Hopp til innhold

Korguten som vart operakomponist

Som 11-åring må Leoš forlate familien for å bli korgut. Og som godt moden mann møter han si mykje yngre «muse», som inspirerer han til å skrive Katja Kabanova.

Bli med på ei vandring i Janáčeks liv! Vi har valt ut nokre markante datoar og årstal. Og som passande tonefølgje til denne livslinja kan du gjerne lytte til orkestersuiten (arrangert av Jaroslav Smolka) frå operaen Katja Kabanova:

3. juli 1854
Leoš Janáček blir fødd i Hukvaldy, nordaust i Mähren (Morava), som i dag er ein del av Tsjekkia. Han er det tiande barnet til ekteparet Amalie og Jiří, men berre seks av søskena hans lever då han kjem til verda. Dagen etter fødselen blir han døypt Leo Eugen Janáček.

1865
Lærarfaren Jiří har skrantande helse og dårleg økonomi, så ved hjelp av eit stipend for musikalske barn frå fattige familiar, bestemmer han at Leoš skal bli korgut. Som 11-åring må han dermed flytte heimafrå for å bli elev ved Augustiner-klosteret St. Thomas i Brno, og barndommen tar brått slutt:

Mor forlet meg med tungt hjarte (...).
Eg hadde tårer i auga, ho også.
Åleine. Underlege folk, uvennlege,
ein merkeleg skule, ei hard seng, endå hardare brød.
Ingen kjærteikn. Verda mi måtte eg byggje opp sjølv.

1866
Faren Jiří døyr.

1872
Er ferdig utdanna lærer, og underviser i tsjekkisk, historie og geografi på barneskulen.

1874-1875
Blir student ved orgelskulen i Praha. Tar eksamen i song, klaver, orgel og fiolinspel.
Her møter han truleg også Antonín Dvořák for første gong, som seinare blir både ein nær ven og mentor for han.

1876
Han blir kormeister for Det filharmoniske selskaps kor (Beseda) i Brno. Med dette koret framfører Janáček fleire store og klassiske verk, m.a. Beethovens Missa solemnis og W. A. Mozarts Rekviem.

1879–1880
Studerer musikk i Leipzig og seinere også litt i Wien. Han komponerer sitt opus 1 i 1880: “Zdenka-variasjonane” (Tema con variazioni) for piano, til ære for eleven Zdenka Schulzová, som starta hos han som 12-åring.

13. juli 1881
Giftar seg med pianoeleven Zdenka like før ho fyller 16 år. Dette viser seg raskt å bli eit krevjande og stormfullt ekteskap, men som likevel formelt sett varer livet ut. (Sjå også året 1917, då Janáček møter Kamila.)

I 1881 blir han rektor ved den nyopna organistskulen i Brno, der han arbeider heilt til 1919.

15. august 1882
Deira første barn, dottera Olga, blir fødd.

1884
Mora Amalie døyr.

1887
Komponerer sin første opera Šárka (men som ikkje blir urframført før i 1925 i Brno). Som fleire av hans komande operaer har også denne eit kvinnenavn som tittel. No er stilen prega av moravisk og slovakisk folkemusikk.

Frå 1888
startar han aktivt med å studere og samle inn folkemusikk frå Mähren.

16. mai 1888
Sonen Vladimír blir fødd, men han døyr berre knapt to og eit halvt år gammal av skarlagensfeber i november 1890.

1894
Startar på operaen Jenůfa, bygd på eit skodespel av Gabriela Preissová. Dette er ein av dei første operaene som vart skrive i prosa-form (og ikkje på vers), og fortel ei rystande historie om den unge kvinna Jenůfa som blir svikta av både kjærasten og stemora si – slik at spebarnet hennar døyr.

Frå 1897
byrjar han for alvor å interessere seg for talemelodiar, og skriv ned i noteform korleis folk snakkar, også for å bruke det i eigen musikk.

Mars 1902
Både Janáček og dottera Olga er begeistra for russisk kultur og språk. Dei reiser i lag til St. Petersburg for å besøkje broren hans František, som arbeider som lærar der. Ein måned seinare blir Olga sjuk av tyfus.

26. februar 1903
Dottera Olga døyr, 21 år gammal. No har ekteparet mista begge borna sine. Han klarer å fullføre Jenůfa, etter nærare ni års arbeid, men når Nasjonalteatret i Praha nektar å urframføre operaen, går Janáček inn i ei djup, personleg krise.

21. januar 1904
Urpremiere og varm mottaking for operaen Jenůfa ved Nasjonalteatret i Brno. Han dediserer verket til dottera Olgas minne.

1907
Han startar på operaen Anna Karenina, bygd på Tolstojs roman, men blir aldri ferdig.

26. mai 1916
Jenůfa har endeleg premiere ved Nasjonalteatret i Praha (og i 1918 også i Wien). Premieren i Praha blir eit vendepunkt i karrieren hans, også økonomisk, og han blir meir og meir anerkjend og kjend som komponist internasjonalt.

