Hopp til innhold

Dilla på Dvořák

Har du eit favorittstykke av Dvořák? Eller kjenner du ingenting av han, meiner du? Bli med til Tsjekkia og USA – og på måneferd med Neil Armstrong – i dette utvalet med seks av hans klassiske hits utanom Rusalka.

Vi har funne fram til nokre fine musikkvideoar (og eitt lydspor) som kronologisk følgjer samtalen mellom Leif Ove Andsnes og Eivind Gullberg Jensen, men denne gong utan operaen Rusalka. Dvořák var ein produktiv komponist som skapte fleire hundre andre verk, og her kjem seks av dei – fulle av smektande melodiar og rytmisk snert.

BARNDOMSMINNE: SLAVISK DANS NR 2
Pianist Leif Ove Andsnes og dirigent og operasjef Eivind Gullberg Jensen er frå den same generasjonen musikarar, og begge er vårgutar fødde i april 1970, berre med ei knapp vekes mellomrom. Og i starten på samtalen fekk vi vite at Dvořák dukka opp allereie i barndommen deira, takka vere foreldra:

- Mitt aller første møte [med Dvořáks musikk] må ha vore at foreldra mine, som begge spelte piano då eg var liten, av og til sat og spelte firhendig,  spesielt då vi la oss om kvelden. Og eg hugsar spesielt den der [Slavisk dans nr 2 i e-moll, Allegretto grazioso, frå opus 72]. Det er jo ein sånn melodi som berre set seg – å sovne til den musikken hadde noko trygt og fint med seg. (Leif Ove Andsnes)

    Gullberg Jensen fortel at faren hans abonnerte på LP-plater, dei fleste med det karakteristiske gule kvalitetsmerket som betydde Deutsche Grammophon. Og slik oppdaga han m.a. Dei slaviske dansane «som eg syntest var heilt fantastiske». Her er dirigentlegenden Herbert von Karajan i høghalsa genser med Berlin-filharmonien i eit lydopptak frå 1960, i orkesterversjonen av Slavisk dans nr 2:

    MÅNEFERD MED DVOŘÁK: SYMFONI NR 9
    Då austronauten Neil Armstrong skulle ta med favorittmusikken sin ut i verdsrommet i Apollon 11-ekspedisjonen mot månen i 1969, valde han m.a. Dvořáks 9. symfoni. Så seier i alle fall soga. Og det vil ikkje vere så rart, sidan denne symfonien til liks med Beethovens 5. symfoni er ein av gigantane i musikkhistoria, og kanskje også fordi klangane vart komponerte i Armstrongs eige heimland?

    Symfonien har tilnamnet «Frå Den nye verda», fordi Dvořák skapte verket i 1893 då han budde og arbeidde i USA som dirigent og lærar i ein treårs-periode. Der fekk han også høyre såkalla indianske melodiar og afro-amerikanske spirituals, og meinte at det var nettopp desse framtidas musikk i USA burde byggjast på.

    Nokre peikar også på at dei meir melankolske delene av symfonien er teikn på ein sår heimlengsel til Tsjekkia og «Den gamle verda» (Europa). Her er heile symfonien i eit ganske ferskt opptak med Concertgebouw-orkesteret i Amsterdam og den unge, finske dirigenten Klaus Mäkelä, som også er sjefdirigent for Oslo-filharmonien.

    Ekstra lyttetips: Frå 13:05 startar Largo-satsen med den nydelege og kjende soloen for engelsk horn.

    DANSEN FURIANT: FRÅ "POETISKE TONEBILDER"
    Leif Ove Andsnes gav i haust ut klaversyklusen Poetiske tonebilder (Poetické Nálady) opus 85 på CD, noko han no også er blitt nominert til Spellemannprisen for. Og det var faren hans som tok med akkurat denne knapt timelange musikken heim for mange år sidan, på ein LP kjøpt i London. Seinare vart pianisten Jiří Hlinka frå Praha læraren til Andsnes i studietida i Bergen, og Hlinka var opptatt av den eldfulle dansen Furiant, som har ein spesiell og skiftande rytme:

    – Det er ikkje slik at ein tenkjer med ein gong at dette er skikkelig folkemusikk, fordi det er på ein måte veldig universelt, men så ligg folkloren under, og det er kanskje det med Dvořák at han brukar elementa i folkloren heile tida, men det blir ganske universelt likevel. (Andsnes)

      DVOŘÁKS EIGE INSTRUMENT: FIOLINKONSERTEN
      Eivind Gullberg Jensen er også utdanna fiolinist, og nemner i samtalen Fiolinkonserten til Dvořák som vart hans Tysklands-debut som dirigent i 2003, då med den tyske fiolinisten Christian Tetzlaff som solist i Frankfurt. Dvořák sjølv spelte både fiolin og bratsj (i tillegg til orgel og piano), og var som ung mann ein periode i Det nasjonale operaorkesteret i Praha, før han vann ein komponistkonkurranse med blant andre Johannes Brahms i juryen, og kunne satse for fullt på den nye yrkesvegen.

