Hopp til innhold

Kultur - det som foreinar oss

I ei tid då polarisering er ein av dei største truslane i samfunnet, er eg 100% overtydd om at kunstens grenselause og foreinande kraft, er verdiar me ikkje har råd til å nedprioritera om me skal koma vidare med alle utfordringane i verda.

På fredag hadde Bergens Tidende via leiaren sin, over to sider, til Bergen Nasjonale Opera sin premiere på "Flaggermusen" - det er ikkje kvardagskost for ein kulturinstitusjon. Bakteppet for teksten til BT, forfatta av Jens Kihl, var at BNO hadde invitert Erna Solberg til å vera overraskingsgjest på festen i andre akt (handling i Bergen), då "Nystemten" skulle (av)syngast. "Plotpointet" til Adam Price var at denne gjesten skulle vera ein kjent og kjær bergensar, som også vart presentert som Herr Ulriken sin ekskjærast. Erna var gjest på premieren, dei påfylgjande tre framsyningane var det tre av Bergens mest kjente og kjære songarar/skodespelarar som vitja oss – tusen takk til alle fire.

Me er samd med BT i at det vart eit svært vellukka stunt å ha Erna med på premieren - men me er verken samd i at det var servilt, eller at det var ein tapt sjanse. Det er rett at Strauss i Flaggermusen nytta musikalsk og scenisk humor for å utfordra samfunnet sine normer og visa korleis både adelen og borgarskapet kunne vera både hyklerske og sjølvsentrerte. Men så mykje skarpare og meir satirisk enn vår versjon, var faktisk ikkje originalen - det var jo trass alt nettopp overklassen som sat i salen og lo av seg sjølve.

Mozart og da Ponte gjekk derimot mykje lenger i Figaros Brudlaup, der dei skildra korleis adelen nytta si makt til å undertrykka og manipulera dei lågare samfunnsklassane. Historisk vågal balansekunst, all den tid det var dei som vart hengt ut i operaen som betala for heile gildet. Felles for alle desse operasatirane, er det at det er den subtile kunsten å antyda som ligg til grunn – ingen vert namngjeven og hengt ut.

Det var sjølvsagt heller aldri vår intensjon ved å invitera Erna opp på scena, på eit tidspunkt i operetten då det var det sjølvhøgtidelege bergenske som stod i fokus. Underteikna registrerer at den oppgåva derimot vert teken seriøst av BT og alle andre norske mediehus, som dei siste åra i aukande grad har drive med omfattande eksponering av enkeltpersonar, gjerne med økonomi som tema. Men me tek med oss at me gjerne kan vera endå skarpare ein annan gong. Kunst og kultur skal jo representera eit naudsynleg og fristilt ytringsrom, ein slags korreks til samfunnet det er ein del av – noko som er med på å gje kunsten både relevans og legitimitet.

Men ikkje minst er det me held på med, på alle scener i heile landet, livsviktig folkehelse. Det å kunna samlast til felles opplevingar, i eit rom med innhald som aldri vil kunna erstattast av kunstig intelligens, vert berre viktigare i tida me har framom oss. Mitt mantra til politikarane eg snakkar med – og eg snakkar like mykje og gjerne med alle parti, frå venstre til høgre – er at kunst og kulturfeltet er alfa omega ift å foreina, byggja bru, bevisstgjera identitet, men også å skapa toleranse. Eg har stått på scener saman med solistar frå både Palestina, Israel, Ukraina og Russland. I ei tid då polarisering er ein av dei største truslane i samfunnet, er eg 100% overtydd om at kunstens grenselause og foreinande kraft, er verdiar me ikkje har råd til å nedprioritera om me skal koma vidare med alle utfordringane i verda.

Kanskje var det litt av den foreinande krafta Erna opplevde på premieren vår, då me alle var samla for å feira og le av vår eigen patriotisme og kultur, heva over kvardagens og politikkens intrigar? Det verka på alle i salen som at det var ho vel unt. Kulturen har som kjent inga politisk farge, og i beste fall kan dette vera eit (tverr)politisk døme (og signal) som kjem kulturen til gode i årets og komande budsjettforhandlinger. Foreining og folkehelse er så viktig, at kulturlivet ikkje kan avskrivast som overskotssyssel, eller vurderast som inflasjonsdrivande – me lever berre ein gong, ikkje sant?

Operasjef Eivind Gullberg Jensen
Publisert 17. mars 2024

Siste nyheter

WEB Eivind Finn Solveig

Ta et operatisk dypdykk med Finn, Solveig og Eivind!

Sopranen Solveig Kringlebotn har sunget den kvinnelige hovedrollen i De dødes by ved store operahus i Europa. Her deler hun sin erfaring i samtale med Finn Tokvam og Eivind Gullberg Jensen, hvor de også diskuterer operaens filmmusikalske likheter – og mye mer. Sett på kaffen!

Hedvig Haugerud og Eivind Gullberg Jensen

Møt Hedvig Haugerud - ung sopran og understudy

Hvordan er det å være understudy til den kvinnelige hovedrollen Marietta? Hør Hedvig Haugerud fortelle mer om "drømmerollen" i De dødes by og synge den vakreste av ariene i operaen, Mariettas Lied.

Die tote Stadt

Kva skjer i De dødes by?

Gjer deg klar til eit trekantdrama utanom det vanlege! Den forelska og forvirra Paul står midt mellom to kvinner som ser heilt identiske ut: Den eine er hans avdøde kone Marie, den andre er den livsglade dansaren Marietta.

Robin hood nhb

Frå Robin Hood til Jascha Heifetz

Som opptakt til norgespremieren på operaen De dødes by, kan du no bli litt betre kjend med musikken til Oscar-vinnaren Erich Wolfgang Korngold. Her er seks gylne eksempel, også frå Hollywood.