Hopp til innhold

Takk til alle som kom på Tryllefløyten!

Stor takk til alt publikum frå Bergen og Vestlandet, som fylte kvart einaste sete på kvar framsyning, og var med på å gjera dette til ein stor «operafest». Utan dykkar stønad, oppmøte og entusiasme hadde ikkje dette vorte den suksessen det vart.

Det har vore ei samanhengande stor glede å jobba med Tryllefløyten dei siste 5-6 vekene her i Bergen.

Stor takk til alt publikum frå Bergen og Vestlandet, som fylte kvart einaste sete på kvar framsyning, og var med på å gjera dette til ein stor «operafest». Utan dykkar stønad, oppmøte og entusiasme hadde ikkje dette vorte den suksessen det vart. De er dessutan med på å gje operasjangeren den politiske legitimiteten den treng for å gje Bergen Nasjonale Opera eit kritisk, naudsynt økonomisk løft dei komande åra. Folket har talt - dei vil ha meir kvalitetsopera i Bergen.

Stor takk også til alle involverte - m.a. Bergen Filharmoniske Orkester, Edvard Grieg Kor, Grieghallen, regissør Simon McBurney, samt vårt stjernecast frå inn- og utland.

Me har rettnok medvete satsa på kjende titlar i 2022, men det er likevel ikkje sjølvskrive at me skulle selja ut alle billettane i år, rett etter pandemien, i ei tid då kulturlivet i heile Europa framleis slit.

Over 12.000 har sett våre 2 hovudsceneproduksjonar i 2022 - hadde me hatt meir tid og plass i Grieghallen, kunne me selt fleire tusen billettar til - fantastisk!

TUSEN TAKK, BERGEN!

No gler me oss til vår familieopera «Amahl og de tre vise menn» som vert spela i Grieghallen 20. og 22. desember, og Rusalka, vår neste hovudsceneproduksjon, som kjem i mars 2023.

Velkomen med æra!

Samstundes held me pusten medan me audmjukt ventar på om Vestland fylkeskommune og Bergen kommune kan/vil redda vår haustproduksjon i 2023:

«Real time politikk - BNO minutt for minutt»

Tryllefloyten Foto Magnus Skrede

Siste nyheter

La traviata Melissa og Kristina rehearsal 1500x1000 180226 2

Debuterer i solistrolle

Den unge sopranen Melissa Baug kommer fra Radøy via København til sin solistdebut hos Bergen Nasjonale Opera.

La traviata Foto Monika Kolstad 11

Handlingen i La traviata

Violetta Valéry vet at livet hennes er kort. På en fest introduseres hun for poeten Alfredo Germont og forelsker seg heftig. Les handlingen her.

Ringen kastes 1500x1000

Opernwelt omtale

Gratulerer til alle medvirkende på Pelléas og Mélisande med fantastisk flott omtale i det internasjonale operamagasinet Opernwelt!