Hopp til innhold

Fiolinist frå verdskjend orkester til Sommarakademiet!

1. fiolinisten Maxim Brilinsky frå Wiener Philharmoniker, eitt av verdas beste symfoniorkester, har takka ja til å kome til Opera ved fjorden sumarakademi for å vere konsertmeister i juni 2023!

– Eg gler meg veldig til Opera ved fjorden, der dei store musikalske meisterverka kan klinge i usedvanleg vakre omgjevnader. Det blir ei heilt spesiell oppleving, seier Brilinsky om rolla som konsertmeister på sumarakademiet.

I spissen for verdas kanskje beste orkester
Brilinsky er fødd i Lviv i Ukraina, og flytta seinare til Wien og Paris for å studere. Sidan 2014 har han vore gruppeleiar for 1. fiolin i Wiener Philharmoniker, som vert rekna som eit av verdas aller beste orkester. Du såg kanskje Brilinsky i aksjon på NRK i nyttårskonserten frå Wien, som sidan 1965 har blitt direktesendt på TV over heile verda.

I sommar kan 25 unge orkestermusikarar gle seg til å lære frå og spele i lag med ein av dei beste fiolinistane i Europa, som også har gitt ut fleire solo-CDar.

Sterke lærerkrefter
Brilinsky blir del av eit allereie svært sterkt lag av pedagogar, coachar, orkestermusikarar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus eller symfoniorkester i Norden og Austerrike:

Kunstnerisk leiing:

Eivind Gullberg Jensen, operasjef for Bergen Nasjonale Opera og sjefdirigent for Noord Nederlands Orkest 

Sascha Goetzel, kunstnerisk leiar for Orchestre National des Pays de la Loire og National Youth Orchestra of Canada, og første gjestedirigent for Sofia Filharmoniske Orkester

Vokalpedagogar:
Solveig Kringlebotn, sopran og professor i song ved Operahøgskolen og Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo
Kristin Okerlund, pianist og vocal coach frå Wiener Staatsoper
Hans-Otto Ehrström, pianist og vocal coach frå Finlands nasjonalopera i Helsinki

Regissør:
Ivar Tindberg, regissør, tekstforfattar, dramaturg og komponist

Orkesterpedagogar/Gruppeleiarar:
1. fiolin: Maxim Brilinsky, gruppeleiar 1. fiolin, Wiener Philharmoniker
2. fiolin: Miriam Bergset, fiolinist i Ensemble Allegria, og elles frilans musikar
Bratsj: James Opie, alt. gruppeleiar bratsj, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Cello: Kati Raitinen, solocellist, Kungliga Hovkapellet (Operan) i Stockholm
Kontrabass: Patrick Wilder, alt. solokontrabassist i Operaorkesteret, DNO&B
Treblås:
Karl-Heinz Schütz, solofløytist Wiener Philharmoniker
Steffen Blindheim, solo engelsk horn og oboist i Malmö SymfoniOrkester
Messing: Rune Brodahl, solohornist i Operaorkesteret, DNO&B

Les meir om akademiet her

Les meir om Maxim Brilinsky her

Søknadsfrist er 29. januar2023

Siste nyheter

Storm

En stormende tragedie

I Katja Kabanova rives vi med fra første stund. Tekst og musikk er pakket sammen som om det gjaldt livet - og det gjør det. Janáček viser oss opera på sitt beste når han bretter ut sin musikalske rikdom over et heftig drama om ung kjærlighet.

Katja Kabanova

Kva skjer i Katja Kabanova?

Katja drøymer om å vere fri som fuglen. Men ho er fanga i eit ulukkeleg ekteskap, og med ei brutal svigermor som kontrollerer både henne og ektemannen. Så kva gjer ho når den sjarmerande Boris dukkar opp? Her er handlinga i Janáčeks opera, som har premiere hausten 2023.

Stillbilde Leif Ove Andsnes og Eivind 10

Dilla på Dvořák

Har du eit favorittstykke av Dvořák? Eller kjenner du ingenting av han, meiner du? Bli med til Tsjekkia og USA – og på måneferd med Neil Armstrong – i dette utvalet med seks av hans klassiske hits utanom Rusalka.

Leif Ove Andsnes og Eivind Gullberg Jensen

- Melodiene er fantastiske

- Dvořák har det samme talentet som de store operakomponistene Mozart og Verdi, sier pianist Leif Ove Andsnes. Her hører du han spille utdrag fra Rusalka.

Leif Ove Andsnes og Eivind Gullberg Jensen

"Det er trylleri!" - Leif Ove Andsnes

Bli med hjem til Leif Ove Andsnes og et dypdykk i musikken til Rusalka, med musikalske smakebiter fra både operaen og andre kjente mesterverk underveis!