Hopp til innhold

Endre Aaberge Dahl

Tenoren Endre Aaberge Dahl er ein av solistane på Viva Verdi!-konsertane på Den Nationale Scene i september

Endre Aaberge Dahl er tenor og kjem frå Sogndal. Han har bachelor i klassisk song frå NTNU institutt for musikk i Trondheim, og master i opera frå Kunsthøgskolen i Oslo, pluss Scuola di musica di Fiesole i Firenze.


Sesongen 2022/23 song han mellom anna Uriah i David and Bathsheba av Ståle Kleiberg med Trondheim symfoniorkester og opera, Reinert i Heksehammeren av Ragnar Rasmussen med Trondheim symfoniske operakor, og Elskaren i Amelia går på ball av Gian Carlo Menotti med Moderna operan i Eskilstuna i Sverige. Han har motteke stipend frå Tom Wilhelmsens stiftelse og Kulturrådet.

Dahl song rolla som smeden Mime i Rhingullet av Wagner under årets sommarakademi Opera ved fjorden. I tillegg song han Rodolfos arie “Che gelida manina” frå La bohème under Torsdagskonserten. På avslutningskonserten vart han tildelt hovudstipendet på 100 000 norske kroner frå GC Rieber Fondene.

I februar neste år (2025) skal han rolledebutere som prins Tamino i Tryllefløyten på Folkoperan i Stockholm.

Oppdatert september 2024