Hopp til innhold

Kva skjer i Werther?

Ei sommarforelsking utviklar seg til eit mørkt trekantdrama når den unge Werther ser at hans kjære Charlotte vel plikta framfor kjærleiken. Medan julelysa skin tar Werther eit skjebnesvangert val.

Her er handlinga i Goethes klassikar, slik Massenet skapte den om til ein fransk og romantisk opera.

Stad og tid: Vi er i den tyske småbyen Wetzlar. I Goethes delvis sjølvbiografiske roman er handlinga lagt til hans eiga samtid rundt 1770. I vår oppsetning har regissøren valt åra rundt 1900 som utgangspunkt, altså ikkje lenge etter at Massenets franske opera vart skapt og hadde premiere i 1892.

AKT 1: JULI - VED FOGDENS HUS

Fogden i byen prøver å lære dei yngste borna sine ein julesong (Noël!).

Like etter kjem fogdene to drikkeglade kameratane, Johann og Schmidt, og morar seg over at fogden strever med å øve på julesonger midt på sommaren. Den nesteldste dottera til fogden, Sophie, dukkar også opp for å hjelpe til med borna.

Fogden fortel at eldstedottera Charlotte er i ferd med å gjere seg klar til kveldens ball, og den unge poeten Werther skal følgje henne dit. Vi forstår på det som blir sagt at Charlotte er trulova med Albert, som er på forretningsreise, og at det blir planlagt bryllaup.

Når Werther seinere kjem til fogden for å hente Charlotte, som han enno ikkje har møtt, blir han overvelda av den herlege sommardagen og hyllar naturen i poetiske vendingar (O nature pleine de grâce).

Plutselig blir han avbroten av glade barnestemmer: Det er Charlotte som vil skunde seg å gi småsøskena kveldsmat før hun dreg avsted til ballet. Werther blir fullstendig betatt av det han ser. Fogden fortel at han er blitt enkemann, og at det er Charlotte som tar seg av borna og huset no når mor hennar er død.

Etter at Werther og Charlotte har reist saman til ballet, kjem Albert plutselig tilbake etter å ha vore borte i seks månader. Han er skuffa over at Charlotte ikkje er heime, men seier til Sophie at ho ikkje må røpe at han er komen, for han vil at det skal vere ei overrasking for alle neste dag (Quelle priere de reconnaissance).

Etter at Werther og Charlotte er tilbake frå ballet avslører Werther at han er forelska i henne. Charlotte fortel han då kva ho lova på dødsleiet: At ho må ta seg av familien og gifte seg med Albert. Werther blir djupt fortvila.

AKT 2: SEPTEMBER - VED LINDETREA

Det er ein praktfull og solfylt søndag, og Albert og Charlotte har no gift i tre månader. Saman med andre gjester strøymer dei til kyrkja for å feire gullbryllaupsdagen til ein pastor.

Werther ser Charlotte og ektemannen på avstand og sørgjer over å ha mista sitt livs kjærleik (J’aurais sur ma poitrine). Ei stund etter kjem Albert tilbake til Werther, og seier at han forstår om Werther fortvilar over tapte sjansar, men at han tilgir han. Werther forsikrar Albert om at han no berre ser på Charlotte som ein god venn.

Dei to mennene blir avbrotne av den livsglade Sophie som syng at det er lukke i lufta (Du gai soleil) – og at ho vil feire og ha den første dansen med Werther. Men Werther trekkjer seg unna, og skammar seg over at han laug til Albert om at han ikkje elskar Charlotte. Då kjem Charlotte, og Werther seier igjen kor høgt han elskar henne.

Charlotte seier at ho må følge plikta og at hun tilhøyrer ein annen. Hun krev at Werther må forlate byen, men ber han kome tilbake seinere, ved juletider. Werther seier at han aldri vil vende tilbake (Lorsque l'enfant revient d'un voyage).

AKT 3: JULAFTAN - I ALBERTS HUS

Haust er blitt til vinter, og på julaftan les Charlotte med fortviling og fascinasjon alle breva frå Werther (Je vous écris de ma petite chambre). Sophie prøver å muntre opp storesøstera, men til inga nytte.

Då Sophie er gått, står Werther plutseleg hos Charlotte. Dei utvekslar minne frå tida før han reiste, og Werther siterer frå eit lidenskapelig dikt han var i ferd med å omsetje (Pourquoi me réveiller?). Det intense møtet endar med at Werther forlet Charlotte i all hast.

Etterpå kjem Albert hjem og seier til Charlotte at han har høyrt at Werther har vore hos henne. Han viser henne også eit brev han nettopp har fått fra Werther: «Jeg drar ut på en lengre reise. Vil De låne meg Deres pistoler?» Charlotte anar at noe forferdelig er i med å skje, og skundar seg av stad.

AKT 4: NATT TIL 1. JULEDAG - I WERTHERS ROM

Charlotte finn fram til der Werther bur. De kjem kvarandre nærare enn nokon gong før, men for seint.

(Charlotte):

For ikke å glemme min plikt / A l'oubli du devoir,
valgte jeg å gjøre deg ondt. / j'ai préféré ta paine
Og for ikke å miste meg selv, / et pour ne pas me perdre,
akk, så mistet jeg deg! ... / hélas ! je t'ai perdu ! ...

Av Møyfrid Engeset
Bergen Nasjonale Opera (2018)

Operaen Werther har premiere i Grieghallen 16. mars 2019

Siste nyheter

Storm

En stormende tragedie

I Katja Kabanova rives vi med fra første stund. Tekst og musikk er pakket sammen som om det gjaldt livet - og det gjør det. Janáček viser oss opera på sitt beste når han bretter ut sin musikalske rikdom over et heftig drama om ung kjærlighet.

Katja Kabanova

Kva skjer i Katja Kabanova?

Katja drøymer om å vere fri som fuglen. Men ho er fanga i eit ulukkeleg ekteskap, og med ei brutal svigermor som kontrollerer både henne og ektemannen. Så kva gjer ho når den sjarmerande Boris dukkar opp? Her er handlinga i Janáčeks opera, som har premiere hausten 2023.

Stillbilde Leif Ove Andsnes og Eivind 10

Dilla på Dvořák

Har du eit favorittstykke av Dvořák? Eller kjenner du ingenting av han, meiner du? Bli med til Tsjekkia og USA – og på måneferd med Neil Armstrong – i dette utvalet med seks av hans klassiske hits utanom Rusalka.

Leif Ove Andsnes og Eivind Gullberg Jensen

- Melodiene er fantastiske

- Dvořák har det samme talentet som de store operakomponistene Mozart og Verdi, sier pianist Leif Ove Andsnes. Her hører du han spille utdrag fra Rusalka.

Leif Ove Andsnes og Eivind Gullberg Jensen

"Det er trylleri!" - Leif Ove Andsnes

Bli med hjem til Leif Ove Andsnes og et dypdykk i musikken til Rusalka, med musikalske smakebiter fra både operaen og andre kjente mesterverk underveis!