Hopp til innhold

Takk til alle som kom på Den glade enke 2.0!

Eit godt publikum vil alltid påverka resultatet på scenen – takk til alle som kom - de gjorde oss betre, og de gav oss ei kjærkomen stadfesting om at me framleis er ynskja, og at me er ein naudsynt del av samfunnet.

Dagane derpå kjenner eg på ei djup takksemd til heile det bergenske folk som trassa frykt for omikron, og braut med vanar innarbeida dei siste to åra, om at kunst og kultur er noko som føregår på ein skjerm, trygt heima i stova. Om nokon hadde sagt til meg på nyåret at me ville selja ut 4 fulle Griegsalar, allereie før premieren av Den glade enke 2.0, hadde eg berre ledd.

Når eg no likevel smilar og ler, så er det av heilt andre årsaker. Etter 2 svært krevjande år for kulturbransjen var det ekstra rørande og sterkt å oppleva Grieghallen fylt til randa med levande og engasjerte menneske som lytta, lo, song med, klappa, reisa seg, og som gav av seg sjølv.

Mange av oss har gjort tallause konsertar med alt frå 0 til 50 menneske i salen, men sjølv den mest perfekte streaming kan ikkje erstatta levande kunst framfor eit stort og deltakande publikum.

Eit godt publikum vil alltid påverka resultatet på scenen – takk til alle som kom - de gjorde oss betre, og de gav oss ei kjærkomen stadfesting om at me framleis er ynskja, og at me er ein naudsynt del av samfunnet – kanskje meir naudsynt slik verda ser ut no, enn på lenge.

Ein annan viktig dimensjon med laurdagens suksess, er det faktum at me i Bergen ynskjer å byggja eit nytt musikkteaterhus (Griegkvartalet), og at me har freista skapa politisk forståing for at opera er ei kunstform som ikkje berre skal utøvast på høgaste nivå i Oslo, men også her på Vestlandet, i «by nr. 2».

Politisk forankring er viktig, og me har allereie fått gode signal om at operamiljøet i Bergen vil styrkast.

Men utan folkets stønad, interesse, og vilje, har politisk momentum inga kraft eller meining.

Soleis kan ein seia at laurdagens premiere var viktig, på så mange nivå.

At ein fullsett Grieghall, kanskje med unntak av den lokale bladfyk, verka storkosa seg med vår versjon av Den glade enke, fortel oss at Bergen ynskjer og fortenar meir opera og operette – og me er ikkje kravstore på vegne av bergensarene – det er så viktig for både Vestlandet og heile landets profesjonelle operamiljø, at BNO kan produsera på dette ambisjonsnivået, minst kvar vår og kvar haust.

Opera femnar om alle sjangrar, og er soleis ei kostbar kunstform. Eg hadde difor, heilt frå eg vart spurt om å ta over BNO, eit sterkt ynske om frå starten å visa at sjangeren verken er elitistisk, utdatert, eller for særskilt interesserte – nei, tvert imot ei levande og folkeleg kunstform, som har utvikla seg i takt med samfunnet gjennom fleire hundreår.

Den glade enke 2.0 er eit framifrå døme på dette – historia er flytta til vår tid, til vår by, til gjenkjenneleg humor, på våre språk – men relasjonane og den velkjende musikken er dei same.

No kan me ikkje berre presentera framsyningar med kvikk satire og melodiar alle dreg kjensel på – i ei tid då alle har det altfor travelt, er det minst like viktig å kunna dvela ved dei eksistensielle spørsmåla, og våga lytta på scener der det tar ein halvtime å døy, eller å seia «eg elskar deg».

Eg vonar vårt publikum i Bergen og på Vestlandet vil vera med på den reisa, også når me skal ferdast i meir ukjent terreng - krafta frå engasjerte bergensarar er noko av det sterkaste og beste som finst, og me treng dykk på laget i tida som kjem. Eg kan lova at store opplevingar i Grieghallen vert endå større i eit framtidig Griegkvartal, skreddarsydd for teater og den menneskelege røyst.

No gler eg meg over fire fullsette framsyningar av Den glade enke – og eg ser vidare fram mot forhåpentlegvis same engasjement når me til hausten spelar Tryllefløyten.

Hjarteleg stor takk til alle som har bidratt både framom, på og bak scenen, og til det kreative teamet frå Det Kongelige Teater i København.

Eivind Gullberg Jensen
Operasjef

Siste nyheter

Albert Dohmen og Eivind Gullberg Jensen

Wagner-legenden ser fremtiden på Os

- Umiddelbart synes jeg dette var en strålende idé, forteller en av vår tids fremste Wagner-tolkere, sangeren Albert Dohmen. Han er en av lærerkreftene i dette årets Opera ved fjorden.

NHB 3 damer 1

Fantasifulle kostymer

Få en sniktitt på kostymene til Tryllefløyten og Rhingullet, som fremføres på Opera ved fjorden sommerakademi i juni!

Eivind Gullberg Jensen OVF24

Setter rekord med eventyrlig sommerakademi

- Eventyrene står i fokus når verk av to av de mest kjente operakomponistene skal fremføres under Opera ved fjordens to konserter, forteller operasjef Eivind Gullberg Jensen.

Annika Beinnes ariekonsert Opera ved fjorden

Wagner-opera og favorittarier

På den storslåtte avslutningen av årets sommerakademi Opera ved fjorden byr vi på sangernes favorittarier og ikke minst høydepunkt fra Wagners Rhingullet!