Hopp til innhold

Sommarakademiet 2025

Opera ved fjorden sommarakademi går av stabelen 21.-29. juni 2025.

21.-29. juni 2025 blir Opera ved fjorden sommarakademi arrangert for femte gong.

PROGRAMMET 2025
På programmet for 2025 står høgdepunkt frå Don Giovanni, 1. akt frå Valkyrien – og skogsscenen frå Hans og Grete, pluss studentane sine eigne favorittariar. Nytt av året er at den svenske barytonen Peter Mattei, kjend m.a. for Don Giovanni-rolla på The Met i New York, kjem for å vere ein del av lærarteamet – i lag med Solveig Kringlebotn og Wagner-kjennaren Albert Dohmen.

OM AKADEMIET
Som einaste sommarakademi i Norden tilbyr vi eit komplett undervisningstilbod for unge songarar, orkestermusikarar, dirigentar og repetitørar over 18 år som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Du som deltar får arbeide med dyktige pedagogar og musikarar - alle med erfaring frå store operahus eller symfoniorkester.

Alle detaljar om sommarakademiet 2025 finn du samla her (lenke).

Siste nyheter

George Benjamin at writing desk credit Matthew Lloyd

Tre livsendrende møter

Den britiske komponisten Sir George Benjamin dirigerte selv verdenspremieren da Written on Skin skrev historie i Aix-en-Provence i 2012, og ekstatiske kritikere proklamerte at «dette er den beste operaen som er skrevet på 20 år». Men historien starter med en sjelsettende opplevelse da han var bare 7 år!

Eivind Gullberg Jensen

– Kva skal eg ha på meg?

Mange lurer på korleis ein skal gå kledd i operaen. Dette får du svar på no, når sjølvaste operasjefen går på den raude løparen!