Hopp til innhold

Beate og Bror Magnus: Kveldens heitaste par

Sist dei møttest på scenen i Grieghallen var dei farlege fiendar. No er dei to kveldens heitaste par, som Valencienne og Camille i Den glade enke 2.0.

Her var det høyt nivå over hele linja, selv om Beate Mordal (Valencienne) og Bror Magnus Tødenes (Camille) utmerket seg med vakker klang og smektende frasering. (Eystein Sandvik i NRK)

Det er fleire romantiske forviklingar i vårens operette, ikkje minst mellom Den glade enke sjølv og gamlekjærasten Danilo – men ingen andre får lov til å vise forelskinga så eksplisitt som sopranen Beate og tenoren Bror Magnus.

HEMMELEG ROMANSE
Beate frå Molde og Bror Magnus frå Eiksund på Sunnmøre kastar seg ut i varmblodige scener både på teatersjefens kontor og i grisefjøset. Beate har rolla som koreografen Valencienne, som er gift med den korrupte teatersjefen Zeta (Eirik del Barco Soleglad), men i eit veldig hemmeleg forhold med den unge filmregissøren Camille, tolka av Bror Magnus. Og innimellom kyssinga syng dei to sødmefylt om kjærleik og lengsel.

Bror Magnus Tødenes viser seg som den ideelle operettetenor i rollen som Camille. Han er sympatisk på scenen og synger med en uimotståelig varme. Beate Mordals Valencienne er også strålende med god komisk timing og tekstformidling, spesielt i scenene med Eirik del Barco Soleglads utspekulert-tåpelige Zeta. (Aksel Dalmo Tollåli i Aftenposten)

Men romansen er berre for publikums skuld, og innøvde roller mellom proffe kollegaer. For begge er gifte på kvar sin kant, og Beate endåtil rykande fersk brud i år.

KORONATID-OPERA MED 2 METER AVSTAND
Kontrasten kan heller knapt vere større til sist desse to møttest hos Bergen Nasjonale Opera for akkurat eitt år sidan: Då førte korona-krisa til at Mozarts La clemenza di Tito vart strippa ned til minimalistisk og smittevern-forsvarleg scenografi. Heile koret var forvist til eit rom med mikrofonar i kjellaren, og på sjølve scenen kunne berre solistane stå – med minst 2 meter avstand til kvarandre.

I Den glade enke 2.0 derimot, virvlar alle aktørane i tett og lystig dans på scenen, og publikum fyller så å seie alle dei rundt 1500 seta i Griegsalen kvar kveld. Det er nesten uverkeleg å tenkje tilbake til La clemenza di Tito i mars i fjor, då maks. 100 sjeler fekk sleppe inn pga korona-restriksjonane.

Bror Magnus spelte tittelrolla som keisar Tito, og Beate var den rasande og manipulerande konkurrenten Vitellia, som prøver å få Tito myrda – slik at ho kan overta makta. Men i sluttscenen viser Tito storsinn og nåde (clemenza), og tilgir den angrande Vitellia.

LCDT2 1500x1000 nett

Denne produksjonen med Bror Magnus og Beate i to av hovudrollene hausta mange lovord, og vart også kåra til «Årets koronatilpassede kulturopplevelse» i 2021 av Bergens Tidende. Heile live-opptaket av La clemenza di Tito kan du framleis sjå her.

FLEIRE ROLLER I BERGEN
Bror Magnus og Beate har også spelt krevjande roller kvar for seg her i Bergen: Bror Magnus var både Styrmannen i Den flyvende hollender, og einaste songsolist i Berlioz Grand messe des morts våren 2018. Beate song rolla som Micaela i kammerversjonen av Carmen på Vestlandsturnéen vår, før ho vart Artist-in-Residence, og deretter også song og spelte journalisten Mina i filmversjonen av Carmen, som vart vist på NRK Hovedscenen.

Den flyvende hollender
Beate Mordal i Carmen

NESTE: NARRABOTH OG EILEEN
Etter teppefall for Den glade enke fredag 1. april er det ikkje så lenge til Bror Magnus Tødenes kjem tilbake til Bergen, då som Narraboth i den dramatiske operaen Salome av Richard Strauss, i konsertversjon under Festspillene i Bergen.

Beate Mordal er også snart klar for ei ny rolle: I haust husdebuterer ho ved Den Norske Opera & Ballett i Oslo, som Eileen i Broadway-musikalen Wonderful Town av Leonard Bernstein.

Tekst: Møyfrid Engeset
Alle foto: Monika Kolstad (BNO)

Siste nyheter

Paradis skole Amahl

Til Paradis med sang

Like før jul skal familieoperaen Amahl og de tre vise menn settes opp i Grieghallen, og barneskolene i Bergen har fått melde seg på operakurs og generalprøve.

Tmp f4ff7852 a148 4c35 851b 0985d0b5329f

Amahl på skuletur

Pasjen har med seg gull og perler når han er ute på førjulstur i lag med dei to operapedagogane Stian og Martina

OVF24 Mermaids bw wave2

Sommarakademiet 2025

Opera ved fjorden sommarakademi går av stabelen 21.-29. juni 2025. NYTT: Vi har no utvida søknadsfristen til 2. FEBRUAR for stryk, messing, obo og fagott.

WEB Eivind Finn Solveig

Ta et operatisk dypdykk med Finn, Solveig og Eivind!

Sopranen Solveig Kringlebotn har sunget den kvinnelige hovedrollen i De dødes by ved store operahus i Europa. Her deler hun sin erfaring i samtale med Finn Tokvam og Eivind Gullberg Jensen, hvor de også diskuterer operaens filmmusikalske likheter – og mye mer. Sett på kaffen!

Hedvig Haugerud og Eivind Gullberg Jensen

Møt Hedvig Haugerud - ung sopran og understudy

Hvordan er det å være understudy til den kvinnelige hovedrollen Marietta? Hør Hedvig Haugerud fortelle mer om "drømmerollen" i De dødes by og synge den vakreste av ariene i operaen, Mariettas Lied.

Die tote Stadt

Kva skjer i De dødes by?

Gjer deg klar til eit trekantdrama utanom det vanlege! Den forelska og forvirra Paul står midt mellom to kvinner som ser heilt identiske ut: Den eine er hans avdøde kone Marie, den andre er den livsglade dansaren Marietta.