OperaPubens Julespesial
No har du sjansen til å opptre med din eigen musikalske favoritt i OperaPubens Julespesial. Her er det rom for både førjulssprell og alvor.
Som tradisjonen tilseier blir kvelden høgtideleg avrunda med O helga natt som allsong, også i år med Bernt Bauge som pianist. Tenoren Stian Økland er programleiar, og pianisten Ellena Armelius spelar for songarane.
GENERELT OM OPERAPUBEN
OperaPuben blir no arrangert på Kulturhuset i Bergen sentrum. Her kjem du tett på songarar i uformelle omgjevnader. Solistane er lokale amatørar og profesjonelle songarar, studentar, koristar og av og til også gjestande operastjerner frå produksjonane til Bergen Nasjonale Opera.
Det er ikkje berre dei store og dramatiske ariane som får plass her: Musikalnummer, romansar, eigne komposisjonar … kvar OperaPub har sin eigen personlegdom, og det dukkar alltid opp ein eller fleire overraskingar,
Konserten er gratis, og du treng ikkje billett for å kome inn. Men merk at det kan bli temmeleg fullt, så kom gjerne litt tidleg. Baren i Lillesalen opnar vanlegvis i halvtimen før konsertstart, og i 1. etasje er det også restaurant.
HAR DU LYST TIL Å OPPTRE?
Ynskjer du sjølv å entre scenen på OperaPuben? Vi stiller med proff pianist! Kontakt Bergen Nasjonale Opera ved kunstnerisk koordinator Møyfrid Engeset på moyfrid(AT)bno.no i god tid i forkant, og fortel kva du kan tenkje deg å framføre. Når du har fått grønt lys, formidlar ho kontakt med pianisten, slik at du kan sende notane som trengst.
Om du ynskjer å bruke din eigen pianist/akkompagnatør er det også heilt ok, og f.eks. koristar som vil synge a cappella er også hjarteleg velkomne. Det er muleg å øve med pianisten vår i konsertlokalet i forkant same kveld, vanlegvis i halvtimen før konserten startar.
Merk at dette er lagt opp som ein akustisk konsert, så vi tilbyr ikkje tilpassa lydanlegg for verken song eller instrument – berre ein enkel mikrofon for introduksjonane.
10-ÅRSJUBILEUM
Denne hausten er det 10 år sidan (september 2014) Bergen Nasjonale Opera sette i gang med OperaPub, og etter å ha arrangert dette populære og uhøgtidelege konseptet både på Logen Bar, Chagall, Underlig og Sardinen USF held vi sidan hausten 2021 til i Kulturhuset i Vaskerelven.
Her kan du lese kva Bergens Tidende skreiv om oppstarten (ekstern lenke) i september for 10 år sidan.
Kulturhuset i Bergen (lenke)
Lillesalen (2. etasje)
Vaskerelven 8
5014 Bergen
Gratis inngang
Heis er tilgjengeleg
Sjekk gjerne tidlegare innslag på OperaPubens YouTube-kanal om du vil ha ein musikalsk smakebit!
FOTOSERIEN er frå den legendariske huspremieren på det nye Kulturhuset i Vaskerelven, i oktober 2021, med mellom andre sopranen Mari Eriksmoen, bassen Jongmin Park, Rushana Brandanger med eigen komposisjon – og pianistane Tor Erik Seime Pettersen og Ahmad Hedar:
VIDEOAR:
Medvirkende
Ellena Armelius
Pianist
Stian Økland
Vert for julespesialen
Samtlige spilledatoer
Kulturhuset i Bergen / Lillesalen (Julespesial) Gratis inngang Gratis inngang
Kulturhuset i Bergen / Lillesalen Gratis inngang Gratis inngang
Kulturhuset i Bergen / Lillesalen Gratis inngang Gratis inngang
Kulturhuset i Bergen / Lillesalen Gratis inngang Gratis inngang