Hopp til innhold

Opera ved fjorden - Torsdagskonsert

Kjøp billetter

Opera ved fjorden - Torsdagskonsert

Spilleperiode

25. juni 2026

Sted

Oseana kunst- og kultursenter

Spilletid

2 t 20 min time, inkl. pause

Billetter

100 - 250

Bli kjend med dei unge operasongarane som er utvalde til årets Sommarakademi! Denne torsdagskvelden entrar dei scenen med sine favorittariar.

Sommarakademiet Opera ved fjorden finn stad for 6. gong. Denne torsdagen får du høyre vakre og kjende ariar songarane sjølv har valt å framføre i lag med årets
akademiorkester.

Kanskje er det morgondagens operastjerner du får høyre for første gong?

Akademiorkesteret har i år 35 unge orkestermusikarar, som speler i lag med sine gruppeleiarar, alle frå store operahus eller symfoniorkester. Konsertmeister er Maxim Brilinsky, gruppeleiar 1. fiolin, Wiener Philharmoniker

Torsdagskonserten varer ca. 2 timar og 20 minutt, inkludert 30 minutt pause.

Rullestolplass og ledsager-billett
Eit avgrensa tal rullestolplassar og ledsager-billettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte Oseana på telefon:
917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

Videoen nedanfor:
Her høyrer du sopranen Annika Beinnes synge Je veux vivre av Charles Gounod på Opera ved fjorden sommarakademi 2022, dirigert av akademisten Rasmus Hella Mikkelsen. Frå sesongen 2025/26 er Hella Mikkelsen den nye assistentdirigenten for Bergen Filharmoniske Orkester.

KVA ER SOMMARAKADEMIET?
Sommarakademiet Opera ved fjorden rettar seg mot unge songarar, orkestermusikarar, repetitørar og dirigentar over 18 år som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Deltakarane får arbeide med dyktige pedagogar, coachar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus og symfoniorkester.

Opera ved fjorden – Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge og GC Rieber Fondene.Fotokavalkade frå Opera ved fjorden - Sommarakademi 2021- 2025:

Samtlige spilledatoer


25/06 Torsdag 18.00
Oseana kunst- og kultursenter, Os Kjøp billetter
Kjøp billetter