Hopp til innhold

Kva skjer i Katja Kabanova?

Katja drøymer om å vere fri som fuglen. Men ho er fanga i eit ulukkeleg ekteskap, og med ei brutal svigermor som kontrollerer både henne og ektemannen. Så kva gjer ho når den sjarmerande Boris dukkar opp?

Her er handlinga i Leoš Janáčeks opera, som har premiere i Grieghallen hausten 2023.
Historia er bygd på Aleksander N. Ostrovskijs drama Stormen frå 1859.

AKT 1: EIN FUGL I BUR
Vi er i ein liten by ved elva Volga, der ingen bør utfordre tradisjonen og moralen. Den foreldrelause unge mannen Boris blir hersa med og tyrannisert av onkelen Dikoj, som også styrer over arven hans. I huset til familien Kabanova kjenner den ein gong livsglade Katja seg fanga mellom ektemannen Tichon og mora hans Kabanicha, som kontrollerer alt og alle.

Når Tichon må ut på forretningsreise, blir Katja uroleg, og redd for sin eigen lengsel og lidenskap. Medan den sjalu svigermora Kabanicha formanar henne om truskap og allslags huslege plikter, seier Katja til Tichon at ho fryktar at ho ikkje klarer å motstå freistingar medan han er borte.

AKT 2: ELSKAREN
Når Tichon har reist, tenkjer Katja på sjarmøren Boris, som ho har fått vite er svært begeistra for henne. Fostersøstera til Tichon, den unge Varvara, røper for Katja at ho sjølv har ein elskar, Kudrjas, som ho skal møte same kveld. Varvara er frimodig, og har klart å skaffe seg nøkkelen til den låste hagen bak huset, utan at Kabanicha veit om det. Varvara fortel at dette er den perfekte staden for eit stemnemøte, også for Katja – og Boris.

Seinare same kveld møtest Katja og Boris i hagen, og sjølv om samvitet riv og slit i Katja, kastar ho alle hemningar, og begge seier at dei elskar kvarandre – "til verdas ende".

AKT 3: STORMEN
Ti dagar etter kjem Tichon kjem tilbake frå forretningsreisa, samtidig som ein forrykande storm byggjer seg opp i den vesle byen. Katja er også i opprør, og klarer ikkje å la vere å rope ut til alle, også til svigermor Kabanicha, at ho har vore utru med Boris. Når Tichon får vite dette, legg han ut på leiting etter Katja.

Katja møter elskaren Boris igjen, men han fortel henne at han må reise bort, etter ordre frå onkelen Dikoj. Først ber Katja han om å få bli med, men så ombestemmer ho seg, og Boris seier farvel. Den djupt fortvila Katja går no ned til elva, samtidig som ektemannen Tichon kjem springande. Og bak han står den dystre og mektige Kabanicha. Kva skal Katja gjere no? 
 


Korleis operaen sluttar i Grieghallen hausten 2023 er enno ope – og vi ventar spent på tolkinga til den tsjekkiske regissøren Barbora Horáková.

Siste nyheter

Storm

En stormende tragedie

I Katja Kabanova rives vi med fra første stund. Tekst og musikk er pakket sammen som om det gjaldt livet - og det gjør det. Janáček viser oss opera på sitt beste når han bretter ut sin musikalske rikdom over et heftig drama om ung kjærlighet.

Stillbilde Leif Ove Andsnes og Eivind 10

Dilla på Dvořák

Har du eit favorittstykke av Dvořák? Eller kjenner du ingenting av han, meiner du? Bli med til Tsjekkia og USA – og på måneferd med Neil Armstrong – i dette utvalet med seks av hans klassiske hits utanom Rusalka.

Leif Ove Andsnes og Eivind Gullberg Jensen

- Melodiene er fantastiske

- Dvořák har det samme talentet som de store operakomponistene Mozart og Verdi, sier pianist Leif Ove Andsnes. Her hører du han spille utdrag fra Rusalka.

Leif Ove Andsnes og Eivind Gullberg Jensen

"Det er trylleri!" - Leif Ove Andsnes

Bli med hjem til Leif Ove Andsnes og et dypdykk i musikken til Rusalka, med musikalske smakebiter fra både operaen og andre kjente mesterverk underveis!

La Fura dels Baus

Fra OL i Barcelona til Rusalka i Bergen

La Fura dels Baus har over 40 års erfaring fra produksjoner som inkluderer åpningsseremonien til OL i Barcelona (bildet), majestetiske operaer og store konserter.