Hopp til innhold

Kunst og kultur i motgangstider

Arendalsuka: Kunst og kultur i motgangstider - styrka kulturliv som beredskap

Kulturliv som beredskap vert eit tema på Arendalsuka, der eg skal snakka med politikarar om dei store spørsmåla. Er kultur på deira liste, eller berre noko me syslar med i medgongstider?

Det er på tide å tona ned at kostnader innan beredskap og militær stønad til Ukraina er skuld i at me ikkje kan styrka kulturlivet i Noreg.

Lat oss fyrst einast om at kultur har stor eigenverdi, som bidrar til å gjera liva våre rikare, samt fylla tilveret med meining. Samstundes visar fleire døme at nettopp kunst og kultur spelar ei nøkkelrolle innan beredskap.

KRIG OG KULTUR I UKRAINA
Under middagen etter feiringa av 1000-årsjubileet til kristninga av Noreg, på Moster i mai i år, vart eg plassert ved ein polsk erkebiskop. Det gjorde sterkt inntrykk å høyra skildringane frå alle hans vitjingar i Ukraina under krigen - korleis han opplevde at kulturen vart nytta som eit verkty for å styrka moralen og samhaldet i folkesetnaden, og i blant, gje dei ei kjærkomen kjensle av at livet var som normalt... Det er kulturlivet som held dei saman, sa han - det er djupast sett grunnlaget for moralen i deira motstandsrøyrsle, kampvilje og evne til å halda ut.

KULTUR ER LIMET SOM HELD OSS SAMAN
Dette er ikkje ny kunnskap - allereie under 2. verdskrig prioriterte Finland kultur som ein del av sin nasjonale motstand og identitetsbyggjing. Kunstnarar, forfattarar og musikarar bidro til å oppretthalda ei kjensle av normalitet og gje folk von gjennom deira arbeid. Eit døme er korleis den finske nasjonaloperaen haldt fram med framsyningar, sjølv under bombinga av Helsingfors, noko som vart sett på som ei viktig handling for å oppretthalda motstandskrafta og moralen i samfunnet. Nasjonaloperaen sende til og med ut songarar og dansarar til å opptre bak frontlina - ikkje som propaganda, men som eit tiltak for å betra den mentale helsa i krevande tider.

I England vart det også satsa ekstra på kultur under 2. verdskrig, nettopp for å oppretthalda nasjonal moral. Regjeringa etablerte Council for the Encouragement of Music and the Arts (CEMA) i 1940 for å støtta kunstnarar og sikra at kulturelle aktivitetar kunne halda fram trass i krigen.

KVA STÅR PÅ SPEL?
I ei tid då dei store ambisjonane for kulturfeltet stadig har måtta vika - fyrst for ein pandemi, så for eit krigsutbrot, dernest inflasjon og oppheita økonomi, og no altså fordi ei skjerpa tryggingsstoda i verda fordrar kostbar rusting... Er ikkje denne rustinga eigentleg ein gylden sjanse for våre folkevalde til også å monaleg styrka kulturbudsjettet, og soleis halda eit førebels uinnfridd valløfte som kjem heile Noreg til gode? For kva skal me rusta opp for, om me gløymer den viktigaste delen av vår beredskap - vår samkjensle, moral og åndsfelleskap, sjølve limet i samfunnet vårt.

Indre beredskap er ikkje så lett å måla, heller ikkje mental helse - det gjer dei ikkje mindre viktig.

SAMTALAR PÅ ARENDALSUKA
Eivind Gullberg Jensen tok opp temaet "kunst og kultur i motgangstider" med politikarane Marte Mjøs Persen, Stian Jean Opedal Davies og Tage Pettersen på Arendalsuka. Her kan du høyre kva tankar dei gjer seg, no når stadig meir av statsbudsjettet går til beredskap, og kulturløftet enno ikkje har vorte innfridd:

STORTINGSREPRESENTANT FOR HORDALAND, MARTE MJØS PERSEN

- Når vi skal bruke mye penger på forsvar, skulle det bare mangle at vi ikke også bruker en liten del på kultur, fordi hva skal vi ellers forsvare. Marte Mjøs Persen

FYLKESVARAORDFØRER FOR VESTLAND, STIAN JEAN OPEDAL DAVIES

- Det er avgjørende å satse på kultur i den tiden vi lever i, sier fylkesvaraordfører Stian Jean Opedal Davies.

NYHET! NESTLEDER I KULTURKOMITEEN TAGE PETTERSEN LANSERER KULTURKANON

- Jeg har i programkomité-samarbeid jobbet for å etablere en kulturkanon, som Danmark har og Sverige holder på å innføre, hvor man identifiserer et sett med de aller viktigste kulturelle stedene og immaterielle verk, som det er viktig at vi som nasjon sørger for å ta vare på, hvis vi skulle komme i en krise eller en krigssituasjon.
Tage Pettersen, stortingsrepresentant for Østfold Høyre og første nestleder i Familie- og kulturkomiteen.

- Det har vore mange konstruktive samtalar, og mange er veldig samd med oss i det med ynskjer å oppnå – at kultur skal få ei høgare prioritering i samfunnet, også no under beredskap, oppsummerer operasjef Eivind Gullberg Jensen etter ein givande dag på Arendalsuka 2024.

Siste nyheter

Paradis skole Amahl

Til Paradis med sang

Like før jul skal familieoperaen Amahl og de tre vise menn settes opp i Grieghallen, og barneskolene i Bergen har fått melde seg på operakurs og generalprøve.

Tmp f4ff7852 a148 4c35 851b 0985d0b5329f

Opera-pasjen på skuletur

Pasjen har med seg gull og perler når han er ute på førjulstur i lag med dei to operapedagogane Stian og Martina

WEB Eivind Finn Solveig

Ta et operatisk dypdykk med Finn, Solveig og Eivind!

Sopranen Solveig Kringlebotn har sunget den kvinnelige hovedrollen i De dødes by ved store operahus i Europa. Her deler hun sin erfaring i samtale med Finn Tokvam og Eivind Gullberg Jensen, hvor de også diskuterer operaens filmmusikalske likheter – og mye mer. Sett på kaffen!

Hedvig Haugerud og Eivind Gullberg Jensen

Møt Hedvig Haugerud - ung sopran og understudy

Hvordan er det å være understudy til den kvinnelige hovedrollen Marietta? Hør Hedvig Haugerud fortelle mer om "drømmerollen" i De dødes by og synge den vakreste av ariene i operaen, Mariettas Lied.

Die tote Stadt

Kva skjer i De dødes by?

Gjer deg klar til eit trekantdrama utanom det vanlege! Den forelska og forvirra Paul står midt mellom to kvinner som ser heilt identiske ut: Den eine er hans avdøde kone Marie, den andre er den livsglade dansaren Marietta.