Hopp til innhold

Opera for framtida

Det har vore, og er på mange måtar framleis, pandemi - og kulturlivet og ungdomen har vore særskilt råka. Difor var det ekstra rørande og gledeleg at mitt aller fyrste prosjekt som operasjef i Bergen vart eit akademi for unge elitetalent, operaens framtid.

O P E R A for framtida: Sommarakademiet Opera ved fjorden - Bergen Nasjonale Operas «signaturprosjekt». Det har vore, og er på mange måtar framleis, pandemi - kulturlivet og ungdomen har vore særskilt råka. Difor var det ekstra rørande og gledeleg at mitt aller fyrste prosjekt som operasjef i Bergen vart eit akademi for unge elitetalent, operaens framtid. At dette skulle verta Noregs fyrste operaakademi for vokal og orkester, var fyrste del av planen - deretter utvikla ideen seg vidare.

Akademi 2021 Konsert Foto av BNO 70

Mitt venskap og kollegaskap til Sascha Goetzel har også vakse under pandemien, der me har sete i Wien og Bergen og undervisa unge dirigenter saman via Dirigentløftet sine «webinar». Me har utvikla dette akademiet saman, og ynskjer å utvikla det vidare i åra som kjem. 10 unge songtalent, 15 unge instrumentaltalent og 2 dirigenttalent møtte oss i Os i midten av august, i strålande solskin - og i løpet av 6 dagar vart dei kyndig simultan-coacha av Solveig Kringlebotn, Kristin Okerlund (vocal coach Wiener Staatsoper), Sascha og underteikna, der alle aspekt ved ei opera-innstudering vart evaluert og utforska real time:)

Etter kvart kom orkestermusikarane, og studentane vart rettleia av erfarne operamusikarar og strålande rollemodellar frå Kungliga Operan i Stockholm, Den Norske Opera & Ballett, Bergen Filharmoniske Orkester, Malmö Symfoniorkester & Det Norske Kammerorkester. I tillegg til å få trening i «operalivet» som orkestermusikar, fekk dei 1-1 undervisning i orkesterutdrag, og dei som ynskja det fekk trena på å halda eit orkesterprøvespel for alle 10 lærarane, med konstruktive tilbakemeldingar frå «juryen».

Akademi Figaro Guro 1

At dei unge operasongarane vart glade for å få jobba med dirigentar og synga med orkester, mange for fyrste gong, var eg aldri i tvil om - difor var tilbakemeldingane frå dei unge orkestertalenta ekstra gledelege, at dei syntes det var så inspirerande og spanande å ta del i ei rask operainnstudering med tilhøyrande utfordring ift å lytta til scene, kvarandre etc. For dirigentane var dette også ein kjærkomen sjanse til å få jobba med orkester og vokal i saman, noko av det vakraste og mest krevjande ein kan gjera som dirigent. Neste sumar vonar me å kunna auka med minst éin disiplin, kanskje regi. På sikt ynskjer me å tilby coaching av alle disiplinar innan opera.

Det var veldig emosjonelt å sjå alle desse unge, flotte talenta utforska og boltra seg i verdas vakraste kunstform i sumar. Me vonar at dette skal verta BNO sitt signaturprosjekt i åra som kjem, og me søkjer allianse ikkje berre med Wiener Staatsoper, men også fleire andre nordiske institusjonar og operahus, slik som i år. Me fekk midler til dette i april, lysa ut akademiet i mai, og resten vart planlagt i løpet av sumaren. Stor takk til fleksibel stab i BNO, og til bl.a. Peter Herresthal og Per Gisle Haagenrud for hjelp med rekruttering av strykarar i sumar. Om me får midlar til å gjenta suksessen skal me auka planleggingshorisonten noko, kanskje utvida til 10 dagar, og eventuelt flytta akademiet til juni/juli. Ekstra takk til alle på veteranskipet M/S Sunnhordland - de gav akademiet ein ekstra intim og varm dimensjon. Kystkultur møter operakultur, ved og på fjorden.

Lunsj MS Sunnhordland

Det er val - politikarane er på tilbodssida - alle skrik etter meir pengar, eg og Bergen Nasjonale Opera inkludert. Då eg nyleg overtok operasjefsstillinga i Bergen var det eit sjokk å sjå kor lite pengar Noregs kulturby og by #2 får til opera frå Kulturdepartementet. Men difor ekstra gledeleg at mitt fyrste prosjekt som operasjef, ei storsatsing på ungdomen og operaens framtid, nesten i sin heilskap vart finansiert med privat stønad, bl.a. stor takk til Grieg Foundation og Dextra Musica. Dette vonar eg Abid Raja m.fl. får med seg - at viljen til å få til ting også utan statsstønad er stor, men at me til hovudsceneproduksjonane våre må få vesentleg mykje meir politisk hjelp, Bergens mesenar kan ikkje ta dette ansvaret åleina.

Eivind Gullberg Jensen
Operasjef

September 2021

Siste nyheter

GC Rieber Fondenes sangstipend Prisvinnere 2025 Foto Monika Kolstad

Utdeling av GC Rieber Fondenes sangstipend

GC Rieber Fondenes sangstipend deles ut til unge sangere for å støtte dem i starten av deres karriere. Midlene benyttes til karrierefremmende tiltak, som mesterklasser og annen undervisning.

Opera ved fjorden sommerakademi 2025 - sangere, repetitører og dirigenter Foto Monika Kolstad

Sommer, sol og Opera ved fjorden!

Endelig er vi i gang igjen med Opera ved fjorden sommerakademi! På lørdag ønsket Oseana på nytt velkommen til den første puljen med studenter og lærere i strålende sommervær.

Operasesongen 2025 - 2026

Operasesongen 2025/26 er lansert!

Bergen Nasjonale Opera (BNO) lanserer i dag sin sesong for 2025/26 med en nobelprisvinner og en av operahistoriens mest populære operaer. I tillegg lanserer operaen et skreddersydd tilbud for de som går alene i operaen.

Publikum synger med på Nystemten

Alene - Sammen!

"Alene sammen" er for deg som kjøper enkeltbillett til operaen og samtidig ønsker å dele opplevelsen med andre.

Therese 3knututler

En Jeppe for vår tid

Forfatter Marit Eikemo og komponist Therese Ulvo har sammen med regissør Maren Bjørseth skapt den helt nye operaen Terminus. Vi tok en kjapp Q&A med skaperne. Urpremieren er på DNO&B i Oslo 15. mai og så kommer den "hjem" til Bergen 28. mai.