Hopp til innhold

Kva skjer i Hans og Grete på Oseana?

I første del av torsdagskonserten 26. juni på Oseana får vi eit stemningsfullt utdrag frå eventyroperaen Hans og Grete, framført av tre unge solistar.

ENGELBERT HUMPERDINCK
Skogscenen (Im Walde frå 2. akt) frå operaen Hans og Grete

DEI TRE SOLISTANE
Maia Reppe – mezzosopran (Norge) / Hans (Hänsel)
Emilia Utter – sopran (Sverige) / Grete (Gretel)
Oda Nysæter – sopran (Norge) / Jon Blund (Sandmännchen)

Eventyret om Hans og Grete frå samlingane til brørne Grimm inspirerte den tyske forfattaren Adelheid Wette til å skrive eit skodespel med songar, som ho sende til sin eigen bror – komponisten Engelbert Humperdinck. Han utvikla songane hennar til ein opera, og heilt sidan premieren i Weimar i 1893, dirigert av Richard Strauss, har dette eventyrlege verket gledd små og store i publikum. For mange i Tyskland er det ein førjulstradisjon å sjå Hans og Grete, og fryde seg over det kunstferdige pepparkakehuset til heksa – og ikkje minst sjå korleis ungane straffar henne heilt til slutt.

HANDLINGA
Dei viltre søskena Hans og Grete veks opp i ein fattig familie, og blir sendt til skogs av den frustrerte mora for at dei skal plukke bær. Når faren kjem heim blir han forskrekka, og fortel mora at i skogen bur jo pepparkake-heksa, som lokkar med kaker og godteri, slik at ho kan steike og knaske barn omforma til pepparkaker. Mora og faren legg så ut på leiting.

På Oseana møter vi Hans og Grete i starten av akt 2, der dei er heilt åleine i skogen, og syng og leikar. Dei plukkar nokre bær, men et opp alle saman. Det mørkrar, og dei to byrjar å bli veldig redde av dei underlege lydane rundt seg. Då dukkar det om ein mild kar som fortel at han er Sandmännchen: ein slags Jon Blund. Han strør magisk sand i auga deira, slik at dei blir søvnige – og Hans og Grete syng ei kveldsbøn og sovnar trygt.

Du kan lese meir om Engelbert Humperdinck - komponisten bak Hans og Grete i ein eigen artikkel (lenke)

MUSIKALSK SMAKEBIT
I videoen under kan du lytte til den vakre kveldsbøna – Abendsegen – frå ein julekonsert i Grafenegg, med denne teksten:

Abends will ich schlafen gehn,
vierzehn Englein um mich stehn:
zwei zu meinen Häupten,
zwei zu meinen Füßen,
zwei zu meiner Rechten,
zwei zu meiner Linken,
zwei, die mich decken,
zwei, die mich wecken,
zwei, die mich weisen
zu Himmels Paradeisen!

(fritt omsett, utan rim:)
Om kvelden går eg til sengs
med fjorten små englar rundt meg:
to ved hovudet mitt,
to ved føtene mine,
to på mi høgre side,
to på mi venstre side,
to som breier dyna over meg,
to som vekkjer meg,
og to som viser meg vegen
til det himmelske paradis!

KVA SKJER ETTERPÅ?
Deretter (... dvs etter utdraget på Oseana) kjem ein heil skare av englar som passar på Hans og Grete om natta, før grøsset tek til i akt 3, når den svoltne heksa i pepparkakehuset dukkar opp. Men operaen sluttar altså godt for alle – bortsett frå heksa sjølv.

Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge, Vestland fylkeskommune, Sparebank1 SR-Bank og SR-stiftelsen og GC Rieber Fondene.

Tekst og video-utval: Møyfrid Engeset / Bergen Nasjonale Opera 2025

Siste nyheter

Rigging Pelleas og Melisande foto Åsmund Færavaag 3

Nå rigges kulissene!

Det nærmer seg premiere på Pelléas og Mélisande, og ennå er det mange detaljer som skal på plass!

Maurice Maeterlinck

Genierklært nobelprisvinner

Maurice Maeterlinck ble tildelt Nobelprisen i litteratur i 1892 . Han var en av samtidens viktigste forfattere, og Pelléas og Mélisande er det mest kjente teaterstykket han skrev.

Eivind Gullberg Jensen

En opera du blir forført av

- Jeg satt bare med øynene igjen og lyttet til den uendelig vakre musikken, forteller Eivind Gullberg Jensen om Pelléas og Mélisande.

Julien Behr og Sofia Nesje Enger 1

Ble operastjerne ved en tilfeldighet

Den franske tenoren Julien Behr har de siste 15 årene opptrådt i ledende roller på operahus både i Asia, Nord-Amerika og Europa. Men det var egentlig advokat han ønsket å bli.

Eivind Gullberg Jensen 151025 2

Starten av operaløftet?

Bergen Nasjonale Opera fekk i dag ei varig auke i driftstilskot på 1,5 MNOK frå Kulturdepartementet.