OperaPub: Festspill-spesial
Czardasfyrstinnen kjem, det gjer også Cavaradossi, Violetta, prins Sou-Chong – og mange andre syngande gjester. Kjem du? Velkomen til ei spesialutgåve av OperaPuben i samarbeid med Festspillene i Bergen!
Både amatørar og profesjonelle skal stå på scenen denne onsdagskvelden, og ei gruppe frå det bergenske Collegium Musicum-koret skal også synge oss inn i sommarnatta. Vi kan gle oss til både romansar, opera og operette, pluss tango-inspirerte tonar og nykomponert musikk til ære for operalegenden Maria Callas. Festspel-spesialen blir arrangert i Lillesalen (2. etasje) i Kulturhuset, der vår pianist Ellena Hale spelar til artistane. Merk at konserten startar kl 22:00 denne gongen, og dette betyr også at du kan rekke andre festspel-arrangement i forkant.
Oppdatering etter konserten 1. juni: Sjå heile konsertprogrammet nedanfor.
Feiring av Fanny
Festspillene i Bergen blir arrangert for 70. gong i år, og visste du at ein norsk operasongar var ein av drivkreftene? Alten Fanny Elsta (1899-1978) hadde ein internasjonal karriere, blant anna under festspela i Salzburg, og meinte at Bergen absolutt burde få til noko liknande. I juni 1953 gjekk draumen i oppfylling, med historias første festspel i byen, og Elsta song sjølv på fleire romanse-konsertar i lag med pianisten Robert Riefling på Troldhaugen – og også frå ein balkong på Hotel Norge ut til folkehavet. Vi har funne ut at Fanny Elsta i alle fall song to konkrete Grieg-songar under Festspillene: "Jeg elsker dig" og "Solveigs sang", og vi heidrar henne med begge desse songane på OperaPuben. Her er det pressa skreiv om avslutningskvelden 15. juni 1953, som også var ei markering av Griegs fødselsdag:
Mens alle menneskene var samlet om begivenheten ved Grieg-statuen trådte sangerinnen Fanny Elsta i hvit kjole som en fédronning, frem på en Norge-balkong og sang for de titusener. Da de siste toner av "Solveigs sang" døde hen i sommernatten, bølget jubelen opp som en takk til sangerinnen: Hurra for Fanny Elsta! – Og etterpå var det dans på Festplassen, inntil rakettenes glitrende stjernedryss laget punktum finale for Festspillene 1953. (Bergens Arbeiderblad 16. juni 1953)
Generelt om OperaPuben
På
OperaPuben kommer du tett på sangere i uformelle omgivelser.
Solistene er amatører, studenter, korister og av og til også gjestende operasangere fra våre forestillinger. Det
er ikke bare de store og dramatiske ariene som får plass her:
Musikalnummer, romanser, egne komposisjoner … hver OperaPub har
sin egen personlighet, og det dukker alltid opp en eller flere
overraskelser.
For publikum: Konserten er gratis, og du trenger ikke billett for å komme inn. Men merk at det kan bli ganske fullt av og til.
Ønsker
du selv å entre scenen på OperaPuben? Vi stiller med proff pianist! Kontakt Bergen
Nasjonale Opera ved koordinator Møyfrid Engeset på moyfrid@bno.no i god tid i forveien, og fortell hva du kan tenke deg å fremføre. Når du har fått grønt lys, formidler hun kontakt med pianisten, slik at du kan sende notene som trengs. Om du ønsker å bruke din egen pianist/akkompagnatør er det også mulig, og f eks kor som vil synge a cappella er også hjertelig velkommen. Det er mulig øve med vår pianist i konsertlokalet i forkant samme kveld, vanligvis i halvtimen før konserten starter.
Det er nå snart åtte år siden (2014) Bergen Nasjonale Opera satte i gang med OperaPub, og etter å ha arrangert dette populære og uhøytidelige konseptet både på Logen Bar, Chagall, Underlig og Sardinen USF er nå turen kommet til det nye Kulturhuset i Vaskerelven.
Adresse for OperaPuben sesongen 2021/22:
Kulturhuset i Bergen (lenke)
Vaskerelven 8
5014 Bergen
Heis er tilgjengelig
OPERAPUBANE SESONGEN 2021/22
1. juni (Festspill-spesial) - fullt konsertprogram
Pianist: Ellena Hale
Elise Varne:
Solveigs sang – nr 19. frå op. 23 (Peer Gynt) av Grieg
tekst: Henrik Ibsen (Fanny Elsta song denne frå Hotel Norge-balkongen 1953)
