Hopp til innhold

- Eg ynskjer at alle får ei gild og fredfull jul

Då sjampanjen spratt og me skåla ved inngongen til 2021, hadde me store forventningar til korleis dei komande 12 månadane skulle verta. Glasa skulle atter ein gong klirra, og me skulle løysa opp avstandsreglar og gå attende til livet, slik me hugsar det før mars 2020.

Når me no ser attende på året som har vore, må i alle fall eg vera so ærleg å seia at ikkje alle mine forventningar vart oppfylte. Samstundes har året vore fylt med små og store augeblikk som både gav umiddelbar gleda samt næring til optimisme for det neste og komande år.


Fyrst og fremst ynskjer eg å takka Mary Miller for hennar 10 år som operasjef for BNO og dei mange operaopplevingane som vart skapa her i Bergen og på Vestlandet under hennar leiing. Hennar avskjedsforestilling «La Clemenza de Tito» vart spela i Grieghallen i mars. Dersom du ikkje fekk den med deg har du høve til å sjå den på vår YouTube-kanal (klikk her).


Mitt aller fyrste prosjekt som operasjef var sumarakademiet «Opera ved fjorden» som skal vera Bergen Nasjonale Opera sitt «signaturprosjekt». Det er eit akademi for unge elitetalent innan opera, operaens framtid.

Opera by the fjord - Summer academy

Det rettar seg mot unge songarar, musikarar, dirigentar og repetitørar som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Deltakarane får arbeida med dyktige pedagogar, coachar, orkestermusikarar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus og symfoniorkester.
 Noregs fyrste operaakademi for vokal og orkester, ja, for nesten samtlege disiplinar innan opera. 
Dette var den fyrste draumen som vart fødd då eg vart spurt om å vera operasjef for BNO - deretter har eg utvikla akademiet saman med min gode ven og dirigentkollega Sascha Goetzel.



Det fyrste sumarakademiet vart avslutta med ein konsert på Oseana kunst- og kultursenter på Os, med alle medverkande som framførde ulike ariar og ensemble framfor eit stort og entusiastisk publikum. Det vart ei strålande avslutning på akademiet, og det var svært rørande å sjå fleire av våre komande operastjerner opptre med orkester for fyrste gong.
 Eg er svært glad for å fortelja at det også vert opera-akademi dei komande åra.

Rusalka song to the moon web 5

Hovudproduksjonen i 2021 var «Rusalka» av Dvořák – ein av mine absolutte favorittar frå opera-litteraturen. Og heile ensemblet, med stjernesopran og tittelrolleinnehavar Malin Byström i spissen, gleda seg til å kunna visa denne fantastiske operaen for aller fyrste gong i Bergen. 
Dessverre gjekk det ikkje slik - forestillinga nådde berre ei generalprøve utan orkester. Dette var sjølvsagt svært trist, men heldigvis kan jeg fortelja at den skal visast våren 2023, og eg kan lova dykk at dette verkeleg vert ei operaforestilling som vil begeistra det bergenske og vestnorske publikummet.

No er me på veg inn i jula, og eg ynskjer at alle får ei gild og fredfull jul. Og så ynskjer eg dykk dessutan eit retteleg godt nytt operaår i 2022. Me vonar og trur at me på nytt har fått kontroll på pandemien når vinteren er på hell og «Den glade enke» vert spela i Grieghallen.

Siste nyheter

Storm

En stormende tragedie

I Katja Kabanova rives vi med fra første stund. Tekst og musikk er pakket sammen som om det gjaldt livet - og det gjør det. Janáček viser oss opera på sitt beste når han bretter ut sin musikalske rikdom over et heftig drama om ung kjærlighet.

Katja Kabanova

Kva skjer i Katja Kabanova?

Katja drøymer om å vere fri som fuglen. Men ho er fanga i eit ulukkeleg ekteskap, og med ei brutal svigermor som kontrollerer både henne og ektemannen. Så kva gjer ho når den sjarmerande Boris dukkar opp? Her er handlinga i Janáčeks opera, som har premiere hausten 2023.

Stillbilde Leif Ove Andsnes og Eivind 10

Dilla på Dvořák

Har du eit favorittstykke av Dvořák? Eller kjenner du ingenting av han, meiner du? Bli med til Tsjekkia og USA – og på måneferd med Neil Armstrong – i dette utvalet med seks av hans klassiske hits utanom Rusalka.

Leif Ove Andsnes og Eivind Gullberg Jensen

- Melodiene er fantastiske

- Dvořák har det samme talentet som de store operakomponistene Mozart og Verdi, sier pianist Leif Ove Andsnes. Her hører du han spille utdrag fra Rusalka.

Leif Ove Andsnes og Eivind Gullberg Jensen

"Det er trylleri!" - Leif Ove Andsnes

Bli med hjem til Leif Ove Andsnes og et dypdykk i musikken til Rusalka, med musikalske smakebiter fra både operaen og andre kjente mesterverk underveis!