Hopp til innhold

ETTERSØKT: Il Commendatore

Vil du spele rolla som gjenferd, og med myndig røyst skremme din eigen mordar? Vi søkjer no ein bass som kan fylle rolla som Il Commendatore i operaen Don Giovanni under sommarakademiet vårt i juni.
SØKNADSFRIST: 23. FEBRUAR / søknadsskjemaet er no stengt /

Ein av dei tre operaene årets akademistar skal jobbe med under Sommarakademiet Opera ved fjorden 21.-29. juni er Don Giovanni av Mozart. I det rundt timelange utdraget frå denne både humoristiske og dramatiske operaen, skal vi følgje dei siste dagane til den kyniske kvinneforføraren Don Giovanni.

Søkjer bass i aldersgruppa 18-35 år
Søknadsfristen for dei andre rollene gjekk ut i desember, men no søkjer Bergen Nasjonale Opera spesifikt etter ein bass i alderen 18-35 år som kan tolke rolla som Il Commendatore. I tillegg til å vere ein av solistane i Don Giovanni, får også songaren opptre med ein sjølvvald arie.

Legendariske scener
Kommandanten er faren til Donna Anna, og blir myrda av Don Giovanni i 1. akt, men dukkar deretter opp som gjenferd i 2. akt, for å sende syndaren Don Giovanni rett til helvete. Har du sett spelefilmen Amadeus hugsar du nok dei legendariske banke-tonane når gravstatuen av Il Commendatore riv ned muren og står opp frå dei døde – og med myndig røyst kallar på Don Giovanni. Filmen viser også parallellane mellom Mozarts eigen avdøde far Leopold og den strenge Kommandanten.

Peter Mattei gjestar akademiet for første gong
I dette klippet frå The Metropolitan Opera i New York kan du sjå scenen der gjenferdet av Il Commendatore (her: bassen Alexander Tsymbalyuk) viser seg for Don Giovanni og tenaren hans Leporello. Og merk: Den svenske barytonen Peter Mattei, som her tolkar Don Giovanni – skal i år for første gong vere lærar på sommarakademiet vårt, saman med mellom andre Solveig Kringlebotn og den tyske Wagner-songaren Albert Dohmen:

Søknadsfrist for rolla som Il Commendatore: 23. februar 2025 / søknadsskjemaet er no stengt /
Søknadsskjema finn du på den internasjonale søknadsportalen Muvac (lenke). Merk at søknadsfristen for dei andre songarane ved Sommarakademiet gjekk ut i desember. Søknadsfristen for alle orkesterinstrument (bortsett frå fløyte og klarinett) er 2. februar.

Her kan du finne all informasjon samla om Sommarakademiet Opera ved fjorden 2025 (lenke).

FOTOET: Bassen Clive Bayley som Kommandanten tilbake i 2015, då Bergen Nasjonale Opera sette opp operaen Don Giovanni i Grieghallen. (Fotograf: Magnus Skrede)

Siste nyheter

Operasesongen 2025 - 2026

Operasesongen 2025/26 er lansert!

Bergen Nasjonale Opera (BNO) lanserer i dag sin sesong for 2025/26 med en nobelprisvinner og en av operahistoriens mest populære operaer. I tillegg lanserer operaen et skreddersydd tilbud for de som går alene i operaen.

Publikum synger med på Nystemten

Alene - Sammen!

"Alene sammen" er for deg som kjøper enkeltbillett til operaen og samtidig ønsker å dele opplevelsen med andre.

Therese 3knututler

En Jeppe for vår tid

Forfatter Marit Eikemo og komponist Therese Ulvo har sammen med regissør Maren Bjørseth skapt den helt nye operaen Terminus. Vi tok en kjapp Q&A med skaperne. Urpremieren er på DNO&B i Oslo 15. mai og så kommer den "hjem" til Bergen 28. mai.

Jacob, Hedvig og Robert synger i Valkyrien av Wagner

Kva skjer i Valkyrien på Oseana?

Skal du vere publikum på sommaroperaen søndag 29. juni? Her får du vite kva som skjer i 1. akt av Valkyrien av Wagner – og bli betre kjend med Hunding og tvillingane Sieglinde og Siegmund.

Studenter collage Don Giovanni OVF 2025

Kva skjer i Don Giovanni på Oseana?

Er du klar for torsdagskonserten 26. juni? Først har du sjansen til å lese om forføraren Don Giovanni og dei andre rollene i Mozarts både mørke og muntre opera.