Hopp til innhold

Opera i Austevoll 2018

Opera i Austevoll 2018

Spilleperiode

29. september 2018

Bekkjarvik Gjestgiveri er kjend for sitt gode kjøkken og Austevoll for satsinga på fisk, men kva med opera?

For første gang reiser vi sørover til Austevoll der vi inviterer til ein heil kveld med opera og god mat og drikke på det idylliske Gjestgiveriet i hamna i Bekkjarvik.

Dette blir ei nyting for både øyre og gane. Artistane syng arier frå verdas mest kjende operaer mellom rettene. Bekkjarvik Gjestgiveris kjøkkenansvarlege, Arnt og Ørjan, vil setje saman ein meny som vil kle ein operakveld i havgapet.

Visste du at Austevoll har si eiga internasjonale operastjerne? Sopranen Lina Johnson vil denne kvelden synge sine favorittar frå operarepertoaret saman med den russiske barytonen Dmitry Lavrov og pianisten Ellena Hale.

OPERA I AUSTEVOLL
29. september kl. 19: Konsert og tre-rettarss middag med vinmeny
Varer: ca 3 timer
Konsert og middag kr. 1450,- (billettsalet er no stengt)

KVELDENS OPERAPERLER INKLUDERER

Charles Gounod (1818-1893)
frå Romeo og Julie: Julies valsearie

Ruggiero Leoncavallo (1858-1919)
frå Bajazzo: Prologen

Giuseppe Verdi (1813-1901)
frå Rigoletto: Gildas arie

Georges Bizet (1838-1875)
frå Carmen: Toreadorarien

Emmerich Kálmán (1882-1953)
frå Sirkusprinsessen: Zwei Märchenaugen

Franz Lehár (1870-1948)
frå Den glade enke: Vilja-songen

Cesare Andrea Bixio (1896-1978)
Parlami d’amore Mariù

Harold Arlen (1905-1986)
frå Trollmannen frå Oz: Over the rainbow

Giuseppe Verdi (1813-1901)
frå La traviata: Duett Violetta/Germont

For overnatting, ta kontakt med Bekkjarvik Gjestgiveri via bekkjarvikgjestgiveri.no

Medvirkende


Samtlige spilledatoer


29/09 Lørdag 19.00
Bekkjarvik Gjestgiveri Overstått forestilling
Overstått forestilling