Kari Dahl Nielsen
Den norske mezzosopranen Kari Dahl Nielsen har rolla som Den yngre kvinna i verdspremieren på Asle og Alida her i Bergen våren 2025
Den norske mezzosopranen Kari Dahl Nielsen frå Kopervik på Karmøy er tilsett som operasolist ved Den kongelige danske opera i København. Ho er utdanna hos pedagogen Susanna Eken ved Operaakademiet i København, Det kongelige danske musikkonservatorium, Griegakademiet i Bergen og Hochschule für Musik i Karlsruhe. Nielsen vart tildelt talentprisen i Årets Reumert 2021, som er dansk scenekunsts største prisutdeling.
Nielsen hadde operadebuten sin som Cherubino i Figaros bryllaup (Le nozze di Figaro) under leiing av Alexis Kossenko og Concerto Copenhagen ved Det Kongelige Teater (DKT) i 2018. På DKT har ho også sunge roller som Zerlina i Don Giovanni), Siébel i Faust av Gounod, 2. Dame i Tryllefløyten (Die Zauberflöte), Emilia i Otello, Maddalena i Rigoletto, Blumenmädchen i Parsifal og Agnes i Intet. Intet vann Reumert-prisen for årets opera i 2021.
I sesongen 22/23 i København song ho rollene Tisbe i La Cenerentola (Askepott) av Rossini, Mercédès i Bizets Carmen – og Dorabella i Così fan tutte av W.A. Mozart.
I 2023 husdebuterte ho ved Den Norske Opera og Ballett i rolla som Dorabella i Così fan tutte under leiing av Tobias Ringborg.
Kari har i tillegg ei særleg interesse for Lieder, og har fordjupa seg spesielt i livet og musikken til Edvard Grieg. Ho har også vore guide på Troldhaugen.
Hausten 2024 skal ho igjen synge Cherubino i Figaros bryllaup ved DKT i København, og våren 2025 kjem ho altså hit til Bergen for å tolke Den yngre kvinna i verdspremieren på Asle og Alida.
Publisert april 2024
Hovudkjelde: Heimesida til Kari Dahl Nielsen