Er du ung repetitør? (Akademiet 2022)
Vi søkjer unge repetitørar til Sommarakademiet Opera ved fjorden 25. juni - 2. juli. Søknadsfrist 1. mars 2022.
KORLEIS SØKJER DU
Vi tilbyr plass til 2 repetitørar.
Du skal fylle ut dette søknadsskjemaet:
https://forms.office.com/r/Td8ygzpfQT
I søknadsskjemaet legg du lenker til 1-2 videoopptak, pluss lenke til CV.
Merk at alle som søkjer på sommarakademiet må betale eit søknadsgebyr på NOK 300 via Vipps til Bergen Nasjonale Opera nr 132655 eller PayPal (direkte lenke) når dei sender inn søknaden. Jf. eige punkt i søknadsskjemaet.
OM VIDEOANE
Merk at vi berre vil ha klikkbare og ikkje passord-beskytta lenker som fører direkte til ein video du har spelt inn, og deretter lasta opp på YouTube eller liknande. Du kan altså IKKJE leggje ved video-filer som må lastast ned.
OPERA VED FJORDEN 2022
Bergen Nasjonale Opera gjentar suksessen frå pilotprosjektet i fjor, og arrangerer no eit nytt og større sommarakademi laurdag 25. juni – laurdag 2. juli 2022, som blir avslutta med ein konsert i Oseana kunst- og kulturhus 2. juli. Songarane, dirigentane og repetitørane startar kurset 25. juni, medan musikarane i akademiorkesteret startar litt seinare, dvs 28. Juni.
I år jobbar vi spesielt med einaktaren Gianni Schicchi av Puccini saman med regissøren Ivar Tindberg, men også med ulike song-ensemble og sjølvvalde ariar.
Bergen Nasjonale Operas sommarakademi rettar seg mot unge songarar, orkestermusikarar, dirigentar og repetitørar som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna. Du som deltar får arbeide med dyktige pedagogar, coachar, orkestermusikarar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus eller symfoniorkester verda over.
Det spesielle med vårt akademi er at songarane får synge med orkester, både scenisk og som konsertsongarar. Undervisninga blir sett inn i ein større samanheng der fleire sider enn det reint vokale blir berørt.
KUNSTNERISK TEAM
Kunstnerisk leiing:
Eivind Gullberg Jensen, operasjef for Bergen Nasjonale Opera og sjefdirigent for Noord Nederlands Orkest
Sascha Goetzel, påtroppande kunstnerisk leiar for Orchestre National des Pays de la Loire og National Youth Orchestra of Canada, og første gjestedirigent for Sofia Filharmoniske Orkester
Vokalpedagogar:
Solveig Kringlebotn, sopran og professor i song ved Operahøgskolen og Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo
Michael Schade, tenor og professor ved Universität für Musik und darstellende Kunst i Wien
Kristin Okerlund, pianist og vocal coach frå Wiener Staatsoper
Hans-Otto Ehrström, pianist og vocal coach frå Finlands nasjonalopera i Helsinki
TID OG STAD
Dato:
25. juni – 2. juli
Kurs- og konsertstad: Oseana kunst- og kultursenter, sør for Bergen
Overnatting: Veteranbåten M/S Sunnhordland. Med kort gangavstand til Oseana.
Avslutningskonserten blir kl 18:00 laurdag 2. juli
Det er mogeleg å overnatte til søndag 3. juli, med frukost før avreise.
ALDERSGRENSE OG DELTAKARAVGIFT
Alder for repetitørar: 18-35 år
Deltakaravgift: NOK 4500 (dele lugar) / NOK 7500 (åleine på lugar)
Inkluderer all undervisning, overnatting og tre måltid per dag.
Merk at talet på enkeltlugarar er begrensa, så alle er ikkje garantert enkeltlugar.
OPPTAK OG STØTTEORDNINGAR
Det finst ulike økonomiske støtteordningar både nasjonalt og regionalt, så sjekk for eksempel hos Kulturrådet, og hos kulturavdelinga i kommunen din.
Har du spørsmål om akademiet? Kontakt nicolai(AT)bno.no
Opera ved fjorden - Sommarakademi blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DnB, Talent Norge, Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest og GC Rieber Fondene.
Med atterhald om endringar, også pga korona-situasjonen.