Kva skjer i Candide?
Den som følgjer Candide ut i verda, bør nok halde seg godt fast i stolsetet eller sidemannen: Vår unge og uskuldige helt legg ut på ei forunderleg og farefull danningsreise, med alt fra forelsking, krig, jordskjelv og flygande gullsauer i vente.
Her er ein guide til Candide, med dei geografiske stadene som haldepunkt. I sjølve operetten er handlinga fordelt på rundt tretti ulike songar og orkesterstykke, og på konsertane i Grieghallen er vi også så heldige å ha Kevin Whately som forteljer. Han vil då lose oss gjennom kvelden, saman med solister, kor og orkester.
AKT 1:
WESTFALEN
Koret helser oss stolt velkomen til det tyske Westfalen, der historia tar til. På det bortgøymde slottet Thunder-ten-Tronck regjerer baronen og baronessa, og lar den evig optimistiske doktor Pangloss vere huslærar for dei fire ungdommane, som alle er naivt uvitande om verda utanfor: Baronparets to barn, den forfengelege Maximilian og søstera hans Cunegonde, prisar det perfekte livet - saman med baronens såkalla «uekte» nevø Candide og tenestejenta Paquette.
CANDIDE PÅ FLUKT
Men lukka varer ikkje så lenge for Candide, for når baronen og resten av den adelege familien oppdagar at Candide og Cunegonde har ein heftig romanse på gang, blir Candide kasta ut av slottet og legg ut på vandring. Han blir deretter tvinga inn i den bulgarske hæren, som også angrip Thunder-ten-Tronck. Alle på slottet blir drepne, og Candide står åleine igjen. (Men ikkje fortvil! I denne operetten blir døde stadig levande igjen, så berre tørk tårene saman med Candide, og følg med vidare.)
Etter ei stund møter Candide ein gammel tiggar som han får medynk for. Tiggaren med metallnase viser seg å vere hans kjære huslærar Pangloss, som ikkje døydde likevel, men som nå er i ferd med å smuldre opp etter å ha blitt smitta av syfilis. Pangloss held optimistisk fast ved sin positive livsfilosofi, og syng at syfilis er kjærleikens gåve til menneska.
LISBOA
Saman med Pangloss reiser Candide i ein skrøpeleg båt til Lisboa, der eit vulkanutbrot nær byen utløyser eit forferdeleg jordskjelv. Jordskjelvet 1. november 1755, der 30.000 menneske omkom, er ein historisk tragedie som rysta Voltaires samtid, og som også var den utløysande årsaka til at han gav ut boka om Candide, fire år etter. For korleis kunne optimisme-tenkarane no framleis påstå at «alt er til det beste»?
I Lisboa leitar den spanske inkvisisjonen etter syndebukker for jordskjelvet, og sjølvsagt er det Candide og Pangloss som blir stilte for retten, medan folkemengda frydar seg. Pangloss må sjå døden i auga igjen, men vår heldige helt Candide slepp unna nok ein gong.
PARIS
I mellomtida er Cunegonde hamna i Paris som prostituert for to mektige menn (for ja, ho overlevde massakren på slottet i Westfalen likevel). Rikingen Don Issachar og erkebiskopen av Notre Dame deler veka mellom seg, berre måndagane har Cunegonde fri, og hun prøver å sjå lyst på sin bitre lagnad i koloraturarien Glitter and be gay. Som reisevenninne har Cunegonde den langt meir verdsvande Old Lady. Sanneleg dukker også Candide opp, og gjer kort prosess med dei to mennene, før han saman med si kjære Cunegonde og The Old Lady rømer frå den franske hovudstaden.
PÅ VEG TIL CADIZ
På veg til Cadiz i Spania fortel The Old Lady si dramatiske historie der ho, som hevder at ho er dottera til ein polsk pave, blant anna har vore slave og fanga av pirater. The Old Lady røper også at hun manglar ein av rumpeballane, fordi ei hungersnaud tvang henne til å ofre han. Men ho har overlevd ved å tilpasse seg, for som hun syng: I am easily assimilated. På veg over havet bestemmer dei seg for å reise vidare mot den Den nye verda, der Candide vil hjelpe jesuittane.
AKT 2:
BUENOS AIRES OG I JUNGELEN
No er følgjet framme i Buenos Aires, der tenestejenta Paquette og Maximilian også har gjenoppstått, no som forkledde slavinner. Den amorøse Guvernøren i byen gjer først kur til Maximiliam, men fell så for søstera Cunegonde, og frir til henne i songen My love. Cunegonde og The Old Lady feirar si kvinnelege list i We are women. Candide legg derimot i veg inn i jungelen, og også her sprett Maximilian og Paquette opp, no som leiarar for jesuittane. Åra går, og i Buenos Aires er Cunegonde og The Old Lady i ferd med å miste tolmodet og keiar seg i guvernørens palass. Han har enno ikkje fridd til Cunegonde, men held henne gjerne varm som elskarinne.
ELDORADO
Candide går seg vill i jungelen, men snublar då plutseleg over Eldorado - eit jordisk paradis!
Her er gatene brulagde med rubinar og edelsteinar, sauane er av gull, og det finst verken hat, grådigheit eller tvang. Men kva er paradiset utan ekte kjærleik? Candide lengtar etter Cunegonde, og bestemmer seg for å forlate Eldorado. Som reisepengar får han ei vakker samling av gylne sauar, og saman flyg dei avstad over fjella.
SURINAM
I den nederlandske kolonien Surinam møter Candide den profesjonelle pessimisten Martin, som er den absolutte motsetnaden til doktor Pangloss. Gullsauene til Candide blir færre og færre, og svindlaren Vanderdendur triksar til seg dei siste, som betaling for eit synkeferdig skip, som skal frakte Candide til Venezia. Ikkje uventa forliser skipet, men Candide reddar seg ombord på ein galei, fylt med fem avsette kongelege, som syng den voggande The Kings’ Barcarolle.
VENEZIA
Galeien kjem til Venezia, der det er tid for karneval. Maximilian er no blitt politisjef i byen, medan The Old Lady og Cunegonde jobbar i casinoet saman med skurken Ragotski. Pangloss og Paquette er sjølvsagt også tilbake, og midt i virvaret får Cunegonde og Candide auge på kvarandre. Endeleg! Men er dette verkeleg draumekvinna frå fortida? Cunegonde er ikkje lenger som Eva frå Edens hage. Og Candide er heller ikke lenger den naive ungguten som ein gong forlet slottet i Westfalen.
We’re neither pure nor wise nor good
We’ll do the best we know.
Let dreamers dream what worlds they please;
Those Edens can’t be found.
The sweetest flowers, the fairest trees
Are grown in solid ground.
Tekst: Møyfrid Engeset
Bergen Nasjonale Opera (2018)
Candide har premiere i Grieghallen 31. oktober 2018