Kva skjer i Sweeney Todd?
Har du ikkje høyrt om Sweeney Todd? Og heller ikkje sett filmversjonen med Johnny Depp i tittelrolla? Om dei knivskarpe detaljane skal vere ei overrasking på premieren i Grieghallen, bør du helst ikkje lese vidare – eller i alle fall stoppe før Akt 2!
Her er først ein sommarmild og ublodig oppvarmings-video: Songen By the Sea frå spelefilmen med Johnny Depp som Sweeney Todd og Helena Bonham Carter som hans ”partner in crime” Mrs. Lovett. Ho drøymer om ei romantisk framtid med barberen, medan Mr. Todd sjølv er heller skeptisk:
AKT 1
Vi er i London ein grytidleg morgon. Den unge og muntre skipsoffiseren Anthony og ein dyster mann med namnet Sweeney Todd er nettopp gått i land. Før Todd seier farvel, takkar han Anthony for at han berga livet hans på havet. Ei forvirra tiggarkone avbryt dei to, ber om pengar og gjer frekke tilnærmingar, til stor irritasjon for Todd, som forbannar alt og alle.
DEI VERSTE PAIANE I LONDON
Litt seinare kjem Todd åleine til Fleet Street, der den geskjeftige Mrs. Lovett er i full gang med paibaking i den vesle sjappa si. Ho frydar seg over at ein kunde endeleg dukkar opp, for det er liten tvil om at ho tilbyr The worst pies in London .... Mrs. Lovett fortel at det er harde tider, spesielt for ei einsam kvinne som henne, og kjøttet er dyrt. Men ho understrekar at ho enno ikkje er gått så langt som konkurrenten Mrs. Mooney, som i følgje rykta også puttar små pusekattar i deigen.
Video: Emma Thomson som den pai-bakande Mrs. Lovett saman med Bryn Terfel (Sweeney Todd) på ein konsert i New York:
KNUST FAMILIELUKKE
Mrs. Lovett seier også at det heng ei forbanning over rommet ovanfor butikken – og fortel historia om barberen Benjamin Barker som ein gong budde der, i lag med si vakre kone Lucy og den vesle dottera Johanna. Då den djevelske dommar Turpin fekk auge på Lucy, vart familielukka knust: Ved hjelp av den slu konstabelen klarte dommaren å lokke Lucy til seg og misbruke henne på det grovaste, samtidig som dei to kvitta seg med barberen ved å sende han som straffange på eit skip til Australia.
JOHANNA I KLØRNE PÅ TURPIN
Mrs Lovett konfronterer Todd med at ho nok har forstått at nettopp han er Benjamin Baker, som no har klart å kome tilbake, femten år etter. Men ho fortel at den nedbrotne Lucy tok arsenikk – og at dottera Johanna er hamna i klørne til dommar Turpin, som har oppnemd seg sjølv som verge for henne. Sweeney Todd sver hemn.
Ein annan stad i byen sit dottera Johanna innestengd i herskapshuset til dommaren, som ein fugl i bur. (Green Finch and Linnet Birds). Anthony kjem forbi og blir bråforelska. Snart blir han oppdaga av Turpin og konstabelen, som røft jagar han vekk, men Anthony bestemmer seg for at han skal prøve å redde Johanna.
UTFORDRAR PIRELLI TIL DUELL
På marknadsplassen derimot er det muntert: Der reklamerer den foreldrelause ungguten Tobias for sin fyrrige og italienske sjef, barberen Pirelli, som sel eit mirakuløst hårvekstmiddel. Sweeney Todd nyttar sjansen, og utfordrar Pirelli til duell om kven som er den raskaste barberen – med konstabelen som dommar. Todd vinn iskaldt og suverent, og Mrs. Lovett sørger for å fortelje alle at denne meisteren no tar imot kundar i Fleet Street.
Video: ”The Contest” frå filmen med Sacha Baron Cohen som den pompøse barberen Pirelli og Johnny Depp som Sweeney Todd:
Dommar Turpin held seg heime i herskapshuset medan duellen foregår, og skiftar mellom bibellesing og heftig begjær, før han bestemmer seg for å seie til den sjokkerte Johanna at han skal gifte seg med henne (Johanna/Mea culpa).
