Hopp til innhold

Kva skjer i Macbeth?

Her er handlinga i Macbeth, som vart den første av i alt tre operaer Giuseppe Verdi bygde på dramatikkens meister, Shakespeare.

TID OG STAD
I originalhistoria av Shakespeare er vi i Skottland rundt midten av 1000-talet.

AKT 1
Dei to generalane Macbeth og Banco, som også er nære vener, feirar sigeren etter eit slag for den skotske kongen Duncan. Plutseleg dukkar hekser opp og spår at Macbeth både skal få tittelen than (jarl) av Cawdor – og bli konge i Skottland. Til Banco seier heksene at hans barn skal bli kongar.

Like etter kjem ein bodberar frå Duncan og fortel at Macbeth er utnemnd som than av Cawdor, fordi den tidlegare thanen viste seg å vere ein forrædar mot kongen, og dermed har mista både tittelen og livet.

Heime på slottet les Lady Macbeth eit brev ho har fått av mannen sin, der han fortel om dei forlokkande spådommane til heksene, og at han allereie er blitt than av Cawdor. Når ho får vite at kong Duncan kjem saman med Macbeth til slottet same kveld, klekkjer ho ut ein blodig plan for å oppfylle den andre delen av profetien. Når Macbeth kjem heim, følgjer han Ladys vilje, og drep kong Duncan same natt. For å skyve mistanken over på andre, legg Lady Macbeth kniven ved dei sovande vaktene.

Neste morgon oppdagar adelsmannen Macduff den drepne kongen, og alle på slottet er i opprør. Også Macbeth og Ladyen latar som dei er sjokkerte.

AKT 2
Macbeth er blitt utnemnd til ny konge, for Malcolm, sonen til den drepne Duncan har rømt til England – og rykta går om at det er Malcolm som er mordaren. Sjølv om Macbeth har klart å erobre kongetrona, får han likevel ikkje ro i sjela: Han hugsar spådommen til heksene om at etterkomarane til Banco skal bli kongar, og Macbeth sjølv er barnlaus. Han overbeviser dermed Lady Macbeth om at også Banco må ryddast av vegen.

Macbeth gir leigemordarar i oppgåve å drepe både Banco og sonen hans, Fleanzio. Dei klarer å drepe Banco, men vesle Fleanzio klarer å unnsleppe.

Ekteparet Macbeth har stor fest på slottet når ein av leigemordarane kjem inn og kviskrar til Macbeth kva som har skjedd. Macbeth synest han ser gjenferdet av den myrda Banco midt blant gjestene, og får eit samanbrot.

Lady Macbeth prøver så godt ho kan å roe gjestene, men feststemninga er øydelagt. Macduff bestemmer seg for å forlate landet og slutte seg til den rettmessige kongssonen Malcolm.

AKT 3
Den plaga Macbeth oppsøkjer igjen heksene for å vite kva som ventar han i framtida. Heksene lokkar fram tre ulike «syn» (apparisjonar):

Den første åtvarar han mot Macduff. Den andre seier at ingen fødd av ei kvinne kan skade Macbeth. Den tredje seier at Macbeth er uslåeleg heilt til Birnamskogen byrjar å marsjere mot han. Macbeth er letta over desse lyse profetiane, men då viser gjenferdet av Banco seg igjen, saman med ei heil rekkje av framtidige kongar.

Macbeth vil ikkje gi slepp på makta, og bestemmer seg saman med Lady Macbeth for å gi soldatane sine i oppdrag å drepe alle mulege fiendar, ikkje minst Macduff og heile familien hans.

AKT 4
Det skotske folket er på flukt frå tyrannen Macbeth, og Macduff får vite at både kona og alle barna hans er blitt myrda. Kongssonen Malcolm kjem med hjelp frå England og oppfordrar til krig mot Macbeth. Han gir soldatane ordre om å ta greiner frå Birnamskogen og marsjere i skjul bak desse.

Inne på slottet er Lady Macbeth i ferd med å miste forstanden. I den berømte søvngjengar-scenen vandrar ho rundt og prøver å vaske hendene reine for innbilt blod. Men ugjerningane og det svarte samvitet er umuleg å fjerne.

Når Macbeth ei stund etter får vite at Lady er død, seier han dei kjende og shakespearske orda:

Livet … kva spelar det for rolle?
Det er ei segn fortald av ein dåre,
full av larm og vreide, utan meining.

La vita … che importa?
È il racconto d’un povero idiota;
Vento e suono che nulla dinota!

Så kjem meldinga om at Birnamskogen bevegar seg framover: Soldatane bak greinene er altså på veg for å kjempe mot Macbeth. Når Macduff møter Macbeth til kamp, flirer Macbeth og seier at «ingen fødd av ei kvinne» kan skade han, men då kan Macduff triumferande fortelje at han vart skoren ut av mor si – og drep deretter Macbeth.

Malcolm blir løfta fram av folket som den nye og rettmessige kongen.

Tekst: Møyfrid Engeset
Bergen Nasjonale Opera (2020)

Macbeth skulle hatt premiere i Grieghallen 7. november 2020, men ble avlyst pga korona-situasjonen.

Siste nyheter

Julien Behr og Sofia Nesje Enger 1

Ble operastjerne ved en tilfeldighet

Den franske tenoren Julien Behr har de siste 15 årene opptrådt i ledende roller på operahus både i Asia, Nord-Amerika og Europa. Men det var egentlig advokat han ønsket å bli.

Eivind Gullberg Jensen 151025 2

Starten av operaløftet?

Bergen Nasjonale Opera fekk i dag ei varig auke i driftstilskot på 1,5 MNOK frå Kulturdepartementet.

Eivind Gullberg Jensen, Kristin Okerlund og Sascha Goetzel

BNO sørger over tapet av Kristin Okerlund

Me i Bergen Nasjonale Opera sørger over det brå og overraskande tapet av Kristin Okerlund, vår kjære ven, samarbeidspartnar og uvurderlege kollega ved Opera ved Fjorden.

From rehearsals Pelleas et Melisande

Temperaturen stiger

Regissør Alan Lucien Øyen og solistene er godt i gang med prøvene til Pelléas og Mélisande, hvor temperaturen stiger for hver dag som går.

Alexandre Duhamel

Operastjernens favorittrolle

Bass-barytonen Alexandre Duhamel er en sanger som bør stå på ønskelisten til enhver operaelsker. 1.-7. november kan du oppleve han som Golaud i Pelléas og Mélisande av Debussy!

Eivind Gullberg Jensen

En opera du blir forført av

- Jeg satt bare med øynene igjen og lyttet til den uendelig vakre musikken, forteller Eivind Gullberg Jensen om Pelléas og Mélisande.