Hopp til innhold

Opera Oslo - Bergen

Det pågår ein operadebatt på Vestlandet for tida. BNO er kritisk underfinansiert, og operasjefen ber om ein auke i tilskotet, for å sikra eit kontinuerleg, heilprofesjonelt operatilbod i Bergen. Utan at dette går på bekostning av tilskotet til Den Norske Opera & Ballet eller regionale operaer.

Av Eivind Gullberg Jensen, publisert 14. august 2021

Det pågår ein operadebatt på Vestlandet for tida - eg har vore tydeleg på dette heile tida, men lat meg vera klinkande klår:

Me i Bergen Nasjonale Opera ynskjer sjølvsagt ikkje at det skal kuttast frå budsjettet til Den Norske Opera & Ballett, i rein Robin Hood-stil.

Eg dirigerte sjølv den fyrste eigenproduserte operaproduksjonen i Bjørvika i 2009, med noverande operasjef Randi Stene i ei av hovudrollene. Alle me som lever av og elskar den unike kunstforma OPERA, her heima på berget, er svært stolt over at Noreg har fått eit topp, moderne operahus i verdsklasse!

På mange måtar kan man argumentera for at sjølv ikkje DNO&B vart styrka tilstrekkeleg finansielt med det fyrste, til å fylla det nye operahuset med nok innhald. På trass av dette er det svært mykje stor kunst som har vorte framført på scenene i Bjørvika, både innan opera og ballett - heilt frå Paul Curran, via Per Boye Hansen, og no med alle dei spanande planane til Randi Stene, samt den fleirårige suksessen til Ingrid Lorentzen.

Kulturredaktør i Bergens Tidende, Frode Bjerkestrand, målar eit mørkt bilete av situasjonen til Bergen i sitt siste innlegg. Han har sjølvsagt rett i at alle signalbyggja i Oslo forpliktar, krev auka drift, som igjen tærer på KUD sitt budsjett. Og når dei fleste av desse byggja står i hovudstaden, vert det naturleg nok ekstrem skilnad mellom «by og land». Men eg vél å tolka det som eit retorisk grep når han skriv at det skal politisk mot til for å kutta frå Oslo si kaka.

Me treng nemleg eit vitalt og slagkraftig operaflaggskip i Noreg - det må sjølvsagt vera Den Norske Opera & Ballett.

Men, BNO vil og skal på same måte vera eit samlande knutepunkt for opera på internasjonalt nivå for heile Vest-Noreg, som alle kan dra vekslar med, frå Operaen i Kristiansund i nord, til Opera Rogaland i sør.

Inga kunstform har nemleg godt av å ha monopol:

Kva hadde Oslo-Filharmonien vore utan knallhard konkurranse frå Bergen Filharmoniske Orkester - Nationaltheatret og Det Norske Teatret utan Den Nasjonale scene, osv.

Bergen Nasjonale Opera er eit naturleg operamiljø #2 i Noreg, og vil på same måte kunna driva ei sunn, kvalitetsdrivande konkurranse og «korreks» til DNO&B, til gjensidig inspirasjon.

Og med dei store planane om å byggja ut Griegkvartalet ved Grieghallen, vil også Bergen få ei scene som er skreddarsydd for vokalmusikk og musikkteater i Bergen.

Alle hjarta i Bergen gjorde eit ekstra hopp då kulturministar Abid Raja lova å sikra vidare prosjektering av Griegkvartalet i Bergen. Men det er vonlaus politikk å byggja musikteaterhus utan å tenkja innhald - det blir som å byggja idrettshallar utan å ha sikra inventar og utstyr.

Difor har Byråd for Kultur, mangfald og jamstilling, Katrine Nødtvedt, skrive eit brev til Kulturdepartementet (Norge) på vegne av Bergen kommune og Vestland fylkeskommune. Der ber dei om at BNO får eit samla auka tilskot på 10-12 MNOK over 2 år.

Bergen vil ikkje stela frå Oslo: Me ynskjer berre at publikummet i Bergen og på Vestlandet skal verta sikra eit kontinuerleg, heilprofesjonelt operatilbod - i denne omgang; 2 fullsceniske operaproduksjonar pr sesong.

Me har bede Abid Raja om smålåtne 4MNOK ekstra for 2022 - det er berre lommerusk når Griegkvartalet skal realiserast.

Skal det vera noko poeng å gå vidare med planane om nytt Griegkvartal i Bergen, må politikarane samstundes visa at dei også er viljuge til å gje levelege vilkår for den kunstforma huset skal byggjast for - kva skal me elles med musikkteaterhuset?

Eivind Gullberg Jensen
14. august 2021

Relaterte artiklar i pressen:

Bergens Tidende, 10. august: 90 % av midlene går til Oslo
Bergens Tidende, 12. august: Bergen må fortsette å leve i skyggen av Oslo. Lenge.

Foto: Operahuset i Bjørvika av Erik Berg

Siste nyheter

Eivind dirigerer festival

Ellevill allsang til Beethoven

Billie Eilish vs. Beethoven? Sjekk allsangen når 20 000 unge musikkelskere tar helt av på rockefestival i Nederland, dirigert av operasjef Eivind Gullberg Jensen!

F 01132 farge

Skrek i skogen – ble stjernesopran

Ausrine Stundyte har hovedrollen i Bergen Nasjonale Operas mektige hovedproduksjon denne høsten, Katja Kabanova av Leoš Janáček. Hør henne fortelle historien bak suksessen!

Opera ved fjorden sommerakademi 2023

Kom med gladnyheten på sommerakademiet!

Gjennom tildeling på til sammen 2,1 millioner kroner i årene 2024-26 sikrer Sparebankstiftelsen DNB langt på vei at Bergen Nasjonale Opera kan videreføre sommerakademiet Opera ved fjorden de neste tre årene!

Annika Beinnes som Adele på sommerakademiet Opera ved fjorden 2023

En sensasjonell debut

Våren 2024 debuterer Annika Beinnes som profesjonell operasanger ved Bergen Nasjonale Opera.

OVF23 dag3 foto Monika Kolstad 4

Se bilder og video

Høydepunkt fra Flaggermusen og hele akt 4 av La bohème er noe av det akademistene på Opera ved fjorden sommerakademi øver på før konsertene 29. juni og 1. juli.