Operakurs med Rusalka 2021
(Nye kurs våren 2023, sjå under) Skuleelevar kan bli kjende med opera generelt, og Rusalka spesielt, når sopranen Martina Starr-Lassen og tenoren Stian Økland legg ut på rundreise til 5.-10.trinn i Bergen hausten 2021.
//Oppdatering 2023: Det blir nye operakurs om Rusalka for skuleelevar i veke 8 og 10 våren 2023. (Lenke til sida vår Opera i skolen.) Hausten 2021 vart både kurs og generalprøve gjennomført for skuleelevane, men dei ordinære framsyningane for Rusalka vart avlyste pga kulturstreiken. Våren 2023 blir endeleg Rusalka sett opp for eit publikum i Grieghallen, og dermed tilbyr vi også denne gongen eit opplegg for skulane, men med nye elevar.//
2021: Tenoren og rockegitaristen Stian Økland reiser ut til 5.-10. trinn i Bergen saman med sopranen Martina Starr-Lassen for å guide elevane ved hjelp av musikk, historier og song.
I løpet av to skuletimar kan elevane bli kjende med operasjangeren generelt, og eventyroperaen Rusalka spesielt. Deretter får elevane får kome til Grieghallen og oppleve heile generalprøven 21. oktober.
Dei to operapedagogane, som begge også er songarar, vil på ein underhaldande måte presentere tematikk og karakterar i operaen Rusalka, pluss la elevane bli litt betre kjent med komponisten Antonín Dvořák (1841-1904) og samtida hans. I løpet av desse to skuletimane vil elevene også bli aktiviserte med nokre leikande og praktiske utfordringar.
EVENTYR OG UTANFORSKAP
Rusalka er i utgangspunktet ein eventyropera, med historia om vassnymfa Rusalka og ein menneskeleg prins som blir forelska, men som pga ei forbanning ikkje kan få kvarandre utan at prinsen døyr. Operaen er m.a. inspirert av H.C. Andersens "Den lille havfrue".
I Bergen er det den kjende katalanske regissøren Àlex Ollé frå gruppa La Fura dels Baus som set opp Rusalka, og for han er utanforskap eit viktig tema i operaen. Her kan du lese meir om Bergen Nasjonale Operas versjon av Rusalka (lenke).
PRAKTISK INFO OM KURS & GENERALPRØVE
Kurset ute i skulane er laga for 5.-10. trinn i Bergen kommune, og kan f. eks. passe fint for valfaget Sal og scene, og sjølvsagt faget musikk, men vil gi utbytte uansett fag. Martina og Stian møter elevane i klasse/gruppevis (helst maks. 30 elever per kurs). Det kan gjennomførast maks. to ulike kurs per dag à to skuletimar. Kursa er i veke 39 og 40, dvs i perioden frå 27. september t.o.m. 8. oktober 2021.
Med kurset som grunnlag får elevene deretter oppleve heile generalprøven på operaen Rusalka i Grieghallen torsdag 21. oktober 2021 kl 11:00. Elevane får altså ein eksklusiv sjanse til å sjå framsyninga før det vanlege publikummet. Operaen Rusalka varer cirka 3 timar, inkludert 30 minutt pause. Operaen blir framført på originalspråket tjekkisk, men blir teksta på norsk over scenen – som elles i våre forestillingar.
PÅMELDING
Påmeldinga blir ordna av kulturkontakten på kvar enkelt grunnskule (5. – 10. trinn) direkte til Den Kulturelle Skolesekken i Bergen.
Her er påmeldingslenka med meir informasjon (DKS portalen).
GENERELT OM OPERA I SKULEN
Bergen Nasjonale Opera har i en årrekkje tilbydd kurs og prosjekt for både grunnskulen (i samarbeid med Den Kulturelle Skolesekken i Bergen) og vidaregående skuler (i samarbeid med DKS Vestland).
Sesongen 2021/22 har vi tilbod for grunnskulane i Bergen med Rusalka (5.-10. trinn) hausten 2021 og Den glade enke 2022, takka vere økonomisk og praktisk støtte frå DKS Bergen.
Har du spørsmål om skuleprosjekta, ta kontakt med kunstnerisk koordinator Møyfrid Engeset i Bergen Nasjonale Opera. E-post: moyfrid(AT)bno.no
Medvirkende
Stian Økland
Tenor og operapedagog
Martina Starr-Lassen
Sopran og operapedagog
Samtlige spilledatoer
Skulebesøk i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Skulebesøk i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Skulebesøk i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Skulebesøk i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Skulebesøk i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Skulebesøk i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Skulebesøk i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Skulebesøk i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Skulebesøk i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Skulebesøk i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Generalprøve i Grieghallen Gratis inngang Gratis inngang