Hopp til innhold

Eksklusivt møte med Rusalka for skuleelevar

Snart legg våre to operapedagogar Martina og Stian ut på turné til skular i Bergen for å guide elevane i opera generelt – og Rusalka spesielt! (Oppdatering: Kursa er no fullbooka)

Frå 20. februar reiser dei to songarane og operapedagogane Martina Starr-Lassen og Stian Økland (også rockegitarist), ut til 7.-10. trinn i Bergen kommune for å la elevane lære meir om opera generelt – og Rusalka spesielt.

Deretter får skuleelevane, som dei aller første i Bergen, oppleve heile forestillinga på generalprøven i Grieghallen torsdag 16. mars, altså like før premieren. For deg som er lærar i Bergen kommune, eller gjerne vil tipse nokon om dette unike opera-tilbodet for skulelevane: Her er lenke til meir informasjon og påmelding for operakurs med Rusalka i veke 8 og 10

Oppdatering: Kursa for Rusalka er no fullbooka. Desse tolv skulane skal vere med:

Storetveit skole (Paradis), Hjellestad skole (Ytrebygda), Nattland oppveksttun (Fana), Steinerskolen på Skjold (Fana), Haukås skole (Breistein i Åsane), Olsvik skole (Laksevåg), Åstveit skole (Tertnes i Åsane), Garnes ungdomsskule (Indre Arna), St. Paul skole og Møhlenpris oppveksttun (Bergen sentrum), Lynghaug skole (Fyllingsdalen) og Breimyra skole (Flaktveit i Åsane).

Foto: Operapedagogane Stian Økland (alias Papageno) og Martina Starr-Lassen (alias Pamina) på skulebesøk med Tryllefløyten hausten 2022

Operapedagoger på skolebesøk

Siste nyheter

Sofia Adrian Jupither

- Jeg elsker måten han skriver på

- Trilogien er blant verkene som har berørt meg aller mest av alle bøkene jeg noensinne har lest, forteller regissør Sofia Adrian Jupither.

Kostyme Asle Alida Maria Geber web

Ei tidlaus historie

Forteljinga om Asle og Alida er tidlaus - det har kostymedesignar Maria Geber brukt mykje tid på å få fram i kostyma til songarane.

Asle og Alida - Louise og Wiktor

Endelig i gang!

Det er fem uker til verdenspremieren på Jon Fosse-operaen Asle og Alida og denne uken møttes sangerne for første gang til prøvestart.

Asle og Alida - Musikk av Bent Sørensen

Første korprøve

Denne uken startet Edvard Grieg Vokalensemble innstuderingen av Bent Sørensens helt nye musikk til Asle og Alida.