Juli 1917
Som 63-åring møter han 25-åringen og tobarnsmora Kamila Stösslova for første gong, i kurbyen Luhačovice. Ho er altså 38 år yngre enn han – og begge er gifte på kvar sin kant. Kamila skal ikkje ha vore særleg interessert i musikken hans, men ho blir hans “muse” og inspirasjonskjelde for resten av Janáčeks liv. Han skriv over 700 brev til henne.

1918
Den første verdskrigen er over, og keisarriket Austerrike-Ungarn går i oppløysing.
Mähren blir ein del av den sjølvstendige republikken Tsjekkoslovakia.

5. desember 1919
I Brno ser han Puccinis opera Madama Butterfly for første gong, og skildrar den begeistra som “ein av dei vakraste og mest sørgelege operaer som finst".

5. januar 1920
Janáček startar på Katja Kabanova, og skriv nokre dagar seinare i eit brev til Kamila:

Eg er i gang med ein ny opera. Hovudpersonen er ei kjenslevar kvinne. Ein tanke er nok til å setje henne ut. Ein mild bris kan føre henne av garde – så tenk berre korleis ho vil takle ein storm som kjem over henne!

April 1921
Blir ferdig med Katja Kabanova, hans sjette opera.

23. november 1921
Urpremiere på Katja Kabanova ved Nasjonalteatret i Brno. Han tileignar seinare operaen til Kamila Stösslova.

6. november 1924
Urpremiere på operaen Den listige lille reven, også den ved Nasjonalteatret in Brno. Nok ein gong er tittelrolla (ei livleg revetispe) inspirert av Kamila.

1927
Går i gang med sin aller siste opera: De dødes hus, etter Dostojevskijs roman.
Denne operaen startar og sluttar i b-moll, tonearten med “dei mørke overtonane”, på same måte som Katja Kabanova.

5. august 1928
Han ordnar eit tillegg i testamentet sitt, der han seier at Kamila Stösslova skal få royalty-inntektene frå operaen Katja Kabanova, og fleire andre verk, mellom anna den nyskrivne Strykekvartett nr. 2, med tilnamnet “Intime brev” (Listy důvěrné).

12. august 1928
Etter ei utflukt i heimtraktene med Kamila og den yngste sonen hennes, får Janáček lungebetennelse, og døyr 12. august på eit sanatorium i Ostrava, 74 år gammal.

15. august 1928
Gravferdsprosesjonen startar ved teatret i Brno, der dei fleste av operaene hans hadde hatt urpremiere. Etterpå spelar orkesteret utdrag frå Dvořáks Rekviem – og også siste del av operaen Den listige lille reven:

Og likevel er eg lukkeleg, når strålane frå kveldssola kjem til syne.
Så vakker skogen er!
Når nymfene vender tilbake til sommarbustadene sine,
spring dei rundt i florlette kjolar, overvelda av våren og kjærleiken!
Dei vil helse kvarandre velkomne, medan gledestårene renn!
Nok ein gong vil dei spreie honningsøte doggdropar
inn i blømande symrer og erteblomar.
Og menneska vil gå forbi og bøye hovuda,
omkransa av den himmelske gleden.

Frå Skogvaktarens siste song, fritt omsett frå Janáčeks eigen libretto.
Her er bassbarytonen Gerald Finley som Skogvaktaren, saman med Berlin filharmoniske orkester:

Denne livslinja for Leoš Janáček (1854 - 1928) er sett saman av Møyfrid Engeset / Bergen Nasjonale Opera (2023). Oversikta er ikkje meint å vere fullstendig, men er laga for å gi eit kort innblikk i Janáčeks liv, både som komponist og privatperson – med vekt på operaene hans.

KJELDER (eit utval):
Janáček, Leoš: Janáček: Leaves from his life. Kahn & Averill (1982)
Tyrrell, John: Janáček. Years of a life. Volume 1 og Volume 2. Faber (2006/2007)
Intimate letters: Leoš Janáček to Kamila Stösslová. Princeton (1994)

Nettsida www.leosjanacek.eu/en

Siste nyheter

OVF23 Akademiorkesteret

«Verdensmestere» til Os

Sommerakademiet Opera ved fjorden har et stjernelag, som både studentene og publikum får nyte godt av.

Den glade enke Foto Monika Kolstad

Ledig stilling som inspisient

Vil du jobbe med oss? Bergen Nasjonale Opera søker etter inspisient i fast 100 % stilling fra høsten 2024. Søknadsfrist 3. juni.

Henning Larsen Grieg Hallen Grieghallen Round2 Copyrights by KVANT 1

Slik vil Griegkvartalet se ut

- Med vinnerprosjektet Kontrapunkt vil Griegkvartalet fremstå med en arkitektonisk utforming og funksjonalitet, som vil vitalisere Bergen og tilføre byen noe helt nytt, forteller juryleder Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Champagne Foto Magnus Skrede

Kultur - det som foreinar oss

I ei tid då polarisering er ei av dei største truslane i samfunnet, er eg 100% overtydd om at kunstens grenselause og foreinande kraft, er verdiar me ikkje har råd til å nedprioritera om me skal koma vidare med alle utfordringane i verda.