SALONGENS FØRSTE OFFER
I den nyopna barbersalongen Fleet Street dukkar etter kvart signor Pirelli opp. Han viser seg å vere ein sjarlatan som Sweeney Todd kjenner godt frå fortida, og som truar med å røpe identiteten hans. Todd har inga tid å miste, og salongen får sitt første lik i lasta: Pirelli blir drepen og gøymd.
Den neste kunden er dommar Turpin, som vil gjere seg velstelt og fin for si komande brud (Pretty Women). Todd gjer seg klar med kniven igjen, men blir overraska av den uvitande Anthony, som brasar inn og syng om at han skal redde Johanna.
BLOD PÅ TANN
Dommaren forsvinn i raseri – og Todd er like rasande fordi han ikkje rakk å utføre hemnen. Men no har Todd fått blod på tann, og når den driftige Mrs. Lovett foreslår ein plan (A Little Priest) om korleis dei kan bli kvitt Pirellis kropp og andre like elendige menneske – samtidig som kjøttpai-geskjeften kan blomstre – er Todd med på notane.
AKT 2
Forretninga i Fleet Street går strykande. Tobias grublar ikkje lenger over kvar meister Pirelli er blitt av, men hjelper ivrig Mrs. Lovett med kundane som strøymer til for å nyte dei uvanleg saftige og velduftande kjøttpaiane rett frå omnen.
Video: ”God, That’s Good “. Suveren servering med Ed Sanders som ungguten Tobias og Helena Bonham Carter som Mrs. Lovett:
Og oppe i barbersalongen fiksar Sweeney stadig nye forsyningar av kjøtt, medan han drøymer om dottera Johanna. Det er berre den irriterande tiggarkona som stadig forstyrrar den gode stemninga i Fleet Street, og ropar at det er noko muffens med røyken frå bakaromnen. Mrs. Lovett på si side drøymer om ei romantisk framtid med Sweeney i songen By The Sea (sjå videoen øverst).
KONSTABELEN BLIR LURT
Anthony oppdagar at dommaren har flytta Johanna til eit sinnssjukehus, for at å halde henne unna verdas freistingar. Saman med Sweeney klekkjer Anthony ut ein plan for å redde Johanna, samtidig som Sweeney utålmodig ventar på at dommar Turpin skal kome til salongen. Men det er uro i lufta, og Tobias held seg tett saman med Mrs. Lovett. Når konstabelen dukkar opp og seier det er kome klagar på den merkelege stanken frå pipa, blir han lokka opp til Sweeney som lovar gratis spesialbehandling …
DRAMATISK FINALE
Johanna klarer å rømme frå sinnssjukehuset, og kjem forkledd som sjømann til barbersalongen. Der gøymer ho seg når ho høyrer den forvirra tiggarkona nærme seg og rope på konstabelen. Sweeney kjem inn, og drep raskt tiggarkona fordi han oppdagar at dommar Turpin er på veg. Idet dommaren set seg i stolen, røper Sweeney at han er straffangen Benjamin Barker, og kan endeleg ta hemn.
Deretter oppdagar Sweeney “sjømannen” (Johanna) som han også gjerne vil bruke kniven på, men ho klarer å unnsleppe. Sweeney skundar seg så ned til Mrs. Lovett i bakeriet, der han forferda forstår at tiggarkona han nettopp har drepe eigentleg var hans store kjærleik Lucy – og at Mrs. Lovett heile tida har halde dette skjult for han. Og no er det Mrs. Lovetts tur til å hamne i omnen. Men når Tobias ser kva som har skjedd, får den sørgande Sweeney Todd smake sin eigen medisin …
Berre det unge paret Johanna og Anthony står no igjen som vitne til vondskapen i Fleet Street.
Tekst: Møyfrid Engeset
Bergen Nasjonale Opera (2019)
Sweeney Todd har premiere i Grieghallen 6. november 2019.