lag ein time, og avrundar den første konserten torsdag 26. juni.
ROLLENE og SOLISTAR
Don Giovanni: Sakarias Fredriksen Tranvåg (baryton)
Adelsmann som er på ustoppeleg jakt etter nye erobringar. I følgje loggboka til tenaren har Don Giovanni forført 2065 kvinner når operaen startar.
Leporello: Akseli Mattila (baryton)
Tenaren til Don Giovanni, som stadig må halde vakt og vere buffer når herren hans er ute på tokt. Leporello er den første som syng i operaen, og seinare framfører han også den kjende "Katalogarien" der han røper for Donna Elvira kor mange kvinner Don Giovanni har på samvitet.
Donna Anna: Sofia Nesje Enger (sopran)
Adelskvinne. Dottera til Kommandanten. Operaen startar med at Don Giovanni prøver å forgripe seg på henne, og ho ropar om hjelp.
Il Commendatore / Kommandanten: Johannes Nikolai Aas (bass)
Far til Donna Anna. Når han forstår at Don Giovanni har prøvd å vanære dottera, utfordrar han Don Giovanni til duell, og blir drepen – men dukkar opp igjen som gjenferd i siste akt.
Don Ottavio: Magnus Løvlie (tenor)
Adelsmann, trulova med Donna Anna. Han sver hemn når han oppdagar at hans komande svigerfar er drepen av Don Giovanni.
Donna Elvira: Íris Björk Gunnarsdóttir (sopran)
Ei adelskvinne som har ei amorøs forhistorie med Don Giovanni. Ho trudde at han ville gifte seg med henne, men vart svikta. Dermed prøver ho no å advare dei andre om kor sleip og trulaus Don Giovanni er, men samtidig har ho framleis eit hemmeleg håp om å vinne han tilbake.
Zerlina: Alva Olsson (sopran)
Bondejente. Trulova med Masetto, men blir sjarmert av Don Giovanni på sjølvaste bryllaupsdagen. Så blir ho nummer 2066 på lista hans?
Masetto: Gustav Francis Stevens George (baryton)
Bondegut. Trulova med Zerlina, og må takle at skjørtejegeren Don Giovanni er i ferd med øydeleggje både festen og framtida for han og Zerlina.
OM OPERAEN
Operaen er bygd på legenda om kvinneforføraren Don Juan frå Sevilla. Librettoen til Don Giovanni vart skriven av den produktive Lorenzo da Ponte, og operaen vart urframført i Praha 29. oktober 1787, dirigert av Mozart sjølv.
Har du sett spelefilmen Amadeus hugsar du nok dei legendariske banke-tonane når gravstatuen av Kommandanten riv ned muren og står opp frå dei døde – og med myndig røyst kallar på Don Giovanni. Kommandanten blir myrda av Don Giovanni i 1. akt, men dukkar deretter opp som gjenferd i 2. akt, for å sende syndaren Don Giovanni rett til helvete. Spelefilmen viser også parallellane mellom Mozarts eigen avdøde far Leopold og den strenge Kommandanten.
Musikalsk smakebit
I dette klippet frå The Metropolitan Opera i New York kan du sjå scenen der gjenferdet av Kommandanten (her: bassen Alexander Tsymbalyuk) viser seg for Don Giovanni og tenaren hans Leporello. Og merk: Den svenske barytonen Peter Mattei – som her tolkar Don Giovanni – skal i år for første gong vere lærar på sommarakademiet vårt, saman med mellom andre Solveig Kringlebotn og den tyske Wagner-songaren Albert Dohmen.
Tekst og video-utval: Møyfrid Engeset / Bergen Nasjonale Opera 2025