Håvard Stensvold:
l lacerato spirito frå Simone Boccanegra av Verdi (... med innslag frå Kardemomme by!)
rolle: Fiesco
Simon Aadland:
In der Fremde frå Liederkreis op 39 av Schumann
tekst: Joseph von Eichendorff
Dein ist mein ganzes Herz frå Smilets land av Lehár
rolle: prins Sou-Chong
Nora Oleanne Sårheim:
Meine Lippen sie küssen so heiss frå Guiditta av Lehár
rolle: Guiditta (nynorsk tekst av Nora Oleanne)
Rushana Brandanger:
How can I sing from a broken heart? (om Maria Callas) av Rushana
tekst: Britt Embry
Gisle Andersen:
Recondita armonia frå Tosca av Puccini
rolle: Cavaradossi
Collegium Musicum alias Collegium Minimum:
As torrents in summer av Elgar
tekst: Henry Wadsworth Longfellow
Nora Oleanne Sårheim:
Sempre libera frå La traviata av Verdi
rolle: La traviata (Violetta)
Hogne Kirkebø:
Avant de quitter ces lieux frå Faust av Gounod
Rolle: Valentin
Alexandra Bobrow:
Milonga en ay menor av Piazzolla
tekst: Horacio Ferrer
Erlend Tvinnereim:
Jeg elsker dig! av Grieg (Fanny Elsta song denne på Troldhaugen 1953)
Tekst: H.C. Andersen (først på tysk, deretter på norsk)
Nadiia Kulesh:
Chotyry voly pasuhya (Чотири воли пасу я)
ukrainsk folkesong/arr. Kos-Anatolsky
Heia in den Bergen! Frå Czardasfyrstinnen av Kalman
rolle: Sylva (tekst på ukrainsk)
4. mai:
Dei yngste songarane er 15 år, medan den eldste nettopp fylte 75: Onsdag 4. mai inviterer vi igjen til OperaPub, med både proffe, studentar og amatørar. Gle deg til filmmusikk, musikalinnslag, romantiske tonar av Schumann – og historia om munken og katten hans. Blant anna!
6. april:
Musetta frå La bohème kjem, saman med andre kjende operafigurar som m.a. Rusalka, Mozarts Cherubino, Wolfram frå Tannhäuser og truleg også ei musikal-heks. Kjem du? 12 songstudentar frå Griegakademiet, København og Manchester stiller – pluss Edvard Grieg Kors huskomponist Tyrone Landau med argentiske tangotonar. Pianist: Tor Erik Seime Pettersen.
Les reportasjen vår frå april-utgåva av OperaPuben, og sjå videoklipp med tenoren Ian Marcus Bjørsvik og sopranen Annika Beinnes, som begge kjem fra Vestlandet, men som no studerer i København: Sangtalent som blomstrer
2. februar:
Elevar frå Edvard Munch videregående skole i Oslo gjestar OperaPuben samen med lokale songarar. Les reportasjen og sjå foto: Årets første ble de unges aften
1. desember:
Ho ho ho! Julespesial! Ellena Hale spelar for solistane. Vi kan bl.a. gle oss til tonar frå Händels Messias, og det går også rykte om at vi får varme oss med finsk tango i lag med Heine & Håkon (Heine Bugge og Håkon Matti Skrede) i løpet av kvelden. Tradisjonen tru er siste innslag høgtideleg allsong med O helga natt og Bernt Bauge som pianist.
3. november:
Vi feirar belcanto-meisteren Bellinis bursdag, og gjer også ære på ein av dei store personlegdomane i operahistoria, nemleg Maria Callas. Mozart er også med, takka vere songstudentar frå Griegakademiet – og vi har også planar om å varme oss i novembermørkret med kjende toner av Schubert. BNOs pianist er Ellena Hale, og i tillegg spelar Herman Lisberg Christoffersen og Knut Christian Jansson.
6. oktober:
Sesongstart og huspremiere – med både lokale og utanlandske songarar, blant andre bassen Jongmin Park frå Wiener Staatsoper og de tre skogsnymfene frå den komande Rusalka-produksjonen i Grieghallen. Vår pianist denne kvelden er Tor Erik Seime Pettersen, og i tillegg spelar også Ahmad Hedar og Mai Goto.
Fotoserie frå huspremieren 6. oktober 2021, med blant andre Mari Eriksmoen, Jongmin Park, Rushana Brandanger og pianistane Tor Erik Seime Pettersen og Ahmad Hedar:
Relaterte nyheter

Årets første ble de unges aften
Fullt hus på årets første OperaPub og veldig fint besøk fra Edvard Munch videregående skole i Oslo!
Medvirkende

Tor Erik Seime Pettersen
Pianist 6. oktober og 6. april

Ellena Hale
Pianist fra 3. november
Samtlige spilledatoer
Kulturhuset - Festspill-spesial! Gratis inngang Gratis inngang