Hopp til innhold

Godt nytt år!

Eg har ei positiv kjensle for 2023!

Etter eit år med fleire herlege musikkopplevingar og gjenopna kulturliv i 2022, trur eg at alle etter kvart forstår at det er i krevande tider kulturen er viktigast, og må styrkast!

FULLE HUS I 2022
For Bergen Nasjonale Opera var 2022 ein eineståande crescendo.
Knapt eit einaste sete har vore ledig, og ca. 15.000 har sett og høyrd våre større og mindre produksjonar, frå «Den Glade Enke 2.0.», «Opera ved Fjorden - sumarakademi», «Trippel Mozart på DNS», «Tryllefløyten», til juleoperaen «Amahl og de tre vise menn».

HISTORISK POLITISK VEDTEKT
På tampen av 2022 skjedde også noko historisk i BNO samanheng - Vestland fylkeskommune og Bergen kommune vedtok å innfri vår søknad om auka driftsmidlar, sjølv om staten hadde utsatt det varsla «løftet». Tusen takk til alle lokale og regionale politikarar som vedtok desse løfta - no vonar me det ikkje drøyer så lenge før Kulturdepartementet fylgjer opp.

Tusen takk også til våre uvurderlege stønadsspelarar Grieg Foundation, Talent Norge, Sparebankstiftelsen DNB, Sparebanken Vest, GC Rieber Fondene og og Abraham Odfjells Stiftelse - utan dykkar hjelp hadde mykje av dette ikkje vore mogleg!

Sist, men ikkje minst, tusen takk til vårt kjære publikum!!! Me gler oss til gjensyn i 2023 og jobbar som alltid med å gje dykk det aller beste av musikalske opplevingar.

Med ynskje om eit riktig godt 2023!

Eivind Gullberg Jensen
Operasjef

Siste nyheter

George Benjamin at writing desk credit Matthew Lloyd

Tre livsendrende møter

Den britiske komponisten Sir George Benjamin dirigerte selv verdenspremieren da Written on Skin skrev historie i Aix-en-Provence i 2012, og ekstatiske kritikere proklamerte at «dette er den beste operaen som er skrevet på 20 år». Men historien starter med en sjelsettende opplevelse da han var bare 7 år!

Eivind Gullberg Jensen

– Kva skal eg ha på meg?

Mange lurer på korleis ein skal gå kledd i operaen. Dette får du svar på no, når sjølvaste operasjefen går på den raude løparen!