Hopp til innhold

Norsk dugnad

Påtroppande operasjef, Eivind Gullberg Jensen, har skrive brev til Erna, Bent og Abid om den norske dugnaden og kvelartaket denne tar på kulturlivet.

Kjære Erna, Bent & Abid,

Me har no hatt unntakstilstand i Noreg sidan 12. mars grunna Covid-19 - mange næringar har fått kjenna det på kroppen, deriblant kultursektoren, som eg tilhøyrer.

Noreg er verdsmeister i dugnad. I tillegg er nordmenn blant dei mest lojale i verda, i alle fall i fylgje Harald Eia i programmet «Sånn er Norge»:) Nettopp difor har me heldigvis ikkje hatt nokre store problem med corona her til lands - me har til og med hatt eit underskot i dødstal, samanlikna med åra FØR me fekk denne pandemien.

Og me har alle hatt stor forståelse for at tiltaka som kom 12.mars, delvis var eit resultat av frykt og uvetenskap. Og sjølv om ettertida har, og vil, visa at mykje kunne vore gjort annleis, har me, det norske folk, akseptert og fulgt alle tiltaka. Når ein pandemi lammar verda på denne måten, ser me at me trass alt er privilegerte som bur i verdas rikaste land.

No har me derimot levd med dette viruset i over eit halvt år, og me er mange som saknar meir logikk i tiltaka - det vert for enkelt å gjenta grepa frå 12.mars, utan å visa at me no har auka kunnskap om smittespreiing, og vilje til å tilpassa tiltaka. Norsk dugnadsånd står på spel om me no ikkje snart kan snakka rasjonelt om kva som er naudsynt, og ei.

Me har til dømes lov å ha max 200 personar på alle offentlege arrangment, uavhengig av storleiken på lokalet der det skal foregå. Dette er ei historisk knebling av norsk kulturliv som me heilt klart kunne klara oss utan. (At det også sit kun 200 personar på Brann Stadion, med 14 inngongar og kapasitet på 20.000, er ein mager trøyst.)

I Bergen måtte me 8. september gå midlertidig ned til 50 personar, utan forvarsel og dialog med kulturlivet, fordi smitta i Bergen «spratt opp» i over 30 påvisa coronapositive pr døgn - dette på eit tidspunkt då det veksla mellom 0 og 1(!) innlagte ved sjukehusa i Bergen. (Det kulminerte med 6 innlagte 24. september.)

Visst gjekk smitta ned - men det var nok fordi folk i Bergen tok meir ansvar, ikkje fordi det var 15m i staden for 5m mellom kvar tilskodar i t.d. Grieghallen og ved Den Nationale Scene.

Er det lov å seia at dette ikkje heng på greip? Er det lov å vona at våre folkevalde overtar dugnadsånda vår, og tar seg tid til å skreddarsy tiltaka ift kvar smitta faktisk foregår, og kva kapasitet lokala har? DET hadde vore ein kjærkomen dugnad!

Mine foreldre er gamle og sjuke, og eg har også jamgamle og yngre vener med underliggjande sjukdomar i «risikogruppa» - ingen av desse ynskjer eg skal rammast av den pågåande pandemien. Eg hadde likevel ikkje hatt problem med å senda dei inn i ein halvfull konsert- eller teatersal (600 - 800), der alle gjerne kunne nytta munnbind, sit framovervendt på nummererte stolar, med regulert avstand. Eg trur norske konsert- og teatersalar er blant dei «coronatryggjaste» stadane i samfunnet for tida, ingen stadar vert smittevern fulgt betre opp - så fort ein kjem ut på gata, kollektivtransport og inn på shoppingsentre, og ikkje minst alle stader der det vert servert alkohol, så aukar smittefaren betrakteleg. Smittefaren er ironisk nok mykje større heima i ditt eige hus, enn i ein konsertsal! (Med mindre du bur åleina.)

All smitte me har hatt i det siste har beviseleg vore knytta til meir eller mindre private arrangement, med alkohol i biletet - eg føler at norske folkevalde nyttar innstramming i kulturlivet som ei straff mot folket, og for å senda signal til folket om å skjerpa seg i det private rom. Det er ei rå utnytting av vårt sårbare kulturliv - og eit signal om at norsk kultur «ikkje er så viktig», at det kan ofrast, og nyttast som eit kommunikasjonsmiddel.

