Hopp til innhold

Gjentar suksessen med sommerakademiet Opera ved fjorden 2022

– Eg er svært glad for å fortelja at det også vert opera-akademi til sommaren, seier operasjef Eivind Gullberg Jensen. Bergen Nasjonale Opera gjentar nemleg suksessen frå pilotprosjektet i 2021, og arrangerer no eit nytt og større Opera ved fjorden sommarakademi i 2022.

Opera ved fjorden er et unikt og internasjonalt kurs der ein, i løpet av tettpakka dagar, blir følgd opp av framståande kunstnarar innan ulike deler av operafaget. Det rettar seg mot unge songarar, musikarar, dirigentar og repetitører som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Det blir arrangert frå slutten av juni 2022 og blir avslutta med ein konsert i Oseana kunst- og kulturhus 2. juli.

Fyrste gang i år

– Dette var den fyrste draumen som vart fødd då eg vart spurt om å vera operasjef for BNO - deretter har eg utvikla akademiet saman med dirigent og min gode ven Sascha Goetzel, seier Eivind Gullberg Jensen. Sommerakademiet vart arrangert fyrste gongen denne sommaren (2021) og tilbakemeldingene fra årets deltakarar var overveldande positiv.

– Deltakarane uttrykte glede over å få arbeida med dyktige pedagogar, coachar, orkestermusikarar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus og symfoniorkester.

Internasjonale lærerkrefter
Ved siden av den kunstneriske leiinga, Sascha Goetzel og Eivind Gullberg Jensen, vil det kunstneriske teamet til sommarakademiet bestå av sopranen Solveig Kringlebotn og tenoren Michael Schade, saman med dei to pianistane og vocal coach’ane Kristin Okerlund (Wiener Staatsoper) og Hans-Otto Ehrström (Finlands nasjonalopera i Helsinki). Regissøren Ivar Tindberg kjem også, for å setje opp den muntre einaktaren Gianni Schicchi i lag med akademistane.

Gruppeleiarane i årets akademiorkester kjem frå Wiener Philharmoniker, Den Norske Opera & Ballett, Kungliga Operan i Stockholm, Det Kongelige Kapel i København, Malmö SymfoniOrkester og Bergen Filharmoniske Orkester.

Rørande å sjå
Det fyrste sommarakademiet vart avslutta med ein konsert på Oseana kunst- og kultursenter på Os, med alle medverkande som framførde ulike ariar og ensemble framfor eit stort og entusiastisk publikum. Det vart ei strålande avslutning på akademiet, og det var svært rørande å sjå mange av våre komande operastjerner opptre med orkester for fyrste gong.
- Eg er svært glad for å fortelja at det også vert opera-akademi dei neste åra, og gler meg til å møte og jobbe med årets deltakarar og ikkje minst vise arbeida fram for publikum, avsluttar Eivind Gullberg Jensen.

Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge, Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest og GC Rieber Fondene.

Siste nyheter

GC Rieber Fondenes sangstipend Prisvinnere 2025 Foto Monika Kolstad

Utdeling av GC Rieber Fondenes sangstipend

GC Rieber Fondenes sangstipend deles ut til unge sangere for å støtte dem i starten av deres karriere. Midlene benyttes til karrierefremmende tiltak, som mesterklasser og annen undervisning.

Opera ved fjorden sommerakademi 2025 - sangere, repetitører og dirigenter Foto Monika Kolstad

Sommer, sol og Opera ved fjorden!

Endelig er vi i gang igjen med Opera ved fjorden sommerakademi! På lørdag ønsket Oseana på nytt velkommen til den første puljen med studenter og lærere i strålende sommervær.

Operasesongen 2025 - 2026

Operasesongen 2025/26 er lansert!

Bergen Nasjonale Opera (BNO) lanserer i dag sin sesong for 2025/26 med en nobelprisvinner og en av operahistoriens mest populære operaer. I tillegg lanserer operaen et skreddersydd tilbud for de som går alene i operaen.

Publikum synger med på Nystemten

Alene - Sammen!

"Alene sammen" er for deg som kjøper enkeltbillett til operaen og samtidig ønsker å dele opplevelsen med andre.

Therese 3knututler

En Jeppe for vår tid

Forfatter Marit Eikemo og komponist Therese Ulvo har sammen med regissør Maren Bjørseth skapt den helt nye operaen Terminus. Vi tok en kjapp Q&A med skaperne. Urpremieren er på DNO&B i Oslo 15. mai og så kommer den "hjem" til Bergen 28. mai.