Hopp til innhold

Kven er kven i Tryllefløyten?

Bli kjend med dei ulike personane i Tryllefløyten, før du ser operaen i Grieghallen i november (2022).


Mari Eriksmoen / Pamina

Pamina (Mari Eriksmoen)
er den modige dottera til Nattens dronning. Ho må finne sin eigen veg til visdom og vaksenlivet, og går gjennom mange prøvelsar. Når ho får høyre om den framande prinsen Tamino, blir hun sporenstreks sjarmert. Klarer dei to å møte kvarandre til slutt? Og følgjer Pamina ordren frå mora om å drepe ypparstepresten Sarastro?

Då Tryllefløyten vart urframførd i 1791, var det 17-åringen Anna Gottlieb, eleven til Mozart, som song rolla som Pamina.

Linard Vrielink / Pamino

Tamino (Linard Vrielink)
er ein ung prins som kjem frå eit framandt land, og som blir veldig forelska i Pamina med det same han ser eit bilete av henne. Saman med fuglefangaren Papageno legg han ut på en eventyrleg reise for å finne Pamina, på oppdrag frå Nattens dronning.

Rainelle Krause / Nattens dronning

Nattens dronning (Rainelle Krause)
er mora til Pamina, og rasande på ypparstepresten Sarastro, som etter at ektemannen hennes døydde, har tatt over både tempelet og solskiva. Makta og kreftene hennar minker, men ho har ulike våpen klare til utdeling: Ei magisk fløyte, et klokkespel – og ein sylskarp dolk.

Mozarts svigerinne Josepha Hofer (søster til kona hans Constanze) song rolla som Nattens dronning då Tryllefløyten vart urframførd i 1791.

Rosanne van Sandwijk, Ann-Helen Moen og Astrid Nordstad

De tre damene (Ann-Helen Moen, Rosanne van Sandwijk og Astrid Nordstad)
er dei sjølvsikre og handlekraftige hoffdamene til Nattens dronning, og hersar gjerne med fuglefangaren Papageno. Dei er nok ikkje så reine og edle, men er veldig begeistra for den unge prinsen Tamino. Også fordi dei kan få bruk for han i leitinga etter Pamina.

Stephen Milling / Sarastro

Sarastro (Stephen Milling)
er sjølvaste ypparstepresten, og den største fienden til Nattens dronning. Han var ven med hennar no avdøde ektemann, og har overtatt makta og solskiva etter han. Sarastro er leiar for tempelet som er bygd til ære for gudane Isis og Osiris, og gir ordren om å fange Pamina.

Mark Omvlee / Monostatos

Monostatos (Mark Omvlee)
er dessverre ikkje ein særleg sympatisk fyr. Han er ein av mennene til Sarastro, og får i oppdrag å halde Pamina fanga. Han er utan skrupler, men full av lengsel og begjær, og følgjer gjerne den leiaren som lokkar med den mest freistande gevinsten. Så kven vel han til slutt: Sarastro eller Nattens dronning?

Thomas Oliemans / Papageno

Papageno (Thomas Oliemans)
er den rugeklare fuglefangaren som fantaserer om ein kjærast, men som blir hersa med av dei tre hoffdamene til Nattens dronning. Han blir kjend med prins Tamino, og saman legg dei ut på ei eventyrleg reise for å finne Pamina. Og kanskje oppdagar også Papageno vegen til eiga lukke?

Librettisten sjølv, Emanuel Schikaneder, fekk synge rolla som Papageno på urframføringa av Tryllefløyten hausten 1791.

Renate Ekerhovd / Papagena

Papagena (Renate Ekerhovd)
Er ho ei slu og gammal heks som vil lure Papageno – eller ein ekte sjeleven og draumedame? Det får vise seg når ho kastar forkledinga i andre akt!

Benjamin Winter , Olav Frøyen Sandvik og Markus Sollesnes

Dei tre gutane (Olav Frøyen Sandvik, Benjamin Winter og Markus Sollesnes)
er dei gode hjelparane i Tryllefløyten. Og i denne versjonen er dei skikkeleg gamle og kloke ånder. Dei leier prins Tamino på rett veg, og prøver å redde både Papageno og Pamina frå djup fortviling og sjølvmordstankar.

Håvard Stensvold

Talaren (Håvard Stensvold)
Mot slutten av første akt prøver Tamino å kome inn i visdomstempelet, der ein prest (Talaren) vakter inngangen. Talaren er Sarastros næraste medarbeidar, og har i starten ikkje særleg tru på evnene til den unge prinsen.

Eirik Grøtvedt og Ludvig Lindström



1. prest (Ludvig Lindström) og 2. prest (Eirik Grøtvedt)
fører Papageno gjennom tempelet i andre akt, og freistar med at ei vakker kvinne med namnet Papagena vil vente på han, berre han klarar testen om å teie stilt.

Også:

1. soldat (Eirik Grøtvedt) og 2. soldat (Ludvig Lindström)
følgjer standhaftig Pamina og Tamino gjennom eld og vann i andre akt.

Tekst: Møyfrid Engeset (Bergen Nasjonale Opera) hausten 2022
Foto: Magnus Skrede

Siste nyheter

Albert Dohmen og Eivind Gullberg Jensen

Wagner-legenden ser fremtiden på Os

- Umiddelbart synes jeg dette var en strålende idé, forteller en av vår tids fremste Wagner-tolkere, sangeren Albert Dohmen. Han er en av lærerkreftene i dette årets Opera ved fjorden.

NHB 3 damer 1

Fantasifulle kostymer

Få en sniktitt på kostymene til Tryllefløyten og Rhingullet, som fremføres på Opera ved fjorden sommerakademi i juni!

Eivind Gullberg Jensen OVF24

Setter rekord med eventyrlig sommerakademi

- Eventyrene står i fokus når verk av to av de mest kjente operakomponistene skal fremføres under Opera ved fjordens to konserter, forteller operasjef Eivind Gullberg Jensen.

Annika Beinnes ariekonsert Opera ved fjorden

Wagner-opera og favorittarier

På den storslåtte avslutningen av årets sommerakademi Opera ved fjorden byr vi på sangernes favorittarier og ikke minst høydepunkt fra Wagners Rhingullet!