Hopp til innhold

Kva skjer i Tryllefløyten?

Magiske instrument, forelska par og mørkret i kamp mot lyset. Her er handlinga i Mozarts evigunge opera, med musikalske smakebitar på video undervegs.

AKT 1
Prins Tamino er komen til eit underleg land og prøver å redde seg frå ein diger slange. Han svimar av, og Dei tre damene til Nattens dronning kjem springande og reddar han. Dei svermar rundt den unge og bevisstlause Tamino, og kranglar om kven som fortener han mest, før dei stikk av igjen. Når Tamino vaknar, anar han ingenting om kva som har skjedd, og blir endå meir forvirra når fuglefangaren Papageno dukkar opp.

I denne videoen er det Roderick Williams som presenterer ein av operaverdas store og frodige personlegdomar i "Der Vogelfänger bin ich ja" – frå The Royal Opera House i London:

Papageno og Tamino prøver nølande å bli kjende med kvarandre, men då kjem Dei tre damene igjen, og kjeftar og hersar med Papageno. Dei viser Tamino eit portrett av Pamina, dottera til Nattens dronning, og Tamino forelskar seg med ein gong.

Nattens dronning kjem inn, og seier at Tamino ikkje må bli redd. Ho fortel at dottera Pamina er fanga av skurken Sarastro, og lokkar Tamino med at han skal få Pamina om han klarer å redde henne. Med på reisa får han ei magisk fløyte, og Papageno får eit klokkespel – og ordre om å følgje Tamino.

Papageno snublar over staden der Pamina er innesperra av Sarastro og hans menn, med sleipingen Monostatos i spissen. Papageno fortel Pamina at Tamino er på veg for å redde henne, og Pamina blir sporenstreks sjarmert når ho får høyre om denne heltemodige prinsen.

Både Papageno og Pamina lengtar etter kjærleik, og syng den kjende duetten “Bei Männern welche Liebe fühlen”, her med sopranen Kate Royal og barytonen Michael Nagy på konsert med Berliner Philharmoniker:

Tamino leitar fortvila etter Papageno, og får hjelp av tre gutar som oppmuntrar han og viser han vegen til Sarastros tempel. Der møter Tamino ein prest (Talaren) som snur verdsbildet hans opp ned ved å fortelje han at Sarastro ikkje er vond, men god, og at han ikkje bør stole på Nattens dronning.

Takka vere den magiske fløyta han har med, klarer Tamino å få dei ville dyra til å danse, og snart høyrer han også Papageno i det fjerne. No er både Pamina og Papageno på leiting etter Tamino, men blir fanga igjen av Monostatos og mennene hans. Men Papagenos velklingande klokkespel løyser floken ved å få desse til å danse og forsvinne.

Ypperstepresten Sarastro kjem, og Pamina fortel at ho prøvde å røme frå den særs usympatiske Monostatos. Sarastro seier at han ynskjer berre det beste for Pamina, men at ho bør frigjere seg frå mora, Nattens dronning. No kjem Tamino inn, og han og Pamina omfamnar kvarandre medan Sarastro jagar Monostatos bort.

Sarastro fortel det forelska paret at dei må gå gjennom diverse visdomsprøver før dei kan få kvarandre.

AKT 2
Sarastro forkynner for presteskapet at Tamino og Pamina skal gå gjennom prøver for å vinne innsikt og visdom, og ber gudane Isis og Osiris om å beskytte paret. Pamina må gå ein eigen veg gjennom prøvene, medan Tamino og Papageno får slå følgje.

Pamina møter mora, Nattens dronning, som blir rasande når ho får vite at Tamino er i ferd med å bli ein del av Sarastros brorskap. No får vi vite forhistoria om dronningas ektemann, som ein gong eigde tempelet og sjølvaste solskiva (der siebenfache Sonnenkreis). Istadenfor at Nattens dronning fekk arve dette då mannen døydde, var det Sarastro som overtok, og frårøva henne all makt.

Nattens dronning gir Pamina ein dolk og forlangar at ho skal drepe Sarastro, elles er ho ikkje dottera hennar lenger. Her er den glødande arien ("Der Hölle Rache kocht in meinem Herzen") med sopranen Diana Damrau frå The Royal Opera House:

Tamino og Papageno må no gjennomgå ein test der dei ikkje må snakke, uansett kva som skjer. Dette klarer sjølvsagt ikkje plapremakaren Papageno – medan prins Tamino er standhaftig, takka vere oppmuntrande støtte frå dei tre gutane.

Men Pamina er fortvila: Når ho prøver å samtale med den tause Tamino, utan å få svar, trur ho at han har slutta å elske henne. Her er Mari Eriksmoen som Pamina på konsert i Provence, i den rørande og såre arien “Ach, ich fühl’s, es ist verschwunden”:

Undervegs i prøvene møter Papageno ei gammal og mystisk dame, som gjerne vil gifte seg med han. I frykt for å bli åleine heile livet tar Papageno sjansen, og kjerringa forvandlar seg til den unge og herlege Papagena. Men lukka varer ikkje lenge: Prestane skil dei, fordi Papageno ikkje klarte å teie still under prøva.

Tamino og Pamina er klare for siste prøve saman. Pamina ynskjer ikkje å leve meir, men dei tre gutane klarer å stoppe henne. Deretter må paret gå gjennom både eld og vatn, men tonane frå den magiske fløyta beskyttar dei, og dei er redda!

Papageno ser ingen lyspunkt no når han har mista Papagena, og vil også seie farvel til verda, men dei tre gutane oppmuntrar han til å lokke henne til seg igjen ved hjelp av klokkespelet. Papagena kjem, og lukka er komplett.

Her er barytonen Thomas Oliemans som Papageno i Simon McBurneys versjon, som vi også skal vise i Grieghallen denne hausten. Og då er det Renate Ekerhovd frå Sotra som skal vere Oliemans makker som Papagena:

Samtidig er Nattens dronning og dei tre damene hennar på veg for å øydelegge Sarastros tempel, og no har dei også fått Monostatos med på laget, med lovnad om at han skal få dottera Pamina som takk.

Men vondskapen må vike – og Sarastro forkynner at lyset har vunne over mørkret.

Møyfrid Engeset
Kunstnerisk koordinator, Bergen Nasjonale Opera

Tryllefløyten har premiere i Grieghallen 5. november 2022.

Siste nyheter

Den glade enke Foto Monika Kolstad

Ledig stilling som inspisient

Vil du jobbe med oss? Bergen Nasjonale Opera søker etter inspisient i fast 100 % stilling fra høsten 2024. Søknadsfrist 3. juni.

Henning Larsen Grieg Hallen Grieghallen Round2 Copyrights by KVANT 1

Slik vil Griegkvartalet se ut

- Med vinnerprosjektet Kontrapunkt vil Griegkvartalet fremstå med en arkitektonisk utforming og funksjonalitet, som vil vitalisere Bergen og tilføre byen noe helt nytt, forteller juryleder Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Champagne Foto Magnus Skrede

Kultur - det som foreinar oss

I ei tid då polarisering er ei av dei største truslane i samfunnet, er eg 100% overtydd om at kunstens grenselause og foreinande kraft, er verdiar me ikkje har råd til å nedprioritera om me skal koma vidare med alle utfordringane i verda.

Flaggermusen Foto Magnus Skrede

6 på terningen fra BA!

Og 5 (av 5) stjerner fra Opera Now - les utdrag fra de flotte anmeldelsene av Flaggermusen her!

Ivi Karnezi Foto Magnus Skrede

Konkurrent til Nystemten?

Har byen fått ein konkurrent til sjølvaste Nystemten? Her er heile teksten til songen "Bergen, å Bergen!", som er ein av godbitane på maskeballet i Flaggermusen.