Hopp til innhold

Godt nytt operaår!

Godt nytt operaår!

Eg er heilt sikker på at 2024 kjem til å bli eit godt år for opera i Bergen!

Sjølv feira eg overgangen til det nye året i Wien i lag med familien i samband med at kona mi, Mari Eriksmoen, song med Wiensymfonikarane. Nyttårsaftan var me hjå vår gode ven og dirigentkollega Sascha Goetzel. Ved sidan av hyggeleg feiring, nytta me tida til å planleggja sumarakademiet Opera ved fjorden, som finn stad den siste veka i juni, med både torsdagskonsert og storslagen Wagner-avslutning sundag 30. juni på Oseana.

I Wien møtte eg også Alfred Eschwé, dirigenten for Flaggermusen – som er vårens store operaeventyr i Grieghallen. Me nytta høvet til eit hyggjeleg musikalsk arbeidsmøte. Og så dukka også manusforfattar Adam Price opp i Wien og presenterte alle sine ville idear om korleis me fornyar det 150 år gamle meisterverket. Eschwé var med på notane, så denne framsyninga vert ei musikalsk latterbombe av dimensjonar. Seriøse undertonar, som all god humor har, bidreg til at alt heng i hop og endar godt.

Og når me er inne på Wien og nyttårsfeiring: Eg var ikkje til stades på sjølve nyttårskonserten, men heile byen sydar (!) av wienervals, og folk går rundt og nynnar på mellom anna musikken til Johann Strauss d.y. – ikkje minst ouverturen til Flaggermusen, som høyrer heime i kvar nyttårskonsert samstundes som den aller mest høyrer heime i akkurat Flaggermusen.

Utanom wienervals kan de i 2024 sjå fram til fine onsdagskveldar med OperaPub på Kulturhuset. Gå inn på nettsidene våre eller følg med i sosiale medium for tidspunkt.

Under årets Festspill i mai vil me dessutan vidareføra fjorårets nyvinning Operaopptur i samarbeid med GC Rieber Fondene og Fløibanen. Til hausten lovar me òg ei stor operaoppleving i Grieghallen – då skal me ha ein Noregspremiere. Den kjem me tilbake til saman med dei andre aktivitetane me vil ha i haust – mellom anna ei juleframsyning.

Men aller først no er det Flaggermusen som gjeld.

Velkomne til eit godt nytt operaår!

Siste nyheter

Paradis skole Amahl

Til Paradis med sang

Like før jul skal familieoperaen Amahl og de tre vise menn settes opp i Grieghallen, og barneskolene i Bergen har fått melde seg på operakurs og generalprøve.

Tmp f4ff7852 a148 4c35 851b 0985d0b5329f

Opera-pasjen på skuletur

Pasjen har med seg gull og perler når han er ute på førjulstur i lag med dei to operapedagogane Stian og Martina

OVF24 Mermaids bw wave2

Sommarakademiet 2025

Opera ved fjorden sommarakademi går av stabelen 21.-29. juni 2025. NYTT: Vi har no utvida søknadsfristen til 2. FEBRUAR for stryk, messing, obo og fagott.

WEB Eivind Finn Solveig

Ta et operatisk dypdykk med Finn, Solveig og Eivind!

Sopranen Solveig Kringlebotn har sunget den kvinnelige hovedrollen i De dødes by ved store operahus i Europa. Her deler hun sin erfaring i samtale med Finn Tokvam og Eivind Gullberg Jensen, hvor de også diskuterer operaens filmmusikalske likheter – og mye mer. Sett på kaffen!

Hedvig Haugerud og Eivind Gullberg Jensen

Møt Hedvig Haugerud - ung sopran og understudy

Hvordan er det å være understudy til den kvinnelige hovedrollen Marietta? Hør Hedvig Haugerud fortelle mer om "drømmerollen" i De dødes by og synge den vakreste av ariene i operaen, Mariettas Lied.