      Her er det fiolinisten Hilary Hahn som kastar seg ut i den siste og gnistrande satsen saman med Frankfurt Radioorkester, der ein også kan høyre den stilige rytmen i dansen Furiant igjen:

      MAGISKE KLANGAR: PIANOKVINTETTEN OPUS 85
      – Eg har spelt ganske mykje hans store og kjende pianokvintett opus 85 i A-dur. Og eg tenkjer ofte: kva er det som gjer denne musikken så fascinerande? Og det eg har kome fram til er korleis han set saman dei fem instrumenta: strykekvartetten og klaveret. Det er nokre magiske klangar og han får alltid rytmane til å leve og vere så flytande og fleksible – det er noko magi der! (Andsnes)

        Sjå og høyr heile pianokvintetten i eit unikt opptak frå ein festivalkonsert i Utrecht med fiolinisten Janine Jansen i spissen for strykarane. Pianisten er Lars Vogt (1970 – 2022). 2. satsen er ein Dumka, ein ukrainsk, vemodig song i balladestil som Dvořák brukte fleire gonger i ulike verk.

        CELLOKONSERTEN OPUS 104
        Som eit bonusspor til slutt får du – sjølv om verket ikkje vart nemnt i samtalen – ein av dei store cellokonsertane i musikkhistoria, som Dvořák fullførte medan han enno budde i USA, og som vart den siste solokonserten hans. I opusnummer-rekkja nærmar vi også oss no sakte med sikkert opus 114, som er operaen Rusalka.

        Her er eit nostalgisk opptak med den då 23-årige britiske cellisten Jacqueline du Pré, som få år seinare måtte avbryte solokarrieren fordi ho fekk sjukdommen multippel sklerose. Konserten er frå Royal Albert Hall i London i september 1968, og vart halden som støtte for det tsjekkiske folket, berre nokre dagar etter den sovjetiske invasjonen.

        PS: Og har du sans for utanom-musikalsk action: Då du Pré skal setje i gang med siste sats (frå 29:01) slitnar den lysaste strengen på celloen, og BBC-kommentatoren må tørrprate, medan du Prés ferske ektemann – og dirigent – Daniel Barenboim ventar meir eller mindre tolmodig før ein ny streng kjem på plass.

        Johannes Brahms skal ha sagt om verket då han såg Dvořáks rykande ferske partitur for første gong i 1895:

        Kvifor visste eg ikkje, at ein kan skrive ein cellokonsert på denne måten?
        Hadde eg visst det, hadde eg skrive ein slik for lenge sidan!

        Siste nyheter

        Den glade enke Foto Monika Kolstad

        Ledig stilling som inspisient

        Vil du jobbe med oss? Bergen Nasjonale Opera søker etter inspisient i fast 100 % stilling fra høsten 2024. Søknadsfrist 3. juni.

        Henning Larsen Grieg Hallen Grieghallen Round2 Copyrights by KVANT 1

        Slik vil Griegkvartalet se ut

        - Med vinnerprosjektet Kontrapunkt vil Griegkvartalet fremstå med en arkitektonisk utforming og funksjonalitet, som vil vitalisere Bergen og tilføre byen noe helt nytt, forteller juryleder Anne-Grete Strøm-Erichsen.

        Champagne Foto Magnus Skrede

        Kultur - det som foreinar oss

        I ei tid då polarisering er ei av dei største truslane i samfunnet, er eg 100% overtydd om at kunstens grenselause og foreinande kraft, er verdiar me ikkje har råd til å nedprioritera om me skal koma vidare med alle utfordringane i verda.

        Flaggermusen Foto Magnus Skrede

        6 på terningen fra BA!

        Og 5 (av 5) stjerner fra Opera Now - les utdrag fra de flotte anmeldelsene av Flaggermusen her!

        Ivi Karnezi Foto Magnus Skrede

        Konkurrent til Nystemten?

        Har byen fått ein konkurrent til sjølvaste Nystemten? Her er heile teksten til songen "Bergen, å Bergen!", som er ein av godbitane på maskeballet i Flaggermusen.