Operettekurs med Den glade enke
I februar og mars 2022 kan ungdomsskuleelevar i Bergen bli kjende med operette-sjangeren generelt, og Den glade enke spesielt, før dei får kome til Grieghallen og følgje heile generalprøven.
Sopranen Martina Starr-Lassen reiser rundt til skulane saman med tenoren og rockegitaristen Stian Økland for å guide elevane ved hjelp av musikk, historier og song. I løpet av to skuletimar kan 8.-10. trinn bli kjende med operetter generelt, og Den glade enke spesielt. Deretter får elevane får kome til Grieghallen og oppleve heile generalprøven torsdag 24. mars kl 11:00.
Dei to unge operapedagogane frå Bergen, som begge også er songarar, vil på ein underhaldande måte presentere tematikk og karakterar i operetten Den glade enke, pluss la elevane bli litt betre kjent med komponisten Franz Lehár og samtida hans. I løpet av desse to skuletimane vil elevane også bli aktiviserte med nokre leikande og praktiske utfordringar. Dei vil også gi elevane innsikt i kva det vil seie å jobbe profesjonelt med opera.
Her kan du lese meir om Bergen Nasjonale Operas versjon av Den glade enke.
PRAKTISK INFO OM KURSA (FULLBOOKA) & GENERALPRØVEN
Operettekurset er laga for 8.-10. trinn i Bergen kommune, og kan f. eks. passe fint for valfaget Sal og scene, og sjølvsagt faget musikk, men vil gi utbytte uansett fag. Martina og Stian møter elevane i klasse/gruppevis (helst maks. 30 elever per kurs). Det kan gjennomførast maks. to ulike kurs per dag à to skuletimar.
Kursa er i veke 7/8 og 10, dvs dagane 18.-24. februar og 7.-11. mars 2022.
Med kurset som grunnlag får elevene deretter oppleve heile generalprøven på operetten Den glade enke i Grieghallen torsdag 24. mars kl 11:00. Elevane får altså ein eksklusiv sjanse til å sjå framsyninga før det vanlege publikummet i Bergen.
PÅMELDING
Påmeldinga blir ordna av kulturkontakten på kvar enkelt ungdomsskule direkte til Den Kulturelle Skolesekken i Bergen.
Påmeldinga skjer her i DKS-portalen (lenke).
GENERELT OM OPERA I SKULEN
Bergen Nasjonale Opera har i en årrekkje tilbydd kurs og prosjekt for både grunnskulen (i samarbeid med Den Kulturelle Skolesekken i Bergen) og vidaregående skuler (i samarbeid med DKS Vestland).
Sesongen 2021/22 har vi tilbod for 5.-10. trinn med Rusalka hausten 2021 (avslutta) – og for 8.-10. trinn med Den glade enke våren 2022, takka vere økonomisk og praktisk støtte frå DKS Bergen.
Har du spørsmål om skuleprosjekta, ta kontakt med kunstnerisk koordinator Møyfrid Engeset i Bergen Nasjonale Opera. E-post: moyfrid(AT)bno.no
Medvirkende
Martina Starr-Lassen
Songar og operapedagog
Stian Økland
Songar og operapedagog
Samtlige spilledatoer
Ungdomsskular i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Ungdomsskular i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Ungdomsskular i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Ungdomsskular i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Ungdomsskular i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Ungdomsskular i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Ungdomsskular i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Ungdomsskular i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Ungdomsskular i Bergen Gratis inngang Gratis inngang
Ungdomsskular i Bergen Gratis inngang Gratis inngang