Seinast i kveld står Bent Høie fram på Dagsrevyen, og truar med å overkøyra Oslo Byråd, fordi det har vore nokre døgn med 40-50 påvisa smitta i hovedstaden.

Det fyrste (!) tiltaket han etterlyser, er sjølvsagt at man senker maxantallet ved offentlege arrangement til 50 personar!

Om me ser litt bak desse tala, ser man noko som er veldig underkommunisert:

Det vert kun snakka om «antall smitta» - og ikkje kor mange (les:få) som vert sjuke.

Man snakkar heller ikkje om at man testar mange gonger fleire enn man gjorde i sumar. Faktisk var det like mange (eller få), og til tider fleire, innlagt ved sjukehusa i Oslo i sumar, som/enn det er no.

Over 99% av alle coronatester i Noreg er negative!

Likevel vurderer man å stenga ned kulturlivet ytterlegare - forstå det den som kan...

Norske kulturinstitusjonar lever for tida med eit «damoklessverd» over seg - om nokon vert smitta blant dei ansatte, kan så store deler av teaterlaget eller orkestreret etc verta satt i karantene, at alt må kansellerast, sjølv om alle er heilt friske.

Alle institusjonar nyttar med jamne mellomrom frilansarar, ei sårbar gruppe der mange står heilt på bar bakke, utan oppdrag eller inntekt. No går det dessutan rykte om at kompensasjonsordninga for alle frie kunstnarar vert avvikla i november.

Me snakkar om ei mengde utøvende kunstnarar på svært høgt nivå, som kanskje må finna på noko heilt anna i livet.

Abid, me treng ein sterk kulturminister framover - ikkje berre ein snill og hyggjeleg kar som smiler og applauderer alt som Høie og Solberg seier! Gje oss tilbake kulturen - hugs, det var produkt/underhaldning frå vårt rike kulturliv, som haldt alle oppe då folk sat heima i stovene sine i mars og april.

Mange vil kanskje hevda at eg går litt hardt ut mot våre folkevalde, men eg litar på Albert Einstein, som ein gong sa:

«Unthinking respect for authority is the greatest enemy of truth»

Helsing

Eivind Gullberg Jensen

Frilansdirigent og påtroppande operasjef for Bergen Nasjonale Opera

Siste nyheter

Storm

En stormende tragedie

I Katja Kabanova rives vi med fra første stund. Tekst og musikk er pakket sammen som om det gjaldt livet - og det gjør det. Janáček viser oss opera på sitt beste når han bretter ut sin musikalske rikdom over et heftig drama om ung kjærlighet.

Katja Kabanova

Kva skjer i Katja Kabanova?

Katja drøymer om å vere fri som fuglen. Men ho er fanga i eit ulukkeleg ekteskap, og med ei brutal svigermor som kontrollerer både henne og ektemannen. Så kva gjer ho når den sjarmerande Boris dukkar opp? Her er handlinga i Janáčeks opera, som har premiere hausten 2023.

Stillbilde Leif Ove Andsnes og Eivind 10

Dilla på Dvořák

Har du eit favorittstykke av Dvořák? Eller kjenner du ingenting av han, meiner du? Bli med til Tsjekkia og USA – og på måneferd med Neil Armstrong – i dette utvalet med seks av hans klassiske hits utanom Rusalka.

Leif Ove Andsnes og Eivind Gullberg Jensen

- Melodiene er fantastiske

- Dvořák har det samme talentet som de store operakomponistene Mozart og Verdi, sier pianist Leif Ove Andsnes. Her hører du han spille utdrag fra Rusalka.

Leif Ove Andsnes og Eivind Gullberg Jensen

"Det er trylleri!" - Leif Ove Andsnes

Bli med hjem til Leif Ove Andsnes og et dypdykk i musikken til Rusalka, med musikalske smakebiter fra både operaen og andre kjente mesterverk underveis!

La Fura dels Baus

Fra OL i Barcelona til Rusalka i Bergen

La Fura dels Baus har over 40 års erfaring fra produksjoner som inkluderer åpningsseremonien til OL i Barcelona (bildet), majestetiske operaer og store konserter.