Hopp til innhold

Starten av operaløftet?

Starten av operaløftet?

Bergen Nasjonale Opera fekk i dag ei varig auke i driftstilskot på 1,5MNOK frå Kulturdepartementet.

Sjølv om dette ikkje er nok til å gjera oss heilt berekraftige i høve til dei utfordringane og ambisjonane me står framfor, er me særs glade for at me no kom oss opp eit nytt trappetrinn – det gjev von om eit nytt steg i neste års budsjett.

Det er ekstra gledeleg at også regionsoperane, blant anna i Stavanger og Trondheim, har fått auka tilskot. Det visar at initiativet om å samarbeida om opera i både trepartssamarbeidet og det interregionale operasamarbeidet gjev resonans hjå politikarane.

I fyrste del av 2000-talet hadde me "teaterløftet" - er det lov å håpa på at me no ser starten av "operaløftet"?

Helsing

Eivind Gullberg Jensen

Operasjef

Siste nyheter

La traviata Melissa og Kristina rehearsal 1500x1000 180226 2

Debuterer i solistrolle

Den unge sopranen Melissa Baug kommer fra Radøy via København til sin solistdebut hos Bergen Nasjonale Opera.