Hopp til innhold

Skurkar og heltar på skulebesøk

Medan solistane øver i Grieghallen, reiser mini-versjonar av dei rundt på skulane i Bergen for å guide elevane inn i den eventyrlege historia om Tryllefløyten.

Når dei to operapedagogane Martina Starr-Lassen og Stian Økland gjer seg klare til ein ny dag med skulebesøk til 7.-10. trinn i Bergen kommune, er det ikkje berre gitar, fløyte og oppvarma songstemmer som står på hugselista: Nattens dronning, dei tre frekke hoffdamene hennar, ypperstepresten Sarastro, skurken Monostatos og også dei tre kloke gutane skal med i ryggsekken.

DKS dukkene 20

MINI-VERSJONAR AV SOLISTANE
For når ein skal halde styr på alt som skjer i Mozarts innhaldsrike opera, er det godt å ha nokre små dokker som medhjelparar. Dei er laga spesielt til denne skuleturneen av Stine Nordeide, som har granska dei ekte solistane og kostymane deira nøye, og har med kreativ innsats og stoffrestar laga små kopiar, slik at f eks kjekkasen og Barbie-kjærasten Ken no er omskapt til den møkkete skurken Monostatos. Men medan den ekte ypperstepresten Sarastro (tolka av den danske bassen Stephen Milling) ruvar meir enn 2 meter over bakken, er dokke-versjonen av han meir beskjedne 30 cm lang.

DKS Magic Flute

TO FORELSKA PAR
Dei to operapedagogane sjølve spelar dei to forelska para i Tryllefløyten når dei er ute på skuleturné, nemleg Papageno og Papagena – og Tamino og Pamina. Tenoren Stian Økland har prins Tamino godt under huda allereie, etter å ha sunge denne helterolla i rundt tjue framsyningar på Allé Theater i Hamburg det siste året. Denne hausten syng han også tittelrolla som Faust av Gounod same stad, pluss at han er i ferd med å spele inn eit nytt album med progrock-bandet Seven Impale her i Bergen.

Medan Martina blir nostalgisk når ho tar fram dei tre gutane, som er dei gode åndene i Tryllefløyten: Då ho var 12 år song ho sjølv ein av dei tre rollene, då Steinerskolen heime på Paradis laga ein versjon av Tryllefløyten på norsk, som vart framført både i Grieghallen og på turné i Sverige. No er Martina etter studieår som songar i England blitt frilans operapedagog, pluss at ho m.a. dirigerer fleire kor her i Bergen, og er prosjektansvarleg for barn og ungdom i Edvard Grieg Korene. Dermed er ho som no administerer dei tre 13-åringane frå Edvard Grieg Guttekor som skal stå på scenen i Grieghallen om få dagar.

DKS TF 5

EKSKLUSIVT TILBOD TIL ELEVANE
Operakurs er eit tilbod som Bergen Nasjonale Opera tilbyr skulane kvar einaste sesong, i samarbeid med Den Kulturelle Skulesekken. Og på det fullbooka kurset denne hausten har Martina og Stian reist til ulike skular frå Rå skole i Rådal i sør, til Garnes ungdomsskule i Indre Arna i nordvest.

Kursa er berre første del i BNOs pedagogiske totrinns-rakett: Elevane som har deltatt, får deretter kome til Grieghallen for å oppleve heile generalprøven på Tryllefløyten gratis på dagtid torsdag 3. november, medan det betalande publikummet må vente heilt til premieren laurdagskvelden 5. november.

Foto frå operakurs på St. Paul skole i Bergen i oktober: Elevane på 9. trinn er allereie godt kjende med tilbodet til Bergen Nasjonale Opera: I vår fekk dei operettekurs i forkant av Den glade enke 2.0, og lærte m.a. å dirigere vals saman med operapedagogane Martina og Stian. No i haust får dei kome til Grieghallen i lag med rundt 700 elevar frå 7.-10. trinn i Bergen kommune for å oppleve heile Tryllefløyten, før alle andre i byen.

Generalprove i Grieghallen med elever

Fristar det med operakurs på eigen skule?
Som nemnt tidlegare er kursa for Tryllefløyten fullbooka, og generalprøven er like rundt hjørnet. Men er du sjølv lærar/kulturkontakt, eller kjenner ungdom som går på 7.-10. trinn i Bergen kommune? Då tipsar vi om at vi nettopp har opna opp for påmeldingar til operakurs for Rusalka komande vår. Kursa er i veke 8 og 10, og kan bookast gjennom kulturkontakten på kvar enkelt skule. Deretter får elevane frå kursa sjå generalprøven torsdag 16. mars 2023.

Klikk her! Dette er ei lenke til DKS-portalen med meir informasjon om operakurset

Siste nyheter

Eivind Gullberg Jensen, Kristin Okerlund og Sascha Goetzel

BNO sørger over tapet av Kristin Okerlund

Me i Bergen Nasjonale Opera sørger over det brå og overraskande tapet av Kristin Okerlund, vår kjære ven, samarbeidspartnar og uvurderlege kollega ved Opera ved Fjorden.

From rehearsals Pelleas et Melisande

Temperaturen stiger

Regissør Alan Lucien Øyen og solistene er godt i gang med prøvene til Pelléas og Mélisande, hvor temperaturen stiger for hver dag som går.

Alexandre Duhamel

Operastjernens favorittrolle

Bass-barytonen Alexandre Duhamel er en sanger som bør stå på ønskelisten til enhver operaelsker. 1.-7. november kan du oppleve han som Golaud i Pelléas og Mélisande av Debussy!

Eivind Gullberg Jensen

En opera du blir forført av

- Jeg satt bare med øynene igjen og lyttet til den uendelig vakre musikken, forteller Eivind Gullberg Jensen om Pelléas og Mélisande.

Audition BNO

Audition

Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Arktisk Filharmoni, Stavanger Symfoniorkester og Kilden Opera, avholder audition i Grieghallen den 4. november 2025

Forest by eugene golovesov unsplash

Handlingen i Pelléas og Mélisande

Den unge kvinnen Meliśande flykter fra en ukjent fare dypt inn i en mørk skog. Slik starter Debussys opera Pelléas og Mélisande, og her kan du lese mer om handlingen!