Hopp til innhold

Kor e alle helter hen?

– Eg har enno til gode å finna nokon som er samd i at eit auka kulturbudsjett vil ha noko som helst innverknad på inflasjonen.

Som varsla baud årets statsbudsjett på eit stort vonbrot for dei fleste, også for oss i kultursektoren. Grunna den kraftige prisveksten og skrinlegginga av gåveforsterkinga, mistar faktisk Bergen Nasjonale Opera ca 1 MNOK (-3%) samanlikna med fjoråret - neste hausts hovudsceneproduksjon står difor i fare.

No er det rettnok krig i Europa, det er energikrise, og me har ein overoppheita økonomi. Då må det strammast inn, alle politiske lovnader må setjast på vent, og det varsla kulturløftet kan me sjølvsagt sjå langt etter. Men vent litt - må me eigentleg berre godta denne bortforklaringa? Ja, burde me tvert imot skamma oss over at me etterspør politiske lovnader under ei krise?

INGEN EFFEKT PÅ INFLASJONEN
Eg har snakka med mange økonomar denne hausten, men eg har enno til gode å finna nokon som er samd i at eit auka kulturbudsjett vil ha noko som helst innverknad på inflasjonen. Ikkje berre utgjer kultursektoren fattige 5-6 promille av statsbudsjettet, men mesteparten av pengane frå våre budsjett går til løn - dvs halda liv i dei yrkesgruppene som vart hardast råka under pandemien. Når våre prosjekt vert kansellerte eller nedskalerte, vert ein del av våre lønsmottakarar frå det frie feltet berre overført til andre budsjett, som f.eks. NAV.

DUGNAD – IGJEN?
Det får meg til å undra, er det atter ein gong dugnadsprinsippet som gjeld her på berget? Når regjeringa ser seg nøydd til å stramma inn, må det også gjelda kulturfeltet - noko anna ville kanskje vore urettvist? Det same dugnadsprinsippet som gjaldt under pandemien, då heile kultur-Noreg måtte stenga ned i utrengsmål, frå Nordkapp til Lindesnes, gong på gong, fordi det vart registrert for mykje smitte i Oslo?

Dugnad eller ei, det vonar eg dei folkevalde er klåre over - kompensasjonsordninga kan aldri gje avlat for den stemoderlege handsaminga av norsk kulturliv under pandemien. Heile bransjen vart alvorleg svekkja, og er det framleis - det vil ta fleire år å gjenoppbyggja kompetanse, og attvinna tilliten hjå vårt publikum.

Det varsla kulturløftet frå Hurdalsplattformen var difor ikkje berre særs etterlengta og kjærkome, men strengt tatt livsnaudsynt - likevel vel Løvebakken no å trekkja i naudbremsa, og nok ein gong stagga kulturlivet.

KUNST ER KRAFT
Eg meinar det pandemien har til felles med dagens situasjon, er at den avslørar ein grunnleggjande mangel på forståing av kulturens kraft og tyding i krisetider. Nokre vil hevda at det er ein klisjé, men eg vel å påminna om det historia har lært oss - at det tvert imot er i særskilt krevjande tider ein ikkje skal kvela kunsten, då kulturen er sjølve hovudpulsåra i eit levande samfunn.

Kunst og kultur skapar samhald, identitet, gjev rom for refleksjon, fremmar ytringsfridom og mangfald, spreiar håp og glede, provoserer, styrkjer mental helse, byggjer bru på tvers av grenser, språk og kultur, gjev livsviktig flukt frå røynda, næring til våre draumar, samt utøver ein særs naudsynt korreks overfor samfunnet me lever i - slik allereie Mozart gjorde det i sine operaer med tilsløra samfunnskritikk, eller Sjostakovitsj som provoserte Stalin til å senda ut hemmeleg politi for å observera publikums reaksjonar under operaen "Lady Macbeth frå Mtsensk".

Kunst er kraft - utan den forvitrar samfunnet frå innsida. Står det verkeleg så dårleg til med AS NOREG at me må setja alt dette på vent?

TYSKLAND STYRKAR KULTURBUDSJETTET
I andre land, som til dømes Tyskland, har kulturbudsjettet derimot vorte styrka, fleire år på rad, gjennom heile pandemien, og no vidare. Dette til trass for at dei vart hårdare råka av pandemien, er nærare krigen i Ukraina, har teke imot uendeleg mange fleire flyktningar, har ei vesentleg større energikrise - men samstundes, har langt i frå dei same inntektene som Noreg under krigen.

Ja, Tysklands kulturminister Claudia Roth seier det svært treffande:

«No, meir enn nokon gong, treng me dei opne rom for diskurs, og det mangfald av meiningar, refleksjonar og tankegods som kunst og kultur gjev oss.»

KOR E ALLE HELTER HEN?
Kva skal til for at slike haldningar kan slå rot her heima? Det er velkjent at tidlegare forbundskanslar i Tyskland; Angela Merkel, er hyppig gjest i Berlins opera- og konsertsalar. Sjølv har eg faktisk, nokre år tilbake i tid, treft opptil fleire folkevalde med «tunge verv» her heima, både på teater, i Oslo Konserthus og i operaen på Youngstorget, på «fritida» - dvs heilt utan åtgaum og snorklipping. Finnes desse i dag også?

Eg vel å tru at dei som til ein kvar tid har den utakksame oppgåva å kjempa for kulturen i regjeringa og på Stortinget, djupast sett ynskjer å forsvara og fremja vårt kulturliv. Men det krev at dei som sit med den eigentlege makta har grunnleggjande kunnskap om, og forståing for, kvifor eit vitalt kulturliv er livsviktig. Det er heldigvis mange døme på folkevalde dei siste tiåra, som har lagt ned uvurderleg innsats for kulturlivet i Noreg, som har hatt gjennombrotskraft, uavhengig av om dei har vore kulturminister, eller sete i ein annan posisjon.

Det er det spørsmålet eg sit igjen med, kvar er desse i dag? Kven er dei? Kor é alle helter hen?

Evind Gullberg Jensen
13. oktober 2022

Siste nyheter

Storm

En stormende tragedie

I Katja Kabanova rives vi med fra første stund. Tekst og musikk er pakket sammen som om det gjaldt livet - og det gjør det. Janáček viser oss opera på sitt beste når han bretter ut sin musikalske rikdom over et heftig drama om ung kjærlighet.

Katja Kabanova

Kva skjer i Katja Kabanova?

Katja drøymer om å vere fri som fuglen. Men ho er fanga i eit ulukkeleg ekteskap, og med ei brutal svigermor som kontrollerer både henne og ektemannen. Så kva gjer ho når den sjarmerande Boris dukkar opp? Her er handlinga i Janáčeks opera, som har premiere hausten 2023.

Stillbilde Leif Ove Andsnes og Eivind 10

Dilla på Dvořák

Har du eit favorittstykke av Dvořák? Eller kjenner du ingenting av han, meiner du? Bli med til Tsjekkia og USA – og på måneferd med Neil Armstrong – i dette utvalet med seks av hans klassiske hits utanom Rusalka.

Leif Ove Andsnes og Eivind Gullberg Jensen

- Melodiene er fantastiske

- Dvořák har det samme talentet som de store operakomponistene Mozart og Verdi, sier pianist Leif Ove Andsnes. Her hører du han spille utdrag fra Rusalka.

Leif Ove Andsnes og Eivind Gullberg Jensen

"Det er trylleri!" - Leif Ove Andsnes

Bli med hjem til Leif Ove Andsnes og et dypdykk i musikken til Rusalka, med musikalske smakebiter fra både operaen og andre kjente mesterverk underveis!

La Fura dels Baus

Fra OL i Barcelona til Rusalka i Bergen

La Fura dels Baus har over 40 års erfaring fra produksjoner som inkluderer åpningsseremonien til OL i Barcelona (bildet), majestetiske operaer og store konserter.