Hopp til innhold

BNO er nominert til Heddaprisen!

Bergen Nasjonale Opera er nominert til Heddaprisen med "Tryllefløyten" i kategorien beste musikkteaterforestilling 2023!

– Det er sjølvsagt strålande nyhende for oss i BNO, og ei stadfesting av at det vert jobba godt og rett med opera her i Bergen og på Vestlandet. Heddaprisen har lenge hatt ein høg status i teaterverda, og det er ei fjør i hatten for oss å verta assosiert med denne bransjeprisen, seier operasjef Eivind Gullberg Jensen om nominasjonen

– Me er særs stolte av vår versjon av Simon McBurney sin "Tryllefløyten" - kanskje den mest komplekse operaproduksjonen me har gjort i Grieghallen. Det vart ein kamp mot klokka for å få alt til å klaffa, men med stor innsats frå alle både på og bak scenen, vart det ein fortent knallsuksess - heldigvis kjende bergenserne si vitjingstid, og alle framsyningane var heilt utsolgt før premiera.

– No ventar me i spaning på om det vert ein pris - me er uansett særs glade for å verta nominert.

Tryllefløyten ble presentert i samarbeid med Musikkselskapet Harmonien og Edvard Grieg Korene.

Tryllefløyten Foto Monika Kolstad

Siste nyheter

George Benjamin at writing desk credit Matthew Lloyd

Tre livsendrende møter

Den britiske komponisten Sir George Benjamin dirigerte selv verdenspremieren da Written on Skin skrev historie i Aix-en-Provence i 2012, og ekstatiske kritikere proklamerte at «dette er den beste operaen som er skrevet på 20 år». Men historien starter med en sjelsettende opplevelse da han var bare 7 år!

Eivind Gullberg Jensen

– Kva skal eg ha på meg?

Mange lurer på korleis ein skal gå kledd i operaen. Dette får du svar på no, når sjølvaste operasjefen går på den raude løparen!