Hopp til innhold

Olve Haugen

Tenoren Olve Haugen er med på Viva Verdi!-konsertane på Den Nationale Scene i september

Tenoren Olve Haugen er frå Hauso i Ullensvang. Våren 2023 fullførte han bachelorstudiet i klassisk song ved Griegakademiet i Bergen. I studietida deltok han i koret på fleire oppsetjingar med Bergen Nasjonale Opera, som t.d. Tryllefløyten (hausten 2022) og Den glade enke 2.0 (våren 2023).

Han har også erfaring frå fleire år med Bergen Domkor og Norges Ungdomskor. Under Hardanger Musikkfest 2023 vart han tildelt prisen Årets Stjerneskot – ein pris som skal gå til eit ungt talent, og vera til lyft og inspirasjon. Juryen omtalte han som ein særs overtydande songar med ei stemme som vekkjer nostalgi og varme assosiasjonar til utøvarar frå tidlegare generasjonar.

Olve Haugen skal delta på fleire konsertar under Hardanger Musikkfest 2024 i månadsskiftet august/september.

Publisert august 2024

Hovudkjelde: Hardanger Musikkfest