Hopp til innhold

Jubel for dei to norske solistane

«Sunnmøres store Wagner-sopran Elisabeth Teige skapte flere hakeslepp-øyeblikk med sin kraftfulle kanonkule-sopran.» - Aftenposten

«Bror Magnus Tødenes er et supertalent. Han gjør virkelig en flott innsats som Styrmannen. Han har den klangen og brilliansen i stemmen som er spesiell, sjelden og flott å høre på» - NRK

Lovorda strøymde både frå kritikarane og frå publikum som har sett og høyrt sopranen Elisabeth Teige (Senta) og tenoren Bror Magnus Tødenes (Styrmannen) i aksjon på Den flyvende hollender. Begge er frå Sunnmøre, og har et hektisk liv kvar for seg på operascener i inn- og utland. Men dei siste vekene har dei hatt base i Bergen, og øvd intenst i Grieghallen, saman med dei fire utanlandske solistane, Edvard Grieg Kor med gjester og Bergen Filharmoniske Orkester.

STIGANDE STJERNER
Sopranen Elisabeth Teige frå Ålesund, som no er blitt ei av Norges leiande wagnersopranar, syng den kvinnelege hovudrolla som Senta - ho som har en sterk draging mot hollendaren. Teige har allereie hausta jubel og strålande kritikkar for tolkinga av denne rolla ved fleire store operahus i utlandet, etter at hun rolledebuterte som Senta ved Den Norske Opera i Oslo i 2015.

Den unge tenoren Bror Magnus Tødenes er frå Eiksund i Ulstein, og fekk før jul Statoils talentstipend i klassisk musikk. Tødenes har den første store arien i operaen, som den unge og drøymande Styrmannen. Han får i oppgåve å halde vakt på det norske skipet som nærmar seg heimbyen på Sørlandet, men anar ikkje at eit spøkelsesskip ligg like ved ...

VIDARE TIL LEIANDE ROLLER I UTLANDET
Etter den fjerde og siste framsyninga av Den flyvende hollender 16. mars i Bergen, varer det ikkje lenge før både Teige og Tødenes må reise vidare, med andre opera-notar i bagasjen:

Elisabeth Teige skal i mai stå på scenen i Dresden for igjen ha ei kvinneleg hovudrolle: Då som Leonore i operaen Fidelio ved den berømte Semperoper i byen. I 2019 skal hun blant anna til Deutsche Oper i Berlin for å ha en av hovudrollene i ein opera. Vi ventar enno i spenning på avsløringa om kva denne rolla konkret er.

Bror Magnus Tødenes derimot skal til Praha i mai, der han har fått tittelrolla i ein konsertversjon av Mozart-operaen La clemenza di Tito, med Marc Minkowski som dirigent. Og når Festspillene i Bergen startar 23. mai, er Tødenes den einaste solisten i Grand messe des morts av Hector Berlioz - igjen saman med Bergen Nasjonale Opera og Bergen Filharmoniske Orkester. Vi har også fått vite at han skal synge rolla som Hylas i Berlioz-operaen Les troyens, som skal framførast på sjølvaste Bastille-operaen i Paris i januar og februar 2019.

(Publisert mars 2018. Foto: Møyfrid Engeset BNO)

Den flyvende hollender
Den flyvende hollender

Siste nyheter

Sofia Adrian Jupither

- Jeg elsker måten han skriver på

- Trilogien er blant verkene som har berørt meg aller mest av alle bøkene jeg noensinne har lest, forteller regissør Sofia Adrian Jupither.

Kostyme Asle Alida Maria Geber web

Ei tidlaus historie

Forteljinga om Asle og Alida er tidlaus - det har kostymedesignar Maria Geber brukt mykje tid på å få fram i kostyma til songarane.

Asle og Alida - Louise og Wiktor

Endelig i gang!

Det er fem uker til verdenspremieren på Jon Fosse-operaen Asle og Alida og denne uken møttes sangerne for første gang til prøvestart.

Asle og Alida - Musikk av Bent Sørensen

Første korprøve

Denne uken startet Edvard Grieg Vokalensemble innstuderingen av Bent Sørensens helt nye musikk til Asle